Cruisbåtanløp 2017... foreløbig (fullstendig liste her)





Blautt under Amadea sitt besøk 9.august-2016.

Samme opplegg med gaida bussturar som da Amadea var her 7.juni. Blant anna ferjetur på Eikesdalsvatnet.
Gråver med tidvis ganske mykje regn. Men god steming med musikk og salg av kaffe og varme vafler. I tillegg hadde Eira Husflid salgsbod på kaia.
Finn Haukebø og Gunnar Bech spela opp humøret i gråveret inne i kaihuset på Nauste.

Gunnar Bech og Finn Haukebø i aksjon.

Greitt med paraply i silregnet.

Innimellom var det faktisk også oppholdsver.
Les også kva NRK-skriver om cruisbåtanløpa i Eresfjord.

Albatros 19.juli 2016

Albatros gjesta Eresfjord og Nauste den 19.juli. Dette var cruisbåt nummer to denne sommaren. Skipet kom om kvelden i 18-tida og drog igjen kl.22. Her er noen bildeglimt.
Den 9.august kjem Amadea på nytt besøk mellom kl. 08 og 14.
Albatros med Bogge i bakgrunnen.
Her går passasjerande i land på Nauste.
Yrande folkeliv på kaia både av turistar og lokale.

Eira Husflid med utsalg på kaia.

Triveleg salgsbod inne på kaihuset.
Her får to av cruisbåtpassasjerane hjlep til å finne fram på kartet av Annlaug Berge.
.

Idyllisk...

Det var folksomt på Nauste da cruisbåtpassasjerande la iveg oppover bygda.

Nokon ville bli tatt bilde av saman med den bunadkledde.
Ragnar Stubø stillte opp med trekkspelet sitt. Her samen med Turis L. Øverås

Amadea 7.juni 2016

Det var feststemning på kaia på Nauste i Eresfjord då dei omlag 600 passasjerane steig i land. Dei vart tekne i mot med musik og sang. Finn Johansen og Gunnar Bech på banjo og trombone. Mellomtrinnet ved Eresfjord barne-og ungdomsskule sang mens Kirsti Fagerslett spela gitar. Omlag halvparten av dei tyske turistane drog vidare på gaida turar med buss. Resten rusla roleg rundt på Nauste i det strålande fine veret. Området er unikt og alle lot seg imponere.
Det er 120 år sia forrige gong det låg turistbåtar ankra opp ute på fjorden. Kong Oskar II med Valkyrien og keiser Wilhelm II med Hohenzolleren.
Ikkje rart dette var ein svært spesiell dag også for bygdefolket. Flagga var heisa til topps og Eresfjord viste seg frå si aller finaste side med sol, blå himmel og snø i dei ruvande fjellltoppane. Nesten ikkje til å tru !
Det kjem også fleire cruisskip i løpet av sommeren. Den første er Albatross den 19. juli. Deretter kjem Amadea på nytt besøk den 9 august.

Amadea ruvde godt i landskapet med dei mektige fjella Goksøyra, Sjøvdøla, Nebba og Kvitfjellet bak.
Folksomt på kaia på Nauste.
Utsikt frå Nakken og ned mot Eresfjord med Amadea på fjorden.
7. juni 2016: Cruisbåten Amadea ankra opp utanfor Nauste i Eresfjord kl. 08.00. Dette 120 år sia forrige gong eit tilsvarande skip kom til Eresfjord, nemleg Hohenzolleren i 1896.
Skipet sett frå Nakken.
Her er ein bildeserie frå da cruisbåten Amadea gjesta Eresfjord.
Klikk på bilda og bla deg fram.

Side 1 av 2
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Side 2 av 2
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

3 cruisbåtanløp til Eresfjord sommaren 2016:


Skipet Amadea kjem på besøk 7.juni og 9. august.
Skipet Albatross kjem på besøk 19. juli.

Meir på Facebook om Eresfjord Cruishamn her.

Om Eresfjord Cruishamn og cruise-kalender med mere.






Kaia på Nauste; her er det cruisbåtpassasjerane kjem i land.

Cruisehamn på Nauste i Eresfjord


.

Her er litt om bakgrunnen og histore:

Det er Molde og Romsdal Havn IKS og Vekstkommuneprogrammet i Nesset som i samarbeid har teke initiativ til cruisehavn i Eresfjord. Dette vil da bli eit tredje anløp av turistskip på ruta saman med Molde og Åndalsnes.

Våren 2013 vart det oppnemnt ei arbeidsgruppe i Eresfjord som lokal kontakt for arbeidet. Gruppa arbeidde med å legge til rette, samt vere lokale kontaktpersonar for selskapet Cruise Molde Åndalsnes. Det er selskapet som står for å «selge» Eresfjord som cruisehamn til operatørane.

Med i gruppa var Per Helge Rudi frå styret i Eresfjord bygdelag, Turid L. Øverås frå Eresfjord Husflidslag/turistinformasjon og Per Einar Strand som er grunneigar på kaia. Gruppa har hatt møte med initiativtakarane og Cruise Molde Åndalsnes v/Hilde Gråberg Bakke som var svært optimistiske til tiltaket.

Det er laga eit infoark der du kan lese meir om dette her.
Oppdatert pr.august l2016


Slik ser vi for oss at det kan bli. Turistskipet ankrar opp rett utanfor Nauste i Eresfjord. Via tenderbåtar bir turistane frakta i land til kaia på Nauste. Bildet er att frå Nakken.

Nauste i Eresfjord er fremdeles en sjarmerende idyll.
Se mere her.



Nesset Sparebank















Heimesider for Eresfjord.
Kontakt: post@eresfjord.no

Bjørn M. Øverås