Orkanen Dagmar

Orkanen Dagmar tok hardt for seg også i Eresfjord, seint om kvelden 1.juledag 2011.
Dei største materielle skadane ser ut til å vere på verkstedbygninga til Kavli Moen Gård.
Også delar av fjøstaket ved Moen Kavli Gård vart reve av i orkankastet.
På Nerås var fleire av dei store tuntrea reve av.
På Nerås. Her var det berre rein flaks at huset ikkje vart treft av det store tuntreet.
På Nerås. I tillegg til trevelta vart fleire frontruter på traktorer og bilar knust. Samt delar av fjøstak.
Vegen inn til Meringdal var sperra av fleire tre.
I småbåthamna i Paulen var heldigvis ikkje skadane så store. Moloen er ein del utvaska og det ligg store mengder med rakved.
Ein av båtane i Paulen hadde kasta seg rundt og hengt seg opp på denne måten.
Vegen i Boggestranda er fleire stader vaska vekk av bølger og sjø.