Eresfjord småbåtlag

Eresfjord Småbåtlag har hamn inst inne i Langfjorden i bygda Eresfjord. Med den siste utbygginga av ekstra flytebrygger i 2012 er tal båtplassar utvida frå 34 til ca 50 plassar.

Vi har gjestebrygge, klubbhus, eit lite parkanlegg med grillhus og stor danseplatt med scene. I klubbhuset kan du få tilgang til både dusj, toalett og mulegheit for å vaske klede.

Det er også eit lite lysthus, som kom på plass i 2012, som båtmedlemmane har adgang til.

Djubda ved gjestebrygga på fjøre sjø er ikkje all verden; ca 1,8 meter. Ved flytebryggene i hamna er det djupare. Ved særskilde behov kan gjestebåtar også få plass der for kortare tidsrom.

Ved Eira's utløp

Som bildet viser ligger småbåthamna i Eresfjord heilt i ytterkanten ved utløpet til elvedeltaet Eira i Eresfjord.

Lokalt blir plassen kalla "Paulen".

Bildet til høgre er tatt rett etter flaumen 2003.

Kjem du sjøvegen, så ver obs på grunna ved innseilinga til småbåthamna. Er merka med stake.

Leie av gjestebrygge: kr 100,- pr døgn. Brygge m/strøm: kr 150,- Brygge med strøm og dusj: kr 200,- pr døgn.
Betales til konto: 4106.30.09820

Sjekk flo og fjære i Eresfjord / tidevannstabell klikk her

Kart/GPS-posisjon: 32V 0456018 6950661

Vakt-telefon: 902 03133 /951 12917 / 908 66683

Hamna ligg like ved RV 660. Det er omlag 1 km til post, butikk og kafeteria.

Småbåthamna ligg inst inne i Langfjorden

Småbåthamna sett frå Nakken..Klikk for større bilde
Kartet viser kvar småbåthamna ligger.