2012
17.mai i Eresfjord
| Bunad og is og god stemning på trappa ved Eresfjord
Samfunnshus Meir om 17.mai her |
Snev av vår ved Eikesdalsvatnet
| Ettermiddags-sola vermer. Her ved Kvennhjellen ved
Eikesdalsvatnet. |
Eventyrlege forhold på Kalvgjeltinden
| Endeleg vart det ein fin dag med sol ! Og veldige gode
snøforhold. Mens det var ein skokk med folk både på Kvitfjellet og
på Jamtetinden var eg heilt plett mo aleine på Kalvgjeltinden.
Kunne derfor sette min eigen jomfruelege signatur i snøen på veg
ned igjen. Ikkje eit einaste anna spor ! For ein dag ! Her er utsikta frå toppen. Vi ser mot Vasstindane, Kjøvskardtinden og Kirketaket. Vi ser Vasstindbu som ein liten prikk i skaret midt på bildet. |
Knallsuksess med Familiedag i Kanndalen
| Rundt 150 personar med smått og stort tok turen til Kanndalen i Ersfjord påskeaften. Her er tre blide barn etter målgang. Les mere om Familiedagen i Kanndalen her. |
Antrekk gammel stil ?
Skjortarennet
går påskeaften laurdag 7. april. Og Eresfjord Bygdelag sammen
med Vårsol 4H utfordrer folket til å stille opp i "gammel stil" .
Det kan for eksempel vere Spitz of Norway, Quinto eller rett og
slett skiantrekk frå andre tidsepoker.Denne muntre gjengen med Unni Reitan, Bente M. Lervold, Hege Jøstad og Tove Krogset sender utfordringa vidare.
Her er det berre å bruke fantasien og still opp i det du vil !
| Tilbake til Skjortarennet. |
Mange isklatrere i området i vinter
Området i Eresfjord og Eikesdal har vorte ganske populær for isklatrere. Både norske og utenlandske har vore på besøk i vinter. Her er eit bilde frå islinjene på andre sia av fjorden for Prestneset i Eidsvåg. Nærmare bestemt i fjellpartiet utanfor Erneset.Fleire bilder finn du her.
Svarttinden
22/1-12: Det er berre å slå fast nok ein gong, ein skitur opp til Svarttinden (1094 moh) i Vistdal er utruleg flott. Start på Nerland og følg skogsvegane oppover. I dette området er du også meir i le for eventuell søraust vind. Lett og fint terrneg å gå i.| Frå toppen av med utsyn over Vistdal. |
| Lav, men idyllisk januarsol. Vis er Sultind, Kalvgjeltind,
Kjøvskardtind, Kyrkjetaket, Klauva og Blåfjellet. |
GODT NYTT ÅR !
Jamtetind 31/12-2011Som vanleg frisk vind på toppen av Jamtetind (1101 moh). Men ellers fenomenale gode forhold med 60 cm puddersnø. Fjella smiler til deg under slike forhold. Her ser vi Bjarte Rød (tv.) Kurt Asle Arvesen og Emil, pluss Jørund Rasten Leirvoll. Foto: BMØ
Orkanen Dagmar
Jula 2011: Store skadar også i Eresfjord etter orkanen Dagmar sine herjingar. Verkstedbygninga ved Kavli Moen Gård vart totalskadd. Fleire bilder her.GOD JUL frå Jamtetind
20/12-11 Nok ein gong fenomenale flotte fohold på Jamtetind i Eresfjord. Rett nok ein og anna stein som kan overraske, men pudder og hærleg skikøyring ned att. Her ser vi Bjarte Rød (tv) og Magnus Øverås klar for nedfart. Foto: BMØMåneskin over lysløypa
| 7/12-11: Eventyrlege flotte forhold rundt lysløypa på
Lomstjønna i Eresfjord. Det er meir enn nok snø og flotte forhold
med gode spor i løypa. |
|
|
3/9-11
Kavli Moen Gård offisielt åpna
Laurdag 3.september var det offisiell åpning av Kavli Moen Gård i Eresfjord. Det var Fred Kavli sjølv som stod for åpninga. Milliardæren, som bur i USA, har brukt meir enn 30 millionar kroner på å restaurere bygningar og bygge opp barndomsgården til ein hærskapelig gjestegård. Gården har Fred Kavli gitt stiftelsen ansvaret for å drive og forvalte. På den måten har Fred Kavli ment at gjestegården skal være lokalsamfunnets eigedom.Les meir her.
Haustleg i fjellet
24/8-11| Frå Kvitfjellet med utsyn over Eresfjord. |
| Melkallen i Håndedalen med Melkallvatna. Kjøvskardtind t.v
bak. |
Eresfjord Classic fredag 15.juli kl.18.00
....og selvfølgelig kommer Kurt Asle Arvesen. Han forventer også at mange andre kommer både for å delta og for å heie i dette show-rittet ! Start på Coop Eresfjord og målgang på Fjellgarden på Vistdalsfjellet 500 moh.Ingen grunn til å nøle med melde seg på til johnbeyer@online.no
Og Mini-classic
som vart arrangert laurdag 16/7: LES MEIR HER| 24 unge deltakere under Eresfjord Mini-Classic. Her ved målgang
sammen med Kurt Asle Arvesen. |
Suksess med Skjortadagen
Tilsammen var det 55 personar som kom seg til topps på Skjorta
(1711 moh) påskeaften 23/4-11.Her er det to utruleg godt fornøgde damer på toppen!
Meir om Skjortadagen her.
Folksomt også på Sjøvdøla
Langfredag i påska var det også mange som la turen til Sjøvdøla. I overkant av 25 personar, vil eg tippe.Påsketeater Boeing Boeing ...
Vellukka framføring palmehelga. Bilder og meir her...Snev av vårstemning !
| Goksøyra er like majestetisk uansett årstid. |
| Eira førebur seg på snøsmelting og auka vassføring. |
|
12/2-11 Frå Kvitfjellet - i februar-lys !
|
| Kaldt og flott
vinterver ! Her frå toppen av Kvitfjellet (1381 moh ) i
Eresfjord. Vi ser rett vestover mot Melkallen (heilt til venstre.)
Deretter Kjøvskardtinden og Vasstindane. Håndedalen nede i
skyggen. Start frå Fjellgarden (høgaste punktet over Vistdalsfjellet) og gå opp på Uglehauagen og vidare sørover Sela og til Kvitfjellet. Dette er ein av dei flottaste turane du kan ta i dette området ! Nedrenninga i den vestvendte snøsida ned mot Håndedalen har ofte snø som ikkje er så vindbearbeidd som mange andre stader i samme området. Dette er rett og slett ein fenomenal flott tur ! |
Vinter og lav sol !
| Livsglede på
Jamtetinden Rett og slett vakkert var det på toppen denne dagen. Uvanleg stille, berre ein liten iskald trekk. Magisk blir det i tllegg når sola sender inn sine lave strålar og lyser opp tindar som Skjorta og Ryssdalsnebba. Skiføret var også bra, i alle fall over skoggrensa. Litt brøtføre lenger ned. |
Julebukk på Brandeinan
| Tredje juledag banka det hardt på døra. Jau då. Det var julebukkar som kom på besøk. Tre unge og blide. Dei sang til og med. Før dei fortsatte på si juleferd, fekk dei fyllt opp sekken med litt julegodteri. Kjekt med slikt besøk ! GOD JUL ! |
16/12-10
Knallgod juleavslutning sammen med kulturskulen !
| KIZZ var av dei innslaga under Eresfjord skule si
juleavslutning som sjarmerte publikum i Eresfjord Samfunnshus
. Sjå meir her. |
|
17/12-10
Kavli Moen Gård
23/10-10
Sti-kartprosjekt
|
Kommunevekstprogrammet i Nesset inviterer bygdene til eit sti-og kartprosjekt. Formål: Lage og merke stiar slik at både fastbuande og besøkande enkelt kan orientere seg og finne fram. Kart og /eller kartblad samt at dette skal vere tilgjengeleg via web /internett er også eit mål. |
![]() |
| Røndølskarsvatnet. |
21/10-10:
Sesongstart på ski til Jamtetind
![]() |
|
Hærleg på Jamtetind ! Da er skisesongen igong. Ikkje all verdens mengder med snø. Men over tregrensa var det ca 1/2 meter. I skogen gjekk det derfor mildt sagt over stokk og stein. Uansett; det er godt å vere igong ! |
9/10-10
Hytta / kvilebua på Blåfjellet
![]() |
|
Hytteeierforeninga på Meisalfjellet og dei mange andre ivrige entusiastane bak hytta / kvilebua på Blåfjellet (1192 moh) er snart ferdig med prosjektet. Og resultatet er rett og slett imponerande ! Hit bør du ta turen. Med utgangspunkt Meisalvatnet (613 moh) følgjer du merka sti sørover forbi Kvendsetvatnet og vidare opp i Sandvikskaret (804 moh) . Vidare opp nordryggen til Blåfjellet. Her har det allereie vorte eit bra tråkk. Innan eit par timars gåing er du oppe. |
29/9-10
Eikesdalsvatnet
Blikkstille og sylklår haustluft. Saue/bækresanking stod på dagsorden. Men det vart også ein fenomenal fin tur.
![]() |
|
Arild Karijord ser utover Eikesdalsvatnet. Hoem nede til venstre. Vike til høgre. Bildet er tatt i ca 800 meters høgde oppe i Hoemtinden. Alle foto: Bjørn M. Øverås |
25/9-10
Ufatteleg flott haustver !
![]() |
| Frå Trolltind og utsikt mot Ryssdalsnebba. Vi ser litt av Frusalvatnet. Kanndalen nede til høgre. |
![]() |
| Haust-idyll ved Trollbotn. Vi ser Ryssdalsnebba og Frusalen. |
![]() |
| Nysnø og haustfarga lyng. Vi er på ryggen nord for Jamtetinden. I bakgrunnen Utkleiva og Stranddalen. |
![]() |
| Frå Hesthaugtinen med utsikt mot Håndedalen. Vi ser litt av Kjøvvatnet og Kirketaket lenger bak. |
8/9-10
ERESFJORD
Dette er bygda multimiliardæren Fred Kavli snakker om, ref Romsdals Budstikke om den store prisutdelinga av Kavliprisen i Oslo Konserthus tirsdag 7.september -10.
Her er meir om prisutdeling lagt ut på Nesset kommune sine heimesider.
![]() |
| Eresfjord sett frå Røndølskaret. Eikesdalsvatnet nærmast og
monumentet Goksøyra beint fram. |
1/9-10
Bjørnsonspelet på Nesset Prestegard:
|
Regnet holdt seg unna og "Her vokste mine inntrykk" kunne endeleg framførast i på utescena på Nesset Prestegard. Ikkje langt unna 400 personar såg spelet som hadde 20 innslag med ei blanding av sang, musikk og aktørar som alle viste utdrag og dramatiseringar av Bjørnsontekster. Oppsettinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Bjørnsonfestivalen i Nesset, amatørskuespelarar frå Eidsvåg og Eresfjord, skulebarn og lærarar , Eidsvåg Songlag, musikere frå fleire kulturskular og Møremusikarane. |
![]() |
29/8-10
Kongebesøket på Nesset prestegard
|
Stor stas og god stemning da Kong Harald besøkte prestegarden. Her ser vi Kong Harald saman med Fylkesmann Lodve Solholm og ordførar Rolf Jonas Hurlen. Fleire bilder frå Kongebesøket her. |
![]() |
******************************************************************************************
18/8-10
Sommar også i fjellet ... undrer meg på !

Frå Prestaksla (609 moh) med utsikt innover mot Eresfjord. Skjorta og Goksøyra er dei mest markerte fjella.

Dette er frå utløpet ved Stranddalsvatnet (938 moh). Ryssdalsnebba, Frusalen og Skjorta bak.
*******************************************************************************************Mardøla-aksjonen 40 år etter !
|
Søndag 20. juni var det markering av at det er 40 år sia striden om Mardalsfossen spissa seg til med aksjon og sivil ulydigheit i Sandgrovbotnen. Desse augustdagane i 1970 vart nok meir spennande og dramataisk enn nokon kunne ane. Klikk på linken til venstre eller her. 2o juni "opnar" også Mardalsfossen sitt sommarslepp. Det varer kvart år fram til 20. august. Her kan du lese litt meri om bakgrunnen for Mardøla-aksjonen |
![]() |
Slik var det 17.mai på prestegarden
Toget frå "indre" starta ved Buggetunnelen og møtte det andre toget frå "ytre" på Nesset prestegard. Dei fleste hadde sitt første møte med den nye Fjøsen på prestgarden. Her var det godt å få varme seg litt. Ute-tempen var ikkje meir enn akkurat nok !
Edvard Hoem heldt dagens tale. Som bilda viser var det mykje folk og god stemning !
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
*******************************************************************************************
17.mai i Eresfjord (2010)
Årets 17.mai i Eresfjord blir delt i to:
I detalj blir det slik Kl.09.00: Buss ( 2 stk) frå Coop Eresfjord som går til Ut-Bugge Kl.09.30: Oppstilling til tog på Ut-Bugge (Parkering av privatbilder på anvist plass) Kl. 10.00: Toget starter og går til Nesset Prestegard Her blir det variert program med blant anna: Eresfjord Musikklag og Nesset skolekorps, Felleskor barnehagene og småskolene i kommunen, tale for dagen ved Edvard Hoem , Felleskor mellomtrinnene og ungdomstrinnene i kommunen, Eidsvåg songlag, andakt og allsang. Det blir ymse aktivitetar som: Matsal, rømmegraut, leikar i tunet, film, kafe og utstillingar NRK skal vere tilstades med direktesendingar. Kl. 13.00 Retur med buss til Coop Eresfjord |
![]() |
Lokalt i Eresfjord blir det omlag slik: Coop Eresfjord
Ca kl. 14.00
|
|
*******************************************************************************************
25/4-10:
Blåskjell på Hundneset
Millionvis av flotte blåskjell på Hundneset. Men obs; dei er giftige !
Årsak: Alexandrium langt over faregrensen, ref Mattilsynet.
![]() |
![]() |
|
| Utrulege mengder med blåskjell ! |
Fine rosetter med blåskjell. |
7/4-10:
Velkomen
til Eresfjord si nye heimeside.
|
Den forrige var enkel og grei i starten. Men etter kvart svært uryddig og vanskeleg å finne fram i. Denne nye håper eg skal vere informativ og nyttig. Klikk i veg og lykke til ! Bjørn Magne Øverås |
![]() |
























