Is-linjene

Her er ei grov oversikt over noen av islinjene i Eresfjord og Eikesdal.

Vi starter med Eikesdal

 Mardalsfossen

Rute nr. 18/ 23 ( 6 + 5 tl , 60 m tau)

Består av 2 hovedfall. Nedre del er sjelden heilt tilfrose. Men her kan det bli ein gigantisk "istapp", kanskje 70-80 meter høg. Men det er meir vanleg at det danner seg is på høgre sia av denne, det vi kallar Stormtrakta. Under gode forhold kan du klatre Stormtrakta og traversere inn til venstre over den store istappen.

Øvre fall er 300 meter høg. Her er det vanlegvis ein stor overhengande skavl i toppen.

For å kome deg opp i gryta mellom fossene og du ikkje kan/vil klatre Stormtrakta, kan du følgje snø-og isrennene til høgre og traversere inn til venstre på snøfelta.

Look at more pictures from climbing in Mardalsfosen




Frå Stormtrakta (nedre fall) og traversen inn over hovedsøyla. (mars-11) Foto: Joakim G. Eide

Yste Mardøla

Rute nr. 20 ( 9 tl )

Ligger i Mardalen i Eikesdal og er ei flott linje til høgre for Mardalsfossen.

Her er det gode forhold og is nesten kvart år.
Alternativ retur i forhold til abalakov er å gå opp i retning demninga ved Nedre Mardalsvatn og krysse over til høgre ( Mardalshalsen ) og ned Martinskåra.

 Tyvikgrova

Rute nr. 28 ( 5 tl )

Ligger ved grustaket akkurat rett før du kjem til Vertshuset/butikken i Eikesdal.
Relativ kort anmarsj. Følg først traktorveg og deretter opp skogen til innsteget.

NB! Som så mange andre renner og gjel kan det vere rasfare her.

Rangåa

Rute nr. 36 ( 10 tl )

Ligger på austsida av "sentrum" i Eikesdal.
Linja er delt i to. Først ca 5-6 taulengder. Deretter diagonal snø-og isrenne før du avslutter med siste del av isen. Der er det 2 variantar, ein høgre-og ein venstrevariant.
Linja ender heilt på toppen av fjellet i ca 1000 meter høyde.

Retur via abalakov.

Her ser du nedre del av denne flotte islina.
NB ! Dette er ei rasrenne !


Øvre del. med dei to variantane i toppen.














Foto : ? Oppigard.

Kaffiberget - Den flyvende øks

 Rute nr. 30 ( 6-7 tl )

Ligger ved Litjvatnet i Eikesdal.
Under anmars er det tryggeste å krysse elva Aura litt lenger sør, for deretter å følgje strandkanten langs vatnet. Under trygge isforhold på vatnet kan du spasere rett over Litjvatnet.

Enkel retur via Kaffiberget og ned Kjøtåryggen (ein tydeleg rygg rett sør for denn islinja )





















Her er øvre del av islinja. Du ser folk på isen.

Dobbel espresso

Rute nr. 35 ( 7 tl )

Ligger ved Litjvatnet i Eikesdal. Samme anmarsj som for rute 30.
Islinja ligger til vesntre for Kaffiberget - Den flyvende øks.

Retur som for rute 30, ned Kjøtåryggen.


Kjøtåa - Biff ala Turid

Rute nr. 34 ( 4 tl )

Ligger på Sæter i Eikesdal, til høgre for Kjøtåryggen.
Anmarsj opp Kjøtåryggen eit lite stykkje, deretter skrår du inn i renna og følgjer denne opp til innsteget.

Retur via Kjøtåryggen.

Her er ei oversikt over alle 3 rutene.

Frå venstre Dobbel espresso.
Deretter Kaffiberget - den flyvende øks.
Til høgre Kjøtåa - Biff ala Turid.

Returvegen, Kjøtåryggen ser du midt på bildet.

Kvennjabekken

Rute nr. 42 (4 tl )

Ligger mellom Sæter og Finnset i Eikesdal, på austsida av dalen.
Rett på andre sia av dalen der vegen går nærmast elva.
Enkel anmars frå hovedvegen og over elva.

Kvennjabekken er linja til høgre på bildet. Også kalla Kornkammeret.

Julenøtt

Rute nr. 44 ( 7 tl )

Ligger mellom Sæter og Finnset i Eikesdal, på austsida av dalen.
Parker ved det vesle einslege huset (gammelskulen på Sæter ) og kryss rett over elva.

Retur via abalakov.

















Brudesløret

Rute nr. 32 ( 10 tl)

Ligger innom Finnset i Eikesdal, nesten så langt som du kan komme.
Anmars frå Finnset langs flat skogsveg.

Seint på vinteren kjem det sol på fossen slik at isen har lett for å tørke opp.

Retur via abalakov.




Amours Pil

Rute nr 37

Ligger innom Finnset i Eikesdal. Like nord for rute 32 (Brudesløret)
Samme anmars som for Brudesløret.
Retur via abalakov.


På dette bildet ser vi Amours Pil til venstre.
Brudesløret til høgre.

Aurstaupet ligg enda leger inn.



Aurstaupet

Rute nr. 43 ( 2 tl )

Ligger innom Finnset i Eikesdal. Anmars som for Amours Pil og Brudesløret, berre enda lenger inn. Ja så langt som du kan gå.

Retur via abalakov.


Moaksla , Høvlå og

Tverrgrova

Rute nr. 26, 24 og 25.

Ligger mellom Sæter og Finnset i Eikesdal.
På vestsida av dalen, på flata ved det einslege huset, ligger det fleire islinjer.

Retur via abalov eller ned lia mellom islinjene.

Moaksla lengst til venstre på bildet.
I samme området som Moaksla ligger
Høvlåa (lengst til venstre på bildet.)
Til høgre ser vi Tverrgrova.



Leggpump og

Finnsetrenna

Rute nr. 39 og 22

Ligger innom Finnset i Eikesdal. Før du kjem til Amours Pil og Brudesløret.
Anmarsj langs skogsveg frå Finnset, samme som før Brudesløret.

Linja til venstre er Leggpump.
Finnsetrenna er pila midt på bildet.

 Oddis

Rute nr 46 , 2 tl
Ligger innom Finnset i Eikesdal. Mellom Amors Pil og Finnsetrenna.
Starter rett over skoggrensa. Sjå bilde over, pila lengst til høgre.
Anmarsj langs skogsveg frå Finnset. Deretter opp skogen.
Retur med abalakov.

Tynn Spinndrift

Rute nr.47, 6-7 tl
Ligger innom Finnset i Eikesdal, ca 100 meter til venstre for Oddis.
Linja går heilt til toppen av fjellet.
Anmarsj som for Oddis.
Retur med abalakov og rapell frå trær.
































Breimega

Rute nr. 31 (ca 400 meter)

Ligger på Finnset i Eikesdal.
Parker ved brua på Finnset og spaser ca 150 meter opp til foten av fossen.

Kan ligge ein del snø på denne slakke linja.

Retur via skogen på høgre sia sett nedanfrå.









... oversikt over fleire linjer kjem etter kvart !

Inste Strandkolvfossen

Rute nr. 33 ( 80 m)

Ligger på høgre sida rett under den store veggen under Strandkolvet.
Også kalla Katthammaren, fjellet som det er mykje BASE-hopping fra.

Parker ved avkøyrsel på vegen rett nedom. Følg skog og ur opp til innsteget. Retur via abalakov.
















Bratt og fin is ut frå 1.standplass i ei lita ishule.

Yste Strandkolvfossen

Rute nr. 28 ( 3 tl )
Ligger til venstre under Strandkolvet ved Eikesdalsvatnet.
Nesten samme anmarsj som for rute nr. 33, men lenger til venstre.

Er delt i tre. Første del fin og jamn klatring. Deretter eit slakkare parti med is og snø. Siste del eit forholdsvis kort opptak inne i eit gjel.

Retur enten via abalakov eller du kan følgje det flotte og breie gjelet viadre oppover. Deretter inn til høgre for å følgje bratt skog ned. Du må uansett avslutte med ein rapell.






















3. og siste taulengde.


Bjørktindfossen

Rute nr. 27 ( 3 tl )

Ligger i gjelet som ligger lengst nord ( til venstre) under Bjørktinden ved Eikesdalsvatnet.
Parker ved avkøyrsel på vegen. Relativ kort anmarsj opp til fossen.

Retur via abalakov.





Bjørkskardfossen

Rute nr. 48 ( 2 tl)

Ligger ved Eikesdalsvatnet i Bjørkskardet.
Parker ved avkøyrsel der det er skilta sti for BASE-hopparar til Strandkolvet/Katthammaren.
Følg stien opp til 350 moh (ei stor markert tolle) Ta derifra ned i snørenna og følg denne heilt opp til innsteget 750 moh.
NB! Dette er er rasrenne.

Retur samme veg ned.





























Draumen om Ågot , Ogåttind

Rute nr. 41 ( 6 tl + soloering)
Denne fantastiske linja er i venstre del av veggen under Ogåttind ved Eikesdalsvatnet. Ender i eit tak i eit smalt gjel. Rødt strek markerer linja.


Parker på ei avkøyrsle på vegen. Anmars opp skog og ur.
Starter i skoggrensa. Deretter soloering opp til neste isformasjon.

Linja forsvinn opp og inn til høgre. Sjå neste bilde under.

Retur via abalakov.



























Islinja ender i det smale gjelet oppunder eit tak


















Fagerbotnfossen

Rute nr. 21 ( 5 tl )

Parker ved Vikesetra ved Eikesdalsvatnet.

Start ved skiltet Fagerbotn. Og følg sti og tråkk langt oppover. Kryss over mot høgre og over elveleiet. Hald også etter dette svakt opp mot høgre. Etter kvart ser du islinja.









Her er den øverste og brattaste delen av fossen.

Retur er enklast ved å følgje ryggen på nordre/venstre side av fossen. Her går det bratt sti om sommaren.



















Is a la Bjørg Anne

Rute nr 61, 3 tl + utsteg
Denne fossen er ein del av Vike-elva som kjem ned på Vike

Parker på Vike ved Eikesdalsvatnet. Følg traktorvegen opp til 2 hytter. Gå gjennom grind og følg turiststien opp lia. Etter passering av furu med bok-kasse ved Løsletta, ta av ut til venstre og hold høgda gjennom bjørkaskog. Etter kvart vil du sjå toppen av fossen. Gå ned langs skråninga/ryggen og følg elva opp til foten av fossen.

Det er ca 120 meter med is. Deretter er det flott å følgje elvegjelet videre opp langs snø/is/fjell eit par taulengder før du topper ut.