17.mai 2012:

Som vanleg samling på Benken


Meir om 17.mai her ...

GODT NYTT ÅR !

31/12-11: Ein stor og gild flokk markerte overgangen til 2012 på Benken på Brandeinan. Frisk vind, men god stemning både blant dei vaksne og dei yngre. Foto: Arvesen.


17.mai på Benken !


Som vanleg god stemning på Benken på Brandeinan. Her er det klart for avmarsj på 17.mai. Inkludert fotografen var vi 13 stykker som la i veg nedover mot skulen og samfunnshuset i Eresfjord. Der fortsatte vi som del av folketoget som gjekk til Sira Kyrkje.

22/4-11

BASE-hoppar landa på Brandeinan

To BASE-hopparar landa på Brandeinan langfredag i påska. Dei hoppa frå nordtoppen av Goksøyra. Den eine landa på Åse/Øverås, mens dei to andre landa på Steinsvoll og Brandeinan. Den eine var faktisk Jokke, som var med i ekstremsportserien frå Sognefjorden, som har gått på fjernsyn i det siste.
Foto: Per Gunnar Frisvoll



10/4-11

Rydde-dugnad på Steinsvoll

Vårdugnad med rydding av søppel og plast på Steinsvoll vart marakert med kaffeslaberas på Benken på Brandeinan i dag. Restar av rundballeplasten har ein lei tendens til å legge seg både i toppen av trær og utover markene. Vekk med det og alt blir så mykje, mykje meir triveleg !
Hermed går tilsvarande oppmoding også til dei andre grendene i Eresfjord !























































26/2-11

Nye folk på Brandeinan

Snev av vårstemning på Benken då vi med kaffe og lefser markerte våre nye innflyttarar.
Per Gunnar Frisvoll og Siw Elisabet Lillebostad flyttar inn på Brandeinan.
Alltid kjekt med nye folk.

Velkomen !




















































31/12-2010

Nyttår på Benken
Det er tradisjon med samling på Benken på Brandeinan. Slik også i år. Alle var godt kledd og veret med sludd/regn og litt vind gjorde derfor ingen verdens ting. Fyrverkeri gjekk i lufta med både smell og lys !
Samling på Benken på Brandeinan kl 24.00 den 31/12 2010
Emilie og Milan sammen med Turid
Gutta boys (og ei dame ) etter rakettoppskytinga


Flyplass på Brandeinan ...?

6.juni-10:

Søndag ettermiddag var det observert ein gul lavtflygande gjenstand over Brandeinan.

Bakgrunnen skal vere testflyging. Frå informert hald blir det nemleg hevda at det kan bli flyplass her på Brandeinan i Eresfjord. Brandeinan International Airport ! Ja, ikkje nok med det, det blir vurdert å kjøpe inn eige fly.

Her ser vi flyet med involverte samt nokre bilder frå flyturen dei var ute på denne søndags ettermiddagen.

Fly 4882-LN-BEC-red.jpg

Flyet 2465.jpg
Foto 1 2456.jpg
Skulen fra lufta 2454.jpg
Myrstad og 2455.jpg
Steinsvoll-2453.jpg
Kanndalen 2441.jpg