Bækre-sanking

Kvar sommar blir det sleppt bækrar på Homesetra ved Eikesdalsvatnet. Dei "et" seg oppover den bratte lia under Hoemtinden / Breifonntinden langs Breifonna. Nokre går over ryggen og i botn på sørsida av Hoemtinden. Nokre få andre kryssar seg over til Rangåløyfta og trivs godt i dei stupbratte liene og fjellkknausane der.
Her går bækrene i lag med både hjort og reinsdyrbukkar.
Ikkje alltid like greitt å få ned att "bækkersauene" i desse bratte liene. Her er nokre bildeglimt frå sankinga hausten 2016.
Klikk for større bilder.

I den store botnen rett sør for Hoemtinden.
Harald Wahlstrøm loser sauebækrene trygt og roleg nedover ryggen. Vikesaksa bak.
For å kome til Rangåskardet kan det vere like greitt å gå frå Mardalsbotn. Her ser vi ned på Inste Haudukvatnet. Kvanndalstind og Store Vengetind lenger bak.
Midtfonndtind (tv), Spikrottinden/Auståvindhøa, Ogåttind og Bjørktind sett frå botnen sør for Hoemtinden på vestsia av Eikesdalvatnet. Harald Wahlstrøm og Iver Gjelstenli klagar ikkje i det fine haustveret.
Like før det brattnar til ned mot Eikesdalsvatnet. Vike til venstre og Øvre Vike til høgre.
.
Reinsdyrbukkar rett under nordsia av Rangåtind.
Bækrene er endeleg nede ved Eikesdalsvatnet
Da er det klart for båtskyss over til "fatstlandet".
.
.


Nesset Sparebank















Heimesider for Eresfjord.
Kontakt: post@eresfjord.no

Bjørn M. Øverås