Sykkeltrimmen (nye)

Sykkeltrimmen i Eresfjord med sine 9 postar har hatt 1152 besøk sia den starta mai og fram til oktober i 2011.
Dette vart gjort kjent under Klubbkvekden i Eresfjord I.L. søndag 4. desember. Tilsaman er det 123 personar som har vore innom ein eller fleire av dei 9 postane. Dei er plassert mellom Buggetunnelen i nord, til Finnset i Eikesdal i sør, Fjellgarden i vest og Kanndalen i aust.
Du kan sjå den fullstendige lista ved å klikke her.

Her er vi på Finnset i Eikesdal. I tillegg er det postar ved Vertshuset i Eikesdal, Viketunnelen, Meringdalen, Storsvingen, Fjellgarden, Kanndalen, Godvikja og Buggetunnelen.