22.januar 2016: Mardalsfossen hadde besøk.

Les meir her.

10.januar-2016:Status isforhold Eikesdal

10/1-16: Ingen feite islinjer i området Eresfjord og Eikesdal per i dag. Men det er fleire islinjer som er klatrebar. F.eks Tyvikgrova i Eikedal (rute nr.28), sjå bildet. Dette er ellers typisk, snøfritt til langt over skogrensa.
Andre linjer som er klare for besøk er Fagerbotnfossen (nr21), Bjørktindfossen (nr 27), Ytste Strandkolvisen (nr 28), Høvlå (nr 24) , Moaksla (nr 25).
Vermeldingane tyder at det vil halde seg kaldt også i veka framover. Dermed vil forholda bedre seg slik at det blir enda meir is.
Alle linjer bær preg av fersk is, derfor ein god del istapper i bratte parti og tynt i slakkere terreng.

Status IS ---- 15.februar 2015:
Vedvarande mildver med sterk vind har tært sterkt på isforholda i Eikesdal. Fleire stader har isen rett og slett ramla ned. Horisontale bruddkanter på fleire av islinjene. Blant anna Ytste Mardøla. Kjøtåa (bildet under) er også sterkt redusert og har vorte kvit.
Meir mildver og regn er i vente. Derfor tvilsomt om det i det heile blir klatrebar is i Eikesdal denne vinteren.
Einaste unnataket er øvre fall på Mardalsfossen som faktisk har klatrebar is.

16. Januar 2015:

Kjøtåa er klatrebar

Per 16.januar 2015 er isforholda i Eikedsal ikkje dei beste.
Men Kjøtåa, rute nr.34, ved Litjvatnet er klatrebar.

Ellers er det temmeleg tynne greier !

Men muleg at Brudesløret (32) har nok is. Her er det nederste del som ofte kan vere i tynnaste laget med is.

Enda lenger innom Finnset ligger Fifty Dollar Kingcrab. Også is i den omlag slik bildet frå februar i 2014 viser, sjå lenger ned.

Ellers: Øvre fall i Mardalsfossen
(nr 23) er tilfrose og har is som er kltarebar om du ikkje er for kresen.


















Bildet under ser du Kjøtåa med Kjøtåryggen til venstre. Fin adkomst både opp og ned.
.
Mardalsfossen med sitt øvre fall slik det var 16.januar 2015.

14.feb 2014: Minst fire lag på isklatring

Helga 14-16.februar var det stor aktivitet med isklatring i Eikesdal. Både norske og italienske.

Vaktmesteren observerte i alle fall 4 forskjellige lag.
Både Yste og Inste Strandkolvfossen (nr 28 og 33). Pluss Brannstasjonsfossen (19). Også på Moaksla (25) ved Sæter var det folk.
På tross av sterk vind og mange plussgrader i lengre tid held isen seg altså utrileg bra. Men ein del linjer er i ferd med å tørke bort og falle ned.

Til høgre: Frå Inste Strandkolvfossen.
Klikk for litt større bilde.

Her er fleire bilder:

Inste Strandkolvfossen (2)

Yste Strandkolvfossen

Brannstasjonsfossen

Moaksla




Fifty Dollar King Crab

Eikesdal 2/2-2014:
The ice conditions in Eikesdal is quit good for the time.
If anyone would try to climb Fifty Dollar King Crab (route nr. 57) you are welcome !


And Mardalsfossen (nr.23) can also be climbed.
Not so much ice, and thats why it is some difficult passages.

Kaffiberget / Den flyvende øks,( nr.30)
can bli climbed.

There is also a lot of other ice-routes where the conditions is good.
Include som alpine lines with bot ice and snow-gullies.



18.jan. 2014: Brukbare isforhold i Eikesdal

Dei siste 14 dagane har isforholda i Eikesdal vorte betydeleg betre. Mardalsfossen (øvre fall) er blant anna klatrebar om du ikkje er av den kresne sorten!
Også Yste Mardøla er det klatrebar is. Sjå bilde under.


Per 30.jan-14:
Sida 18.januar har det klabba på seg med is i Eikesdal.
Det er med andre ord enda fleire linjer som kan klatres.






Yste Mardøla per 18.januar -14.

Andre islinjer som det også er klatrebar is i er f.eksempel Tyvikgrova, rute 29, begge islinjene under Strandkolvet, rute 28 og 33. Det same gjelder Fagerbotnisen, rute 21.


I Vikelia er det også is i fossen i Vike-elva høgt oppe i lia, rute 61. Her er det også andre linjer oppunder foten av Vikesaksa som er klatrebare !

Derfor: God tur !

4.jan 2014:Uvanlig lite is i Eikesdal


Slik ser det ut ved Litjvatnet i Eikesdal. Dobbel Espresso (35) og Kaffiberget, Den flygende øks (30) er ikkje mykje å skryte av.
Tørt vær med søraust og mildver er årsaka.
Men det er enno tidleg vinter - plutseleg kan det slå om !
Likevel, det har vore fine forhold litt høgare oppe for turar på snø i renner og bratte lier med stegjarn og isøks. Fast, hard og delvis glasert skare.

12 og 14/3-2013: Polakker med nye ruter på Goksøyra

Ei gruppe polske klatrere har vore i Eresfjord i 3 veker. Dei har blant anna klatra 2 nye ruter på Goksøyra. Den eine er fortsettelsen på Wet Dream som 3 finnar klatra tidlegare i vinter. Også i Litjdalen har polakkane gått nye linjer.
Linjene på Goksøyra ligger langt til høgre for Husmannen.
Orange linja: Ice Forest: Marcin Ksiezak og Jan Kuczera.
Rød linje: Vertical Garden: Przemystaw Cholewa og Jozef Soszynski.
You can read their own story about the visit here.
Klikk på bildet for større.
Linja t.v, orange : Ice Forrest, er fortsettelsen på Wet Dream. Den røde heiter: Vertikal Garden


9/3-2013 Mardalsfossen

I vinter har det vore fleire klatrelag på Mardalsfossen. Noen har snudd etter nedre fall og andre har gått direkte på øvre fall.
Her er noen bilder fra Terje Aamodt sin foto-session på Mardalsfossen. Sammen med Joakim G. Eide, Odd Tokle Sæbø og Martin Skrove.

Fleire bilder på Terje Aamodt sin blogg.



21/2-13 Daydream nightmare

Climbers from Finland did a new mixed route on Goksøyra, just right to the other route called Wet Dream. (look futher down)
Here is their story:

We climbed 10 pitches and 500m and the grade was about WI4/M6.
It took 18,5 hours from car to car. We did not rapelled the same route back because of loose rocks
and a potential risk of rope jums. Instead we rapelled 50meters to next gully, traversed and took a plenty of short rapels from pine trees on the right side of the wall.

We started our climb too late because we did not planned to climb so high. We climbed last 4 pitches in the dark.
And one of us forgot his headlamp so it was a little bit tricky. We had to be very careful not to drop loose rocks
on to each others. The biggest camalot we had was number 3 but bigger camalots or even big bros will do it lot more safer.

We would like to call it "daydream nightmare".
We think it describes the route well.
There was a dream ice at the beginning and nice mixed parts until the night came and it turned a little bit nightmare because of poor protection, tricky climbing and loose rock.

Our team from Finland was:

Aki Rautava
Jose Kärkkäinen
J-P Vuolijoki


17/2-2013: Wet Dream

Tre finske klatrarar trossa regnet og gjorde unna ei ny rute ved foten av Goksøyra i Eresfjord søndag 17.februar.
Linja er den som går lengst til høgre ut mot bildekanten på bildet under.
Dei tre klatrerane er:
Janni Ahrenainen, Antti Tuominen og Elina Nohelainen.
På bildet t.h ser du dei på standplass før siste taulengde. Klikk på bildet så får du det større.

Dei gav ruta namnet Wet Dream og satte den til WI 3. Og ca 3 taulengder.

Dei bur på hytte i Eikesdal og har planlagt å vere her ei vekes tid. Dei er i ei gruppe på tilsaman 14 finske isklatrar .


16/2-13: Fossen i Vikelia: Is a la Bjørg Anne

Endeleg så kunne "gammalkarane" få gjennomført hemmelegheita oppe i Vikelia ved Eikesdalsvatnet. Nemleg den flotte fossen i Vike-elva vel halvvegs oppe i lia.
Flott isklaring WI 4+ , 120 meter, pluss eit par taulengder utsteg langs snø/is/fjell for å toppe ut.

Iver Gjelstenli og Bjørn M. Øverås
Vi har valt å gje fossen namnet:
Is a la Bjørg Anne
Fossen startar ca 300 meter over havet.

I samme området i veggen under Vikesaksa finst det også 2-3 andre flotte linjer som per i dag ikkje er klatra.
Så her er det berre å hive seg på !


Meir om ruta her






Isrute-oversikt

26/1-13: Gode isforhold i Eikesdal


Stor aktivitet med isklatring i Eikesdal i helga. Laurdag var det i alle fall 4 lag på fire forskjellige linjer.

Til høgre ser vi Odd Tokle Sæbø og Annelin Henriksen på øvre del av Kaffiberget, den flyvende øks (rute nr.30) Dei gjekk ein variant opp høgre del av isen.
Linja har fått namnet Ekspresso WI 5-

Ellers var det folk på Strandkolvisen (rute 28), på Tyvikgrova (29) og på Yste Mardøla (20).

Det er det klatrebare islinjer både på Fagerbotnfosen (21), Bjørkskardfossen (28),
Rangåa/Trim for eldre (36) samt linjene på vestsida på Sæter.
Nr 24, 26 samt Breimega på Finnset (31).

Ja er du ikkje altfor kresen så er også øvre fall på Mardalsfossen muleg.

Generelt sagt er det kun is i dei meir vassrike elvar og bekkar. Og ikkje is der det vanlegvis berre er sig av vatn.

Større bilde, trykk på det.

Ruteoversikt


31/12 -2012: Nyttårsbarnet

Is som svell rett ut av fjellet slik som her ved foten på Goksøyra i Eresfjord, er fasinerande.

Vi i den eldre garde, Iver Gjelstenli og Bjørn M. Øverås, lar oss lett friste av slike lett tilgjengelege islinjer. Valte oss derfor ut linja heilt til venstre.

2 taulengder a 50 meter, den første veldig lett, den andre vesentleg brattare, WI 5- .

Vi har kalt linja for Nyttårsbarnet.

Artig klatring !

Denne islinja ligger rett til venstre for sommarruta på Goksøyra som heiter Midnattsol. Side 27 i føraren.



Mardalsfossen 30/12- 2012


Dei siste vekene har det bygd seg opp ein god del is i Eikesdal. Her ser vi øvre fall av Mardalsfossen. Fullt ut klatrebar for dei som ikkje er så kresen !

Ellers har islinjene som er nemnd den 8.des (les lenger ned) feita seg opp enda meir.

Men sia då har det kome litt snø, ca 15-20 cm.

God tur !
























Klikk for større bilde


Gode isforhold i Eikesdal

8/12 - 2012

Ein lang periode med kaldt vær har skapt gode forhold for is i Eikesdal. Bekkar og fossar med litt vassføring har ein god del is. Eksempelvis både Fagrebotnisen, Bjørktindfossen, ei av islinjene under Strandkolvet, Yste Mardøla ( sjå bildet), Rangåa, Ramnåa, Tverrgrova, Høvla og Breimegå.

Dei andre linjene med berre berre sig av vatn er ikkje klatrebare.

Det er så og seie heilt snøfritt i Eikesdal. Da framstår islinjene både tydelege og ekstra fasinerande.

Så lenge dette varer før snøen legg seg og skjuler det meste !

Bilde: Yste Mardøla er full av god is.


Klikk for større bilde.





12/2-12.
Ei gruppe utanlandske isklatrarar frå Canada, Sveits, Italia, Østerike og Tyskland har vore i området dei siste 14 dagane og "raida" mange nye islinjer. Blant anna er "gul-isen" innom Finnset inn mot Aurstupet i Eikesdal fått si førstebestigning med to linjer.
Ikkje ukjente Ines Papert stod for dette.
Ellers med i gruppa var Thoms Senf, Scott Milton, Emanuele Ciullo, Seiwald Lukas, Kurt Astner og Rudolf Hauser.
Read more here.
Meir om Inez Papert si klatring i Eikesdal, reportasje i bladet klatring nr 112

Midtre Mardøla

3/2-12: Yngve Solemdal og Vegard Torp Lien klatra islinja i Jølgrøe mellom Mardalsfossen og Yste Mardøla.
Dei skriv følgjande: 4 tl WI5-. Første og andre taulengde bratte, før isen legger seg noe og fortsetter i ytterligere to artige taulengder. Retur mulig til venstre for fossen ved gode snøforhold.
Isen i fjellknausen i Jølgrøe har sjeldan vore så feit som akkurat i år. På det første bildet her ser vi t.h. Martinskåra, deretter Yste Mardøla og heilt til venstre Midtre Mardøla (Jølgrøe)

Her er Vegard Torp Lien på 2.taulengde.

2/2-2012: Syklubben:

Joakim G. Eide og Tor Henrik Larsen: Ny linje eit par hundre meter nord for Bjørktindfossen (rute nr.27) ved Eikesdalsvatnet, ved Yste Bjørk. 3 taulengder WI3-4 + opptak i starten på WI5. Meir om turen deira her.


Dagmars dainsegulv - ny isrute i Goksøyra

1/2-12: Joakim G. Eide og Tor Henrik Larsen har klatra ei ny isrute i Goksøyra i Eresfjord. Ruta har felles start med BP-renna (rute nr. 7 ) som er det vide og åpne gjelet rett sør for Husmannen. Etter det første bratte svaet tar denne nye ruta opp mot høgre inn mote eit trangt gjel for så i neste omgong å svinge seg inn på brattare is til venstre og rett opp.
Flott klatring med 6 taulengder (pluss litt løpende) der halvparten er grad WI2-3 mens resten ligger rundt WI4 og WI4+.
8-9 rapellar ned igjen. Ruta endar i ca 500 meters høgde.
Til orientering; opprinneleg arbeidstittel på ruta var Dagmars datter, men er no redigert til Dagmars dainsegulv.
Les meir om ruta og turen her.
Tor Henrik i aksjon opp første bratte svaet, samme start som BP-renna.
Joakim på nest siste taulende. Vi ser rett ned på garden Nerås i Eresfjord.

28/1-12:

Gode isforhold i Eikesdal

Det har skjedd underverker med isfoholda i Eikesdal dei siste 3-4 vekene. Islinjene har klabba skikkeleg på seg. Med andre ord, her er det berre å hive seg i veg for å klatre is. Mange linjer å velje mellom. Kjøtåa, rett rundt hjørnet og ved sida av Kjøtåryggen, med Biff ala Turid er også feit å fin.
Her er frå Kaffiberget med Dobbel espresso (t.v.) (rute nr.35) og noe av Den flygende øks (nr.30) til høgre.
MERK: her er det fleire linjer som enda ikkje er klatra !

18/1-12

Månedans - ny isrute på Finnset i Eikesdal

Så er det gjort, drømmelinja til Joakim G. Eide er klatra. Med seg på turen hadde han Toralf Furseth.
6 taulengder WI 5+ , i tillegg til ei mikslengde i starten på ruta.
Fantastisk flott linje, fortel Joakim.
Linja ligger rett opp for gardane på Finnset, på austsida. Rute nr 49. Detaljer om linja og gutane her.

Status pr. 1/1- 2012.
Ikkje uventa er det sparsomt med is i Eikesdal. Du må litt opp i høgda for å finne det som er av is. Eksempelvis er Kjøtåa - Biff ala Turid (rute nr.34) muligens gangbar. Bra med is i øvre del, men tynt i nedre. Ved Kaffiberget (rute nr.30 og 35) er det også berre øverste del av islinene som har is. (Sjå bilde under)
Men alt dette kan fort endre seg. Isen vil nok klabbe på seg etter kvart !

Kjøtåa - Biff ala Turid (rute nr. 34)
pr. 1. januar 2012.



Kan også nemne at i øvre del av Mardalsfossen er det noe is. Nedre fall er det ikkje is i det heile tatt.


Nye linjer vinteren 2010/2011

28/12-10:
Julenøtt, 7 tl WI 5/5+ . Rute nr. 44
Ved Sæter i Eikesdal.
Odd Tokle Sæbø og Steinar Kringstad
4/2-11:
Syndfloden 6 tl WI 4 pluss 2 tl på klippe/snø /M4 Rute nr.45
På Finnset i Eikesdal. Til høgre for Amors Pil
Odd Tokle Sæbø og Anders Mordal
5/2-11:
Oddis, 2 tl WI 4+ Rute nr.46
På Finnset i Eikesdal. Til venstre for Amors Pil
Odd Tokle Sæbø og Bastian Faaness.
22/2-11:
Tynn Spinndrift , 6-7 tl WI 5. Rute nr.47
På Finnset, ca 100 meter til venstre for Oddis (rute nr.46)
Linja går heilt til topps på fjellet.
Odd Tokle Sæbø og Kristian Brønstad.
I toppen er det fleire variantar. Odd og Kristian valte den brattaste høgrevarianten.

28/2-11:
Bjørkskardfossen, 2 tl WI 4 / 4+  Rute nr.48
Ved Eikesdalsvatnet og i toppen av Bjørkskardet, på veg opp BASE-hoppstien til Strandkolvet.
Odd Tokle Sæbø og Bjørn Magne Øverås

Innsteg ved 750 moh
Oppdatering ned nummer og plassering på kartet vil kome etter kvart.
Frå anmarsjen på Tynn Spinndrift, rute nr.47