Skulehistorie over

11/10-2012: Så er det ingen veg tilbake. Sira gamle skule i Eresfjord er revet.

Det var i 1865 at Sira Skule vart bygd på Torhus. Dette etter at den engelske laksfiskaren og baron Charles Taylor gav 800 specidaler til føremålet. Landhandlar Møller i Eidsvåg fekk anbodet og enda var det 101 spd til overs som vart sett i bank i Molde.

Det var skule i bygninga fram til 1964, då nyskulen rett over på andre sia av elva stod fedig. Seinare har det vore både boksamling, doktorkontor og skuletannlege, rekneskapskontor, kurs-og husflidslokale og møterom til ymse.

Det er først og framst trafikkale forhold som er bakgrunnen for rivinga. Og at Nesset kommune ikkje lenger har bruk for bygninga. Det har vore mange alternative forslag til bruk. Men ingen som det har blitt noko av.

Moderne utstyr for riving av hus i 2012.
Vemodig - men nødvendig

Salg som forventa


Det gjekk unna både vafler, bøker og kaffe då Eira U.L. arrangerte bok-loppemarked 15.sept - 2012.


Samen med bord, hyller og div anna vart det selt varer for kr.4763,-


Eira
 U.L. takker !











Gammelskulen rives

2012
Bok-loppemarked i ungdomshuset SKOGLY laurdag 15/9 kl.13-17

Gamle Sira skule i Eresfjord blir i løpet av hausten reve. Og siste innspurt med å få tømt bygninga for bøker og utstyr er igang.
Laurdag 15.september blir det derfor bok-loppemarked og salg av bord og omnar til høgsbydande. All inntekt går til Eira U.L.
Blant ann blir dette selt til høgsbydande.
Flott omn med kokeplater øverst.
Jøtul etasjeomn
Skrivepultar og div.bord.
Bøker både for barn og vaksne.
Oppdatert 9/9-12