Første vinterbestigning østeggen på Skjorta

5.februar 2017 vart den første vinterbestgninga av østeggen på Skjorta klatra av Ted Ekberg og Aslak Aastorp.
Dei gjekk på ski frå Eresfjord via Kanndalen og opp i Frusalbotnen. Derifrå med stegjarn og ski på sekken opp dennne flotte ryggen og eggen til toppen av Skjorta 1711 moh.
Østeggen følger ryggen og eggen mellom sol og skygge.

Her er det Ted Ekberg sjølv skriv om turen

Opp til det første tårnet er det mestedels skarp snøegg og bratt snøbakke. Tårnet kringgåes til venstre på snø og et kort opptak på is, standplass i klippe etter isen. Deretter en 40 meter taulenge på til dels meget bratt snø og lett miksklatring opp til standplass i et litet trangt skar på eggen. Neste taulengde over flakene på eggen og avslutte med en kort taulengde opp snørygg/skavel til toppen. Et middels stort vinterrakk anbefales, ingen isskruver men et snøanker kan være kjekt å ha med.

Første gong denne eggen vart klatra var i 1966 av Arne Næss (Molde), Nils Husby og Oskar Mork.

Her er fleire bilder frå turen. Foto: Ted Ekberg og Aslak Aastorp.

.
.
.
.
.
.
På skrevs over "Skjorteflakjet".





4/8-16:Som fluger på veggen ... Balansekoden


Det har vore jamnt med klatrebesøk i Eresfjord i vår og sommar. Her er det 2 som koser seg i toppen av Balansekoden.
Klikk på bildet for å få det større.

15/6-16:Ny rute på Goksøyra

Sindre B. Sæther og Ole Johan Sæther har klatra ei ny rute på Goksøyra. Går mellom "Christianiabohemen" og "Å være ung er for jævlig". Starter på Trekanthylla og følger dei 2 første taulengdene på "Norskeruta" før den tek av rett opp langs tydelige formasjonar. Er på 11 taulengder.
Her er går ruta...
Sindre og Ole Johan har ikkje satt namn på ruta enda, men seier følgjande:
Mye fin klatring. Cruxet er dårlig sikra, men på reint og fast fjell. (klikk på bidet for å få det større, da ser du også graderinga)
Her er eit par andre bilder tatt under turen.



30/4-16:Nye ruter oppe til høgre for Gullrush

Ted Ekberg har informert om at Mia Petersson og Markus Andersson har klatra to nye linjer heilt oppe i hammaren til høgre for Gullrush.
Rutene heiter Anguli Procyon Lotor ( 5+ ) og Doing my best to impress (6-)
(Trykk på bildet for å få det større)


Pensjonisten

1.mai-helga-2016 var det stor aktivitet både på Håhammaren og Gaidsvaet i Eresfjord. Familieklatring, grilling, besøk av svenske klatrere og andre lokale samt etablering av ei ny rute som fekk namnet Pensjonisten.
Ja, den gule sykkelen på Håhammaren kom også på plass igjen i helga.

Noen kosa seg i hengekøye under veggen.
Familiesamling og grilling under Håhammaren.

Pensjonisten er eit 100 prosent kilesikra riss som vi gravde fram heilt i venstre kant av Gaidsvaet. Først vart 3 større trær fellt. Deretter starta grovutgraving av torv, gras og stein. Deretter meir finpussing med gamal isøks og kost. Til slutt rigga vi opp høgtrykkspylar, 32 A agregat, 1000 liter vanntank og satte igang med spyling av risset. Det vart gullande reint. Kanskje litt brutalt, men det vart eit flott og fullt ut kilesikra riss rundt grad 4.

Slik vart det sjåande ut til slutt.
Er ca 40 meter langt med borreboltar til snufeste i toppen.
Vart første gong klatra 30.april-16 av Bjørn Magne Øverås, Jan Bjarne Øverås, Tore Rød og Bjørn Alexander Cameron.

Ruta er veldig godt egna til å øve seg på å legge kilar i riss.

Via Mia

3.sept.2015 vart det klatra ei ny rute. Ender i snufeste oppe i diagonalen på Trillebåre Tango på Håhammaren. Har 6 borreboltar og med grad 5.
Første gong av Mia Peterson. Ruta går ca 10 meter til venstre for Bjørnson.

Trillebåre tango

23/8-15. Ny rute på Håhammaren.
Søndag gikk vi hva vi tror er en ny rute på Håhammaren. Vi starta rett til venstre for Bjørnson og traverserte hele overhenget forbi Torvløysa og bort til venstre for veggen. En meget fin og litt spesiell rute! Vanskeligste klatringen var et lite opptak på førstelengden men for mange vil det vare passasjen forbi over på innsida av klemblokka i andrelengden som er den store utfordringen, her må en nøye vurdere kroppsstørrelse på både seg sjøl og andremann! Den som er for stor må klatre rundt på nedsida blokka, ser ut å vare grad 4+-5 omtrent. Det kan vare lurt å ha med ett godt utvalg av litt større kamkiler men det er godt om muligheter å sikre med mindre ting. Rutenavnet beskriver teknikken som brukes for å komme seg ut over klemblokka.
Klikk på bildet for å sjå det større.

Trillebåre tango
70 meter, grad 5
Ted Ekberg, Mia Petersson, Emil Bråten
23. august 2015



18/8-15: Steinsprang på Balansekoden

To klatrere på Balansekoden i Eresfjord opplevde eit stygt steinsprang da dei var på 2.taulengde. Fann det best å snu.
Det varme veret kan nok ha vore ei utlløysande årsak.
Skal sjekke opp kvar hen og kor høgt oppe det kom fra. Det har gått ras i samme området litt lenger ut tidlegare.
7/9: Oppdatering: Har ikkje funne nøyaktig kvar steinspranget var utløyst frå. Har vore oppunder innsteget. Observerte noen ferske steinar som låg der. Trur vi må kalle dette eit "eingangstilfelle". Sannsynligheta for nye steinsprang er etter mi vurdering ikkje større enn det som er normalt i alle norske fjell.
Det har vore fleire lag opp første del av Balansekoden etter steinspranget.

28.mai-15:Dugnad på Gaidsavet

Sesongen på Håhammaren og Gaidsvaet i Eresfjord har sjølvsagt starta for lenge sia.
Men det trengs også litt vedlikehold og opprusting. Her ser vi frå dugnaden den 28.mai. Då vart siste finpuss med spade og krafse unnagjort under Gaidsvaet. Ja, grovarbeidet med planering av grusen vart gjort maskinelt. Både gravemaskin og minitraktor har vore i aksjon. Retteleg fint og triveleg har det vorte, synest vi !
Parkeringa ved Håhammaren er også grusa opp.



Over Ævne ... på Gaidsvaet

12.juli 2014:
Ny rute på Gaidsvaet, «Over Ævne». (gul strek)
Riss mellom «Lars bolt» og «Tøffe Thomas», (rød strek) Naturleg sikring med små kilar og små kamkilar. Risset sluttar om lag midt på «Tøffe Thomas», og ruta kan avsluttast ved å klatre øvre halvdel av den ruta.
Gradering 5+ (?). Cruxet er å komme seg opp i risset fra den vertikale delen med sprengt fjell i starten. Leda første gong av Oskar Mork, 12. juli 2014.




Gråtass ..... i Gråveggen

29/5-14:
Ny rute kalla Gråtass er etablert og klatra i Gråveggen. 4 taulengder, grad 4 ... 7.

Startar med to taulengder moderat svaklatring. 4. taulengde går i sjølve diederet opp til rampen/skråhylla under det øverste diederet i Gråveggen.

Bård Lyster og Tore Lundberg.

Gråveggen er den store lyse overhengande veggen oppe til venstre for Gaidsvaet på Håhammaren.


NB! Noe rydding av busk og kratt på svaene under diederet er ikkje ferdig.




12/3-14: At man noget vil

Vårlege forhold før 15.mars gjorde ny rute på Håhammaren muleg. Går mellom Via Dick og Hakuna Matata. Heiter: At man noget vil og er omlag 20 meter. Vanskegrad, rundt 6. Kreatører:Bjørn Magne Øverås, Iver Gjelstenli og Oskar Mork.
Sjå ekstra bilde her.

Fridas fantastiske forkle

Iver har blitt bestefar, og barnebarnet Frida blir feira med ny rute på Håhammaren i Eresfjord den 13/9-2013.

«Fridas fantastiske forkle», 30 meter, 13 boreboltar + standplass/snufeste, grad 6+. Ruta startar på lita svaplate (lite forkle!) til høgre for risset i starten på «Gullrush». Deretter kryssar ruta Gullrush, held fram opp langs kant og vidare sva nokre meter til venstre for Gullrush til standplass med snufeste på toppen av markert blokk med lita hylle. Kreatør: Ruta blei borra på topptau av Iver Gjelstenli, 10. september, og leda første gong i fri av Kristian Flovikholm torsdag 13. september 2013.


Her er kreatøren Iver Gjelstenli i starten av ruta, sikra av Kristian Flovikholm.




Nyborra rute med Iver G i spissen av tauet.
Kristian Flovikholm i aksjon på Fridas fantastiske forkle.

Den Draumen

- ny rute på Forklesvaet

4/7-13: Endeleg, 20 år etter «Borr Skulemeister», den første ruta opp Forklesvaet i Eresfjord, vart «Den draumen» til røyndom!

Fire taulengder med fin svaklatring grad 5 - 6 og eit lite overheng A0 eller cirka 7. Innsteg fra hylle 10 -15 meter til høgre for «Borr Skulemeister». Ruta er gått etter strenge klassiske krav til tradstil. Det vil seie at alt er er gjort på led utan juks og triksing med rappell eller topptau. Ruta går i kompakt fjell og er fullbolta. Alle standplassane er utstyrt med rappellanker. «Den draumen» følgjer ei linje som tørkar fort opp etter regn og vassig, men slutten av siste taulengde kan vere våt sjølv om resten av ruta er tørr.

Arbeidet med «Den draumen» har vore gjort i mai og juli, og vart avslutta 4. juli 2013. Desse har vore med på «jobben»: Iver Gjelstenli, Bjørn Magne Øverås, Tore Lundberg og Ragnhild Amundsen.

Og her er inspirasjonen til namnet:

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på

at noko vedunderleg skal skje,

at det må skje -

at tidi skal opna seg

at hjarta skal opna seg

at dører skal opna seg

at berget skal opna seg

at kjeldor skal springa -

at draumen skal opna seg,

at me ei morgonstund skal glida inn

på ein våg me ikkje har visst um.


Olav H Hauge



Borr Skulemeister er ruta til venstre. Den Draumen er streken til høgre


Fant ølet på toppen av Balansekoden


11/6-13: Det er mange tørste som har nådd toppen av Balansekoden.
Det som har vore ei lita hemmelegheit er likevel at det heilt sia 18.august 2010 har ligge ein "sixpack" med boks-øl gøymd innunder torva ved utsteget på toppen etter 15 taulengders klatring.
Terje Aamodt, Iver Gjelstenli og Miroslav Peto var denne veka dei heldige som først fant ølet. Vel unt !
Gamalt - ja, men like godt. Skål !

Det samme laget har også fiksa den manglande muttera på ein av boltane i 11.taulengde. Pluss ein ekstra bolt på traversen i 6.taulengde.

Sjå ellers frå turen og Terje Aamodt sine bilder.



.

Adam Ondra på besøk i Eresfjord


Celebert besøk:
Adam Ondra, ein av verdas beste klatrarar, var 17.mai 2013 på besøk i Eresfjord. Saman med Terje Aamodt klatra han dei 6 taulengdene på Torvløysa.

Ifølgje uoffisielle kilder skal han ha kommentert at ruta delvis er undergradert ! Ifølgje topoen i Klatring i Eresfjord er rutas hardaste punkt 7-

Sjekk også denne linken om hans besøk i Norge.


Foto: Terje Aamodt







28/4- 2013 Kald vår, men tørre sva

Vaktmeisteren har kosta og svaene på Håhammaren og Gaidsvaet har hatt sin føste kontakt med gummi. Som før, desse første stega på tørt sva er alltid like fasinerande og artig. Ja, det har også vore klatring på dei 2 første taulengdene på Torvløysa.
Besøk og ting på gang har det også vore i den store "gråveggen". Men det er forbeholdt nokre få personar !
Med andre ord, sesongen er igang.

5.okt-12: Ny rute på Håhammaren: Peder


Ny rute med limbolter er etablert mellom Bjørnson og Sjakk Matt på Håhammaren i Eresfjord. Iver Gjelstenli var førstemann, rett nok med fall. Her ser vi Kristian Flovikholm i aksjon på ruta, som andremann og utan fall. Likevel, etterpå susa Iver opp det flotte svaet som om det var den enklaste øvelse !
Gradering, tja kanskje 7- ? Har felles start med Sjakk Matt. 30 meter og 11 limboltar.
Namn har vore under vurdering vinteren 2012-13. Og etter vurdering i "namnekonsulentnemnda" er det enighet om å halde fram i Bjørnsons ånd. Derfor heiter ruta Peder.

Starten av ruta er felles med Sjakk Matt. Her er Iver Gjelstenli i ferd med klipsing av 2.bolt. Oskar Mork sikrer.

Til høgre: Bjørn M. Øverås fullt utstyrt og klar for aksjon med limpistolen som sammen med Iver var kreatørar av ruta.



22/4-12.
Fine forhold på Håhammaren. Det har vore klatra på Gaidsvaet og Håhammaren sia torsdag 19.april. Tørt og fint og utruleg kjekt å vere igong igjen !
Framleis litt snø rett under svaene. Men det forsvinn fort no i dagane framover.
Ellers; Må vel røpe at det er ting på gang i sjølve Grådiederet også. Eit par ivrige starta med å klatre seg oppover i fjor haust. Dei fullførte ikkje, men vil venteleg snart vere på plass igjen ! Spennende greier.
17/4-12:

Frysetørka sva !

Det snøa heilt ned i lavlandet i går kveld. Likevel svaene på Håhammaren er faktisk tørre etter å ha fått ein soldag på seg som i dag. Ja, også Forklesvaet såg tørt ut. Nesten så eg kan tru at dei er frysetørka. For det er relativt kaldt. Men i sola er det absolutt leveleg .
Må ha tru åpå at dette er våren !
Eit torv-og jordras har sveipa nedover stort sett heile ruta som heiter Torvløysa.(Føraren side 38) Her er det derfor ein god del "bøss" på fjellet.

Den nye kapellanen

Nov-2011: Arbeidstittelen på denne ruta var Bogge Body Boogie. Men etter eit år modning har førstebestigarane Bård Lyster og Ståle Aklestad bestemt seg for at den skal heite "Den nye kapellanen". Ruta går langs nordre eller venstre profil av Grådiederveggen.
Veggen og ruta ligger rett ved Håhammaren i Eresfjord.
Odd Tokle Sæbø og Iver Gjelstenli repeterte ruta den 22.nov 2011. Deira kommentar: Flott rute med fine flakriss. Bør pusses her og der. Gjerne noen flere borrebolter. Rundt grad 6, ja nokon meiner det nærmer seg 7-tallet også !
Scroll ellers ned til 7/10 i fjor for å sjå kva vi skreiv da.


Laber klatresesong i 2011

Okt.-11 Ein ganske fuktig sommar må ta ansvaret for at det har vore forholdsvis lite aktivitet på svaene i Eresfjord i sommar.
Istaden får vi gle oss til vinter med snø og forhåpentlegvis mykje is !

28/5-11

Klatrekurs på Gaidsvaet

DNT Fjellsport i samarbeid med Romsdal Tindegruppe arrangerte klatrekurs på Gaidsvaet laurdag 28. mai. Det var 9 deltakarer.
Kurset starta i Julsundet torsdag ettermiddag (regn og yfysleg ver; hula var da god å ha). I Eresfjord vart det derimot full uttelling med tørre sva og gode forhold.
Det var også andre besøkande denne helga både på Håhammaren og på Utkleiva.

Mai-2011:

Klart for tørre sva


Om nokon skulle vere i tvil; klatre-sesongen på Håhammaren i Eresfjord er igang.

Både Gaidsvaet og Håhammaren har fått sitt årlege vårpuss med kost og framstår derfor rein og fin !
Det er også i ferd med å tørke opp på Ulvesvaet, Forklesvaet og ute på Utkleiva med Balansekoden.

Så her er det berre å sleppe seg laus !














26/2- 2011

Vinterbestigning Goksøyra

Vestryggen på nordtoppen på Goksøyra har fått si første vinterbestigning.
Odd Tokle Sæbø og Tore Klokk.

Dei brukte ca 8 timar opp.
Retur ca 1,5 time ned via "Mjølskårå" rett ned til Brandeinan på Steinsvoll i Eresfjord.


Første sommarbestigning vart gjort av Arne Kavli og Egil Dilkestad i 1984.



NB !
Om nokon er i tvil;
dette er eit sommarbilde av ruta !

7.okt-10

Ny linje ved Gråveggen

To klatrere med romsdalsdialekt iaktatt på Håhammaren, i venstrekant av Gråveggen. Uvisst kor høgt dei kom før mørkret tok dei. Observerte kun at dei klatra linja som er stipla inn.

Uansett, ser ut til å vere ei fin og bratt linje.

12/10: Tidlegare etterlysing om kven dette var har gjeve resultat:

Bård Lyster med ein kamerat.

4 taulengder rundt grad 6.

Dei gule markeringane viser klatrarane.

Veldig positivt at også andre klatrarar enn den "faste" svagjengen i området, har starta å leite etter nye linjer og gå slike.

Gråveggen med grådiederet har fleire lukta på. (til høgre på bildet). Men såvidt vi har oversikt står denne linja framleis ugått.

Men det blir sikkert ikkje lenge ...

Gråveggen -rute.jpg
Bilde som viser meir oversikt. Gråveggen overs rute.jpg




Karoline - ny rute på Håhammaren

Eresfjord, 5. - 6. juni 2010. Ikkje bare sva i Eresfjord!

Ny rute på Håhammaren mellom Gullrush og Ludo: Vi syntes at også Bjørnsons kone bør ha ei rute her, og namnet vart derfor "Karoline". Kreatører: Odd Tokle Sæbø, Tore Lundberg, Steinar Kringstad og Iver Gjelstenli. Ruta er variert med fleire bratte opptak og sva på slutten 30 meter. Grad: 6 +.

Karoline start 4876.jpg

Bratt og fin start

NB! Også 2. taulengde på Bjørnson fekk si førstebestigning denne helga. Tore Lundberg var først opp der ! Ruta vart borra opp 20. mai. Sjå lenger ned.

2/12-11: Vel, dette viser seg å vere omstridt. Nokre fristande slynger skal ha vore brukt ! Og "Oddeman" skal ha hatt fall på ruta før dette.

Og da så ! Versogod neste.

Karoline 4879.jpg

Via Dick

Eresfjord søndag 6. juni 2010:

Via Dick forlenga direkte opp til 1. taulengde på Hakuna Matata. Kreatører: Tore Lundberg og Odd Tokle Sæbø. Ledet første gang av Tore Lundberg. Grad 7.

Sjå side 41 i Føraren, rute 4.6 for info om Via Dick .

************************************************************************************************************************************************

20.mai-10:

Varme og snøsmelting har gjort det blautt på Forklesvaet. Det er også stedvis blautt på Utkleiva og Ulvesvaet.

Men Håhammaren har vore tørr og fin dei siste dagane.

Nye ruter:

Iver Gjelstenli og Odd Tokle Sæbø har borra opp taulengde nr.2 på Bjørnson. Ingen har klatra denne på led -- så langt !

NB! Skolisse markerer dette !

Bjørnson Over Ævne II.jpg

Odd Tokle Sæbø fornøgd med linja på 2.taulengde på Bjørnson. Kanskje blir namnet "Over ævne II " Legg merke til det kvite borrestøvet på fjellet bak.

2-taul-bjornson.jpg

Rød stipling viser nokonlunde linjeføringa på 2.taul. på Bjørnson

Ny linje med ei taulengde er også borra opp på Gaidsvaet, mellom Svaskulen og Lars' bolt. Samme kreatører.

Ruta har fått namnet "Vidaregåande", fordi den er hakket vanskelegare enn Svaskulen. Men tett bolta !

Rød stipling er den nye bolta linja.

Ellers frå venstre:

Klatreløypa (starten), Svaskulen, Vidaregåande, Lars'bolt Tøffe Thomas-toget

Detaljar i føraren side 55

Gaidsvaet - Vidaregåande.jpg

****************************************************************************************************************************

Håhammaren / Gaidsvaet -sesongstart 2010

7/5-10

Sjølv om snøen ligg metertjukk ved innsteget, så har det vore tørt fjell på Håhammaren og Gaidsvaet. Vi hadde sesongåpning her no i starten av mai.

Ja, "vaktmesteren" har spadd trappetrinn i snøen og starta kostinga av svaet for rusk og rask.

Mao fine forhold !

Gaidsvaet-red-web.jpg