Eira Ungdomslag
Stifta
1921
Org.nr.996 185
583
Eira Ungdomslag ( Eira U.L.) er eit lite
lag i bygda Eresfjord i Nesset kommune, Møre og Romsdal.
Aktiviteten i laget har dei siste åra for det meste dreid seg om teater og revy. Sia 1995 har det vore årlege visingar, tilsaman 14 teater og revyforestillingar.
Etter eit års pause i 2006 var vi tilbake med revy i 2007.Den bar tittelen "Vill Vakker og våt"
I 2008 var det "Ein ronde te", eit samandrag av det beste frå tidlegare revyar.
I 2009 butta det meste imot. Planlagt teateroppsetting vart det ikkje noko av.
Men palmehelga i 2010 braka det laust igjen. Då med revyen "Nakkjen Hotell". Publikum strøyma til på dei to forestillingane. Suksess igjen !
Eira U.L. var også aktivt med i Bjørnsonpelet på Nesset Prestegard hausten 2010.
I 2011 lykkast det endeleg med å få satt opp teaterstykkjet Boeing Boeing. Knallsuksess igjen.
Det meste av inntektene i laget går derfor til drift, vedlikehald og restaurering av dette gamle og ærverdige forsamlinsgshuset.
EUL driv også forskjellig lagsarbeid for barn og unge. (I alle fall år om anna )
2012: Eira U.L. klar for påsketeater palmehelga.
|

