Eresfjord småbåtlag

Eresfjord Småtlag har hamn inst inne i Langfjorden i bygda Eresfjord. Med det siste tilskottet av nye flytebrygger er det 42 som har fått båtplass.

Vi har gjestebrygge, klubbhus, eit lite parkanlegg med grillhus og stor danseplatt med scene. I klubbhuset kan du få tilgang til både dusj, toalett og mulegheit for å vaske klede.

Djubda ved gjestebrygga på fjøre sjø er ikkje all verden; ca 1,8 meter. Ved flytebryggene i hamna er det djupare. Ved særskilde behov kan gjestebåtar også få plass der for kortare tidsrom.

Ved Eira's utløp

Som bildet viser ligger småbåthamna i Eresfjord heilt i ytterkanten ved utløpet til elvedeltaet Eira i Eresfjord.

Lokalt blir plassen kalla "Paulen".

Bildet er tatt rett etter flaumen 2003.

Kjem du sjøvegen, så ver obs på grunna ved innseilinga til småbåthamna.

Kart/GPS-posisjon: 32V 0456018 6950661

Vakt-telefon: 916 38895 , om du ikkje finn folk i hamna.

Hamna ligg like ved RV 660. Det er omlag 1 km til post, butikk og kafeteria.

Kartet viser kvar småbåthamna ligger.