Freds-maleriet frå 1945

Me vil oss eit land som er frelst og fritt

Kven var det som laga dette ?
Vi har kjelder som fortel at det var Nils Solhjell og Aslak Kavli som måla og monterte måleriet ungdomshuset Skogly i Eresfjord.
Med teksta: Me vil oss eit land som er frelst og fritt.
Det vart til i fredsdagane i mai 1945. Dei skal ha laga og fullført måleriet mellom den 8. og 17. mai 1945. Og vart først vist fram under fredsfesta i Skogly den 17. mai.

Eira U.L. vil gjerne kjenne den heile og fulle historia bak maleriet. Om nokon har andre opplysningar både om malereit og om fredsfesta i 1945, ta kontakt med oss.
Maleriet heng over scena i storsalen oppe i Skogly.