VEDTEKTER - MILJØFOND FOR EIKESDAL OG ERESFJORD


Vedtekne av Kommunestyret i Nesset sak 102/98

§ 1 HEIMEL OG KAPITAL

Miljøfondet for Eikesdal og Eresfjord i Nesset kommune, er etablert med vedtak i Nesset kommunestyre den 16.02.93, sak K 005/93 og ved vedtak i Stortinget 16.12.1996 i samsvar med dokument 8:86 for 1995-96 og Innst. S.nr. 29 for 1996-97.

I samsvar med desse vedtektene betalar Nesset kommune kr 6.000.000,- til eit miljøfond for Eresfjord og Eikesdal. Fondet skal nyttast etter nærare vedtak i kommunestyret, for innbyggjarar i Eresfjord og Eikesdal.

Vedtektene skal være godkjende av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

§ 2 FORMÅL

Miljøfondet for Eresfjorden og Eikesdalen skal hjelpe til med finansiering av tiltak som kan fremje miljøfaktorar som gjev betra livskvalitet, for innbyggarane i bygdene Eresfjord og Eikesdal.

Miljøet er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av.

§ 3 VIRKEMÅTE OG VILKÅR

Den årlege avkastninga og sjølve fondskapitalen kan nyttast i formål som nevnt i § 2 og på den måten som er nemnt nedanfor.

Avkastninga av fondskapitalen kan delast ut av fondstyret kvart år. Minst 10 % av avkastninga skal leggjast til fondskapitalen kvart år.

a) Lån

Fondet kan yte lån.

Det skal til vanleg krevjast at fondet sine ytingar vert sikra mot tinglyst panterett i søkjaren sin eigedom.

Lån kan berre ytast av sjølve fondskapitalen.

Lån skal normalt ikkje ha lengre nedbetalingstid enn 8 år. Rentefoten skal vere rimeleg.

a) Tilskot

Tilskot kan ytast av avkastninga.

a) Stipend

Det kan gjevast stipend til søkjarar som er busette i Eresfjord eller Eikesdal eller som skal slå seg ned der, og som skal tileigne seg ein særskild fagkunnskap om miljøfremjande tiltak for desse bygdene. Vanleg utdanning ved høgskular eller universitet gjev ikkje rett til stipend.

Stipendet kan berre gjevast ved bruk av avkastninga av fondet

a) Storleiken på fondet sine ytingar

Fondet sine samla ytingar til eit tiltak skal normalt ikkje vere større enn 40 % av dei totale kostnadene.

I einskilde tilfelle kan fondet nyttast til ytingar utover dette, dersom tiltaket synest å vere eit særs viktig tiltak i Eikesdal eller Eresfjord.

Lån til eit enkelttiltak kan ytast med maksimalt kr 100.000,-.

Nesset kommunestyre er det øvste styringsorgan for miljøfondet. Kommunestyret skal velje eit fondsstyre med oppgåver og kompetanse som nemnt i § 6.

Fondstyret skal ha 5 medlemmar med like mange varamedlemmar. 2 av medlemmane og varamedlemmane blir valde frå Eikesdal og 2 av medlemmane og varamedlemmane frå Eresfjord. Vararekkene skal vere nummererte.

Funksjonstida er 4 år, og ho føl kommunestyret si funksjonstid. Fondstyret skal sjølv velje leiar, nestleiar og sekretær. Fondstyret sine medlemmar skal ha fri reise etter kommunen sitt regulativ til styremøta, og elles den godtgjersle som kommunestyret fastset. Utgiftene til dette blir dekte av fondet.

Rekneskapen for Miljøfondet skal førast av kommunekassa og vert revidert av kommunerevisoren.

§ 5 MØTE FOR FONDSTYRET

Styret skal følgje vedteken forretningsorden for styret si verksemd. Forretningsorden skal følgje vanlege kommunale reglar for innkalling til møter, forfall, bruk av møtebøker, utskrifter m.v. Styret vedtek sjølv forretningsorden for styret si verksemd.

§ 6 OPPGÅVER OG KOMPETANSE FOR FONDSTYRET

Fondstyret skal:

a) forvalte fondsmidlane, jfr. § 8

b) behandle søknader om støtte frå fondet

c) gjennomføre nødvendige undersøkingar før det blir gjort vedtak om lån eller tilskot. Fondstyret kan i denne samanheng engasjere konsulenthjelp til utgreiing av saker.

d) så langt som råd sjølv ta initiativ til å fremje samfunnsnyttige tiltak i Eresfjord og Eikesdal.

e) rekneskapen for Miljøfondet skal avsluttast innan 15. februar kvart år. Rekneskapen for fondet skal godkjennast av kommunestyret saman med årsmelding om verksemda og fondet sitt engasjement.

Gjenpart av rekneskap og årsmelding skal sendast Fylkesmannen.

a) gje tilråding til kommunestyret i spørsmål om endringa om denne vedtekta, jfr. § 9.

§ 7 KOMMUNESTYRET SINE OPPGÅVER

Kommunestyret kan delegere avgjerdsmynde i enkeltsaker.

a) Kommunestyret skal godkjenne rekneskap og årsmelding for fondet.

b) Fondstyret er delegert mynde til å treffe vedtak i enkeltsaker.

c) Ved klagebehandling er den kommunale klagenemnd endeleg klageinstans.

d) Eit mindretal i fondstyret kan krevje ei sak inn til kommunestyret til endeleg avgjer.

Eit slikt krav må setjast fram i det møtet der vedtak blir gjort.

Dersom ei sak skal sendast til kommunestyret, må det grunngjevast at vedtaket er i strid med vedtektene.

§ 8 FORVALTNING

Forvaltning av fondet skal skje i samsvar med denne vedtekta og kommunestyret sine retningsliner.

Fondet sine ledige midlar skal plasserast i bank eller på anna måte, og på slike vilkår at det gjev størst mogleg avkastning, men likevel slik at ein tilstrekkeleg sum til pårekna utbetalingar er disponible for styret til ei kvar tid.

Renter og avdrag frå låntakarar vert førte attende til fondet.

Avkastning av fondskapitalen skal førast attende til denne og kan nyttast i samsvar med vedtekta sin § 3, bokstav b) og c).

Ved tap av utlån etter § 3, bokstav a) skal slike tap dekkjast av avkastning av fondskapitalen før det vert gjort tildeling etter § 3, bokstav b) og c).

Fondstyret sin leiar har tilvisingsrett innanfor dei vedtak som fondstyret eller kommunestyret har gjort. Fondstyret har høve til å leige inn sekretærhjelp og hjelp til å utføre banktekniske tenester.

§ 9 ENDRINGAR AV VEDTEKTENE

Spørsmål om endring av vedtektene skal både fondstyret og kommunestyret gje fråsegn om, og endringane kan ikkje tre i kraft før dei er godkjende av Fylkesmannen.