Restaurering/vedlikehald

2013-2014: Sliping og lakkering av golv

Seinhausten 2013 kom vi igang med sliping av golvet i storsalen oppe. Hovedformålet med dette var å lette reinhaldet. Den grove overflata i golvet gjorde vasking til ei stor utfordring.
Alt arbeid er gjort på dugnad. Omfattande sliping med maskin. Deretter beising med påfølgjande 4 lag med lakk. Stod fedig og klar til bruk til basaren 9.feb-14:
Og slik vart det:
.
.
Noen i dugnadsgjengen for sliping av golvet.

Nov-2012: Grøfting rundt SKOGLY



For å hindre fleire oversvømmelsar i kjellaren på Skogly, vart det i midten av november 2012 satt igang grøfting og lagt ned dreneringsrør rundt ungdomshuset.

Det vart lagt ned både vortepapp, duk og fyllt på med singel rundt drensrøra.

Prosjektet har kosta rundt 60.000,- kroner. Men vil vonaleg vere verdt det.

Det var i januar 2011 at det trengte vatn inn og opp gjenom golvet i kjellaren.











Halvmåneutbygget på vestsida av Skogly vart hausten 2010 restuarert.

Tre nye vindu vart satt inn. I tillegg vart det utført eit omfattande arbeid med å legge om skifertaket.
Her var det lekkasjer og nødvendige tiltak måtte settast i verk.

Samla kostnad vart i overkant av 80.000,- kroner.