Øverås Grendalag
23/6-11
God stemning på St.Hans -feiringa i Eresfjord
| På tross av litt duskren og heller lav temperatur var det mykje
folk og god stemning under St.Hans-feiringa som Øverås Grendalag
arrangert i Eresfjord. Det var både muleg å verme seg rundt bålet
og på ferja som var åpna for høvet. Der var det også servereing av
rømmegraut. Ellers var det grillmat, loddsalg og spørrekonkurranse. Kanokonkurransen var likevel kveldens store høgdepunkt. Tilsaman stilte det 6 lag frå forskjellige grender i bygda. Her var det full innsats til stor jubel frå land og ikkje minst speaker Johannes Øverås, som spissa det heile til eit stort idrettsarrangement ! Det var "Takrenna" ved Bjarte Rød og Karoline Øverås som padla seg til seier i finaleheatet. Og som dermed er klar for å representere Eresfjord under tilsvarande konkurranse under Eikesdalsdagane i august. |
Her er fleire bilder frå St.Hans.
Klikk eller dobbeltklikk på første bildet. Og du kan bla deg framover.
Klikk eller dobbeltklikk på første bildet. Og du kan bla deg framover.

