Eresfjord Classic med 49 deltakere

Det var tilsammen 49 deltaker underEresfjord Classic laurdag 7.juli 2018. . Dette fordelt med 13 løpere, 4 på rulleski, 31 på sykkel og 1 på elsykkel.

Olaf Anders Høystakli, Per Arild Knutseth, Bonde Nordset og Bjørn Nøsavik tar ut dei siste kreftene.

,
Resultatliste for sykkel finner du her.
Resultatliste for løp og rulleski finner du her.
.
Rene Kvamsås-Rocco trillar over målstreken på Fjellgarden, 500 moh.

Først opp i år var sykkelisten Trond Are Thrana. Deretter kom Per Einar Strand og Lene Roti på 3.plass. Alle starta på Coop Eresfjord og tok turen opp stigninga til toppen av Vistdalsheia, på Fjellgarden som ligg 500 moh.

Eresfjord Classic er eit showritt der målet med konkurransen er å kome først opp. Kvar enkelt deltakar får eit handicap som gjer at dei får starte med eit forsprang på inntil 30 minutter før dei beste «proffsykkelistane» som blant andre Bjørn Tore Hoem.

Det var fint ver og stor stemning med mykje heiande publikum langs løypa. Av resultata ellers var det Sturle Starheim som hadde best tid blant løparane med tida 37.57.Jan Roger Hagen 38.27 og på tredjeplass Trym Kjøs med 43.58.

Av dei fire på rulleski var det Marius Vaagen 39,01 og Vilde Lange med 40.31 og på tredjeplass Kevin Bjerkeli Krohn med 42.38.

I tillegg til premiering av dei «beste» vanka det også trekning av eit 20-tall med gavepremiar.

Under premieutdelinga på Coop'n ga arrangøren Eresfjord Idrettslag gavesjekkar på kr 5000,- både til Kreftforeninga og til Foreninga for muskelsjuke. Ja vinnaren av løpsklassen Sturle Starheim donerte også pengepremien sin til Kreftforeninga.

Her er takkebrev frå Foreningen for Muskelsyke.


Det var Trond Are Thrana som kom først opp til Fjellgarden på Vistalsheia denne gongen. Tida hans var 25.42
Frå starten på Coop Eresfjord for klasse løp og rulleski.
Vilde Lange og Kevin Bjerkeli Krohn på rulleski forbi Storsvingen.
Jan Roger Hagen
Thomas Indergård og Trym Kjøs.

Linda Karoline M. Langset passerer Storsvinsgen.
 Sturle Starheim, vinnar av løpeklassen, 37.57
Marius Vaagen, vinnar på rulleski med tida 39.01
Vilde Lange i fint driv forbi Innskavlen ikkje langt frå mål.
Kaj-Andre S. Døving, Cato Innerdal og Bjørn Inge Steinsvoll i siste innspurt mot mål.
Ikkje berre sykkelritt , men også løpere, her er det Magne Beyer som får ekstra heiarop
Målgang ved Fjellgarden, 500 moh.
Bestetid for herre og dame gjekk til Bjørn Tore Hoem 19.28 og Lillian Langset med tida 37.15

Arrangøren Eresfjord I.L. ved rittleiar Geir Ivar Hoem delte ut gavesjekk til Kreftforeninga; kr. 5000,- Det var Annlaug Berge som tok imot denne på vegner av foreninga.
Også Foreninga for muskelsjuke representert ved Emil Bugge Hoem mottok gavesjekk på kr. 5000,- ...Les takkebrevet frå Foreningen for Muskelsyke.
Reidar Andre Heilevang (14-15) kom på sisteplass, men tok det heile med eit smil. Han vart tildelt eit lite fordelaktig handicap, starta blant dei aller siste og berre 5 minutt før Bjørn Tore Hoem.
Vinnarena først til topps blant dei syklande. Per Eianar Strand (tv), Trond Are Thrana og Lene Roti
Rulleskiklassen; Vilde Lange, Marius Vaagen og Kevin Bjerkeli Krohn.

Løparane påpallen: Jan Roger Hagen, Sturle Starheim og Trym Kjøs.















































Annlaug Berge, einaste deltaker i el-sykkelklassen.
Bjørn Tore Hoem er proffsykkelist. Veka før dette rittet i Eresfjord hadde han ei intens treningsveke med rundt 1000 km på sykkelsetet. Det er Danmark Rundt som er neste store ritt han skal delta på i august.
Mykje folk under premieutdelinga ved Coop Eresfjord.








Påmelding ........påmelding .......påmelding.......


Påmelding via denne linken.....



Du kan lese litt meir om Classic'n og korleis denne stara ved å klikke her