Sykkelrekord i Bygda Rundt

Bygda Rundt i Eresfjord (tidlegare Sykkeltrimmen) satte ny rekord Kristihimmelfartsdag den 2. juni-11. Oppteljinga til Trimgruppa i Eresfjord I.L. viste 378 deltakarar, herav 125 barn ! Ikkje berre frå bygda, men rundt om frå heile kommunen; Eidsvåg, Rød, Ranvika, Raudsand, Eidsøra for å nemne nokre.
Bygda Rundt er ca 14-15 km lang. Og som bilda viser var det både vaknse og barn som deltok. Fint ver var det også.
Det var trekning av gavepremiar på Coop Eresfjord etterpå.
Hovedpremien ein sykkel var det Elen Vike som vant i år.
Det er 35. året på rad at Bygda Rundt er arrangert i Eresfjord. Dette viser at også enkle arrangement kan samle mykje folk.

Du kan stoppe for ein rast mange stader. Som f.eks her ved Fiskehytta i Grøva rett under Hånde.