Miljøfondet for Eresfjord og Eikesdal
Her, på dei neste sidene vil du finne informasjon om Miljøfondet.
Først litt om bakgrunnen for fondet.
Deretter vedtektene og til slutt søknads-skjemaet du skal bruke for å søkje om støtte frå fondet.
Du kan laste ned både vedtekter og søknads-skjema. Enten i word-format eller i pdf-format. (Acrobat Reader)
Miljøfondet for Eresfjord og Eikesdal
Nesset kommune fekk i 1996 utbetalt 15 millioner i erstatning frå Stortinget. Bakgrunnen for denne erstatninga var at konsesjonsvilkåra for minstevassføring i Mardalsfossen etter utbygginga i 1974, ikkje var overhaldne.
Kommunestyret i Nesset vedtok at 6 millioner av erstatningsbeløpet skulle settast av til eit miljøfond for bygdene Eikesdal og Eresfjord. Resten av pengene vart bruka til å betale ned gjeld på Eikesdalsvegen.
Nesset kommunestyre vel eit fondstyre som forvalter bruken av fondskapitalen. I styret sit 4 medlemmer, 2 fra kvar av bygdene Eikesdal og Eresfjord og i tillegg ordførar. Fondstyret blir vald for 4 år og følgjer valperiodane. Sekretær for miljøfondet er miljøvernleiaren i Nesset kommune.
Det er vedteke eigne vedtekter for fondet, for nærare opplysninger sjå her.
Det er to søknadsfrister i året , 20. mars og 15 september. Fondstyret har som regel møte i april og i oktober. Det er laga eit eige søknadsskjema som vi helst ser at søkjarane nyttar . Du kan hente det ned ved å trykke her. (PDF-format)
Miljøfondet starta opp med å dele ut tilskot til ulike prosjekt og tiltak i 1999. Det var fram til år 2002 tildelt ca kr. 910 000 i tilskot.
Dei fleste av tilskota har gått til lag og organisasjonar i bygdene.
Fondet har i hovedsak gjeve støtte til nyanlegg, men det kan også gjevast støtte til vedlikehold av bygninger og anlegg (ikkje private).
Miljøfondet har bl.a gjeve tilskot til (ikkje fullstendig oversikt);
- ny skytebane i Eikesdal
- småbåthavn i Eresfjord
- utarbeiding av driftsplan for Aura-Eiravassdraget
- registrering av gamle fangstminner
- nærmiljøanlegg ved Eresfjord skule
- restaurering av kjøkken i ungdomshuset, Eresfjord
- igangsetting av fjelltrim i regi av Eresfjord IL
- planleggingsarbeid - Vertshuset Eikesdal/Eresfjord handelslag
- nytt piano, Eikesdal grendahus
- snøscooter, Eresfjord IL
- felles turistbrosjyre for Eresfjord/Eikesdal
Dersom du ynskjer nærare opplysningar om fondet/søknad kan du kontakte medlemmane i fondstyret eller sekretæren Hogne Frydenlund i Nesset kommune.
Følgjande er valt til styre for fondet i perioden 2007-2011:
For Eresfjord: Jorunn Solhjell ..tlf. 71234183 / 990 41050
Aslak Nerås........tlf. 71234128
For Eikesdal: Rune Finset ........ tlf. ?
Bjørg Anne Vike..tlf. 71234515 / 416 39852
For Nesset kommune: . Ordførar Rolf Jonas Hurlen

