17.mai 2012 : Siste gong forbi Gammelskulen i Eresfjord ?
| Kanskje er dette siste gong
17.mai-toget passerer Sira gamle skule (Gammelskulen) .
Statens Vegvesen vil ha fjerna skulen på grunn av trafikkfarlege
forhold. Fleire alternative løysingar for å ta vare på Gammelskulen
i ei eller anna form har vore vurdert over lang tid. Men no ser det
ut til at riving blir valgt. Nok om det, 17. mai vart markert på tradisjonelt vis. Eresfjord Musikklag førte toget til og frå kyrkja. Deretter var det middag på Eresfjord Samfunnshus med påfølgjande kaffe og kaker. Is og brus, leikar for barna og ein 8 posters natursti som avslutning. Og mange flotte bunadskledde folk ! NB! Eresfjord Musikklag starta nasjonaldagen på Mittet i Rauma kommune. Deretter til Vistdal, så Eresfjord. Så ein tur ut til Boggestranda og avslutning i Eikesdal. Hurra ! |
Her er fleire bilder frå årets 17.mai i Eresfjord.
Klikk på første bildet, så skan du bla deg fram.
2011
17.mai i Eresfjord
Vanleg god opplutning om 17.mai i Eresfjord. Tog til Sira Kyrkje med Eresfjord Musikklag i spissen. Dei starta dagen med speling på Mittet i Rauma, vidare til Eresfjord, så Bugge, Vistdal og Eikesdal. Imponerande !I Eresfjord er Samfunnshuset samlingsarenaen med middag, kaffe, leikar og natursti.
17.mai-programmet
| Det blir 17.mai ....(2011) nesten som før ! Programmet blir slik:
Vi må tilbake til 2008 siste gong det var. |
Last ned Gud signe vårt dyre fedreland.

