Om Bergebruse

Juni/Juli-16:Ved Ågotthammaren på Eikesdalsvegen stod Bergebrusa i full blomst i slutten av juni. Heile fjellveggen var dekt av eit hundretal med denne vakre og spesielle planta

Bergebruse ( Saxifraga Cotyledon )

Juni/juli-16: Ågotthammaren på Eikesdalsvegen var i 2016 pynta med eit stort antal av Bergebruse. Den tilhøyrer sildrefamilien og har mange andre namn. Blant anna Fjelldronning, Bergfrue og Berglilja. I følgje Ove Arbo Høeg (Planter og tradisjon) er Bergebruse det genuine namnet i området vårt her i Eresfjord og Eikesdal. Det samme i Aure, Rindal, Stangvik, Straumsnes, Surnadal og Tingvoll.
I tillegg til at Bergebruse er ein utruleg vakker blomst er den også spesiell med at den ikkje blomstrer kvart år. Det som skjer er at etter frøsettinga frå blomsteren så dør planta. Men rosetten som den springer ut fra danner med ein gong nye rosetter på korte utløpere. Og det tar nokre år før planta er stor nok til å blomstre igjen. Ja enkelte hevdar at det kan ta mellom 7-10 år før planta blomster.
Fjellskjæringa ved Ågotthammaren på Eikesdalsvegen er nappsatt med Bergebruse i år. Tydelegvis trivst denne planta svært godt i denne solrike og sprengte vegskjæringa. Den setter sine rosetter så og seie rett ut fra sprekker i fjellet. Utruleg vakkert.
Den staselege Bergebrusa kan bli opp til ein halv meter lang.
Bergebrusa er ein vakker blomst.