25.januar 2019: Når januarsola maler i fjella..
Frå Vike ved Eikesdalsvatnet mot Hoemtinden, Gjuratinden og
Sjøvdøla. ( Klikk for større bilder) |
Mot Eikesdal med Ogåttind t.v. Auståvinden tek godt i
høgda. |
Hoemtinden sett frå Eikesdal. |
Lav januarsol i Eresfjord. Det bles godt i fjella Goksøyra og
Sjøvdøla og Nebba. |
26 og 28.oktober 2018: Hesthaugtind- sesongåpning på ski
28/10-18: Ny tur til Hesthaugtind (1103 moh), denne dagen med
Morten Hofstad. |
Heilt utruleg artig og veldig kjekt å kome seg på ski igjen.
Her frå toppen av Hesthaugtind mot Trolltind, Ryssdalsnebba og
Skjorta. |
Minst 0,5 meter snø her på toppen. |
Frå¨Breiskaret, kompakt snø underst og omlag 8-10 cm tørr nysnø
oppå. Breiskaret er ei terrengfelle og eit område som ikkje er egna for skiturar midtvinters på grunn av svært stor rasfare. Heilt tidleg i sesongen, rett etter at den første snøen er komen går det greitt. Her var det omlag 30 cm snø. |
Kaffe og brødskive med brunost er stas når du er jkome til
topps. Her utsikt mot Vistdal og Sandnebba og Svarttind. |
5/10-2018: Vinterleg i dei høgaste toppane.
Frusalen i haustleg vinterdrakt, sett frå Vardfjellet. |
Fløtatind, her bles det friskt frå vest. |
Klauva, her har det også godt eit flakskred i den
nordaustvendte sida. |
Kjøvskardtind og Vasstindane |
Fokk og snødrev også på Gjuratinden. |
29/9-18: Hårstadnebba og Langrabbpiggen i Litjdalen. |
Litjdalen i Sunndal med Dalavatnet og Hårstadnebba og
Langrabbpiggen. |
28/9-2018: Haust og nysnø
Også Sykkelbygda og "Eresfjord Bike Art Project" går mot
sesongslutt. |
Fenomenalt lys og kontraster no om hausten. |
Aston Martin på vinterføre er sjeldan kost i Eresfjord. Tilsaman 4 britisk registrerte bilar. |
Bilkortesjen passerte Fjellgarden på veg ned mot Vistdal. |
Frå Botnasetra i Finnsetlia 26/9-18 |
7/8- 2018: Naturens eige smykke
Myrull danna naturens eige smykke i Kvilhaugbotnen bak
Goksøyra. Litjskjorta bak. |
Her med både Skjorta og Litjskjorta som bakgrunn. |
Vakkert ... |
Fotogtafen måtte også bli med på eit bilde. |
. |
Enda litt tettare på den flotte myrulla. |
Verdensrekord frå Katthammaren i Eikesdal
Brothers Duo i Sira Kyrkje
23/6-2018: Aldri før har det vore ein slik konsert i Sira kyrkje i Eresfjord. Jaroslav og Daniil Letiagin (12 og 13 år gamle) slo trommer så dei gamle tømmerstokkane i kyrkja skalv! Dei heldige frammøte fekk ei musikkoppleving som dei aldri vil gløyme. Dei to unge spela også på Marimba, 3 meter lange instrument som dei trakterte eit av kvar. Ja dei slo også til firehendig på klaveret. Konserten i Sira kyrkje var ein del av Nesset Musikkfest. Det var den unge pianisten Olaf Andreas Strand som fekk æra av opne. Han er ein av våre fremste talenter på klassisk muskk og var for kort tid sia kåra til Årets Musiker. Det var magisk å lytte til han i den klangfulle kyrkja. Vi fekk også høyre Atem strykekvartett i samspel med Ole Christian Haagenrud på klaver. Vakkert og følsomt. Den trommande avslutninga var det altså dei to unge gutane som stod for. Det var både artig og fenomenalt å sjå og høyre. |
Her trakterer dei Marimba. |
Strykere frå Atem strykekvartett i samspel med Ole Chrsitian Haagenrud på klaver. |
Eventyrleg brytningstid
Brytningstida som våren representerer er eventyrleg. Full sommar i lavlandet. Liene opp mot høgfjellet blir meir og meir grøn. Elvar og bekkar bruser opp med dunder og brak. Den skarpe og klåre lufta er fantastisk. Du kjenner at du lever! Klikk på bilda for å få dei
større. |
På veg opp Storlia til Ljøsabotn. Utsikt sørover
Eikesdalsvatnet med Vikesaksa t.v og Ågåttind omlag midt i
bildet. |
Frå stien ved like ved hytta der årets Stikk Ut post er
plassert. Vi ser rett over mot Meringdalen med Sjøvdøla, Nebba og
Kvitfjellet. |
På veg innafor Finnset og til Slette og Brudesløret. Ein mektig
foss no i snøsmeltninga. |
Brudesløret i all sin prakt. Her inne under fossen finn du også
ein gapahuk. |
Redesign:
22.november 2017 har eresfjord.no fått nytt design på framsida.
Litt endra hovedbilde og litt annerleis oppbygging.
Forrige gong eresfjord.no vart endra var våren 2010. Håper alle liker den nye nettsida og finn fram like greitt som før. |
17.mai i sol og varme
2017: Tradisjonen tru var det tog til og frå Sira kyrkja også i år. Sol og vame gjorde at mange var med. På samfunnshuset var det trøndersodd, kaffe og kaker. Ja og ikkje minst is. Mykje is på ein slik dag som dette.Eresfjord Musikklag i spissen for 17.mai-toget i Eresfjord. Kva
skulle vi gjort utan dei ? |
God stemning og mykje folk i toget. |
Trofaste i Eresfjord Musikklag: Disse fem, Aslak Øverås , Mellvin Steinsvoll, Olav Rød, Mareno Nauste og Jan Erik Frisvoll, har tilsammen spilt i ca 650 17.mai-tog. Det blir 130 i snitt. Og det er med god margin ! Noe bedre ? |
17/5-16:Bua på Husmannen - med flagg 17.mai
Jan Bjarne ved flagget på bua på Husmannen. Det vart rigga opp
til 17.mai og tatt ned att om kvelden - ved solnedgang ! |
Slik tok det seg ut gjennom telelinsa nede frå bygda. |
Forrige gong dette store flagget vart brukt var under Tour de
France |
"nedfiring" av det 15 kvadratmeter store flagget. |
Husmannen ( 740 moh) er ein fortopp rett under den steile
vestveggen på Goskøyra (1315 ) i Eresfjord. Pila viser plasseringa
av bua. |
Spekaktulær plassering og utsikt over Eresfjord. |
Stig Arild og Jan Bjarne inne i bua. |
Bua sett frå skaret bak Husmannen mot Kvitfjellet. |
14/3-15: Eventyrlege forhold i fjellet
kVITFJELLET (1381 moh) Ein fornøgd gjeng klar for nedrenning
mot Håndedalen. Bak ser vi Sjøvdøla, Nyheitindane og Gjuratinden.
Vindstille og sol frå knallbå himmel. Fantastisk ! |
Fjelleriket ! Turen opp til Ugelhaugen og vidare langs ryggen
innover Sela opp til Kvitfjellet er eit eventyr med fenomenal
utsikt til alle kantar. Her mot Fløtatinden, Vikesaksa og
Midtfondtindane. |
Eresfjord med Goksøyra samt nordre den av Eikesdalsvatnet.
Skjorta til venstre. |
Utsikt mot Kjøvskardtinden og Vasstindane. Vasstindbu ligger på
ryggen i skuggefeltet heilt til høgre. |
Frå Kjøvhaugen ein fin novemberdag
Kjøvhaugen (1031 moh) rett sør for Kalvgjeltinden er eit
undervurdert turmål. Fenomenal utsikt til alle kantar. Her ser vi
sola snik seg rundt Kalvgjeltinden. Vidare bakover kjem Vasstinden,
Kjøvskartinden, Kirketaket og Klauva heilt til høgre. 22
nov-14. |
Mens vi venter på vinteren og meir snø ! Vakkert . |
Sola snik seg bak Kalvgjeltinden, deretter ser vi Vasstinden og
Kjøvskardtinden. |
Kjøvvatnet med Kirketaket rett bak. Klauva lengst til
høgre. |
Frå toppen av Kjøvhaugen ( 1031 moh) . Vi ser austover mot
Skjorta, Litjskjortene og Goksøyra. |
17.mai i Eresfjord
2014: God stemning med mykje is i finveret under 17.mai i Eresfjord.. |
Påskeaften 19/4- 2014: Familiedag på Hundneset
Eresfjord I.L. inviterte til Familiedag på
Hundneset påskeaften.
Det var mange som tok turen til Hundneset påskeaften. Dit kom du
til ferdig dampa blåskjell med loff og majones. Nokon grilla også
blåskjel smaman med pølser og brød. Og det var fiksekonkurranse og
natursti. Med andre ord noko for ein kvar smak, både for vaksne og
barn.Rett og slett ein suksess ! Anslagsvis var det mellom 70-80 personar med smått og stort. Dei fleste fulgte stien frå Nauste mens andre kom sjøvegen med båt. Her er Meir info og kart . Her er ein kort bildeserie frå familiedagen på Hundneset. Klikk på det første bilde og bla deg fram. |
23/12-13:Førjulsgraut på Hundneset
Det var hauløkt og holkefore på veg utover til Hundneset denne
litj-julekvelden, men grauten smaka godt rundt bålet. Ja småkakene
som vart servert til kaffen var enda bedre. Så kom fønvinden og på
veg heim att hadde ishinna på stien forsvunne. GOD JUL til alle saman ! |
. |
Filmteam på Katthammaren i Eikesdal
21/10-13: Det vart vinterlege forhold for filmteamet som i midten av oktober var på Katthammaren / Strandkolvet. Ei gruppe på 10-11 personar hadde base i 2 lavvoar i Bjørkskaret og for å gjere opptak til ein kortfilm med tittelen "Last Base".Her er noen bildeglimt.
Idylliske og vinterlege forhold på toppen av Katthammaren. Bak
ser vi Rangåtind, Hauduken og Hoemtinden. |
Filmopptak ved exit på Katthammaren. |
Foto: BMØ
Gode lokale turtips i UTE-magasinet
Kirsti og Dag Fagerslett har gjeve sine lokale turtips til UTE-magasinet.
|
Hatte-parade under Skjortarennet !
Hei folkens !I fjor var det skiklede frå Spitz-tida. Under påskeaften 30.mars-13 blir alle oppmoda til å vere med på hatteparade i Kanndalen. Finn fram hatter fra skap og hyller. Eller bruk fantasien til å lage nye hatter.
Det blir konkurranse og premie til den som stiller opp med den flottaste hatten. Alt er i regi av Vårsol 4 H.
Sjå meir om Skjortarennet .
Sultind / Dølmørhaugen 20/1-13
Desembersol i Røndølskaret
1 desember 2012: Korte dagar, men fantastisk flotte solgløtt.
Her frå Røndølsksaret mot Goksøyra, Skjorta og Lijskjorta. Klikk for litt større bilde |
Sesongstart på ski Jamtetind
28/10-12: Fenomenal dag med sol og knallflotte skiforhold på Jamtetind i dag. Omlag 40-60 cm snø. Og vi var ikkje aleine der. Det kom fleire grupper med skifolk etter oss. Totalt rundt 12-15 pesonar såvidt eg kunne telle.Merknad: Jørund R.L var der i går, 27/10. Og var altså "først" !
Ellers om forholda; Sjekk bildene til Terje Aamodt !
14/10-12 Nesten vinter på Jamtetind
|
Lomshaugen / Meringdalsetra
Den vesle tjønna ved Lomshaugen ( 600 moh) er utruleg idyllisk. Med Fløtatinden og Vikesaksa i bakgrunnen.Meir om turen frå Meringdalen i Eresfjord og opp hit finner du her.
. |
||
|
Godtemplarhammaren - no som bauta i Godvikja
Bjørn Austigard i aksjon - les meir om seremonien her. |
7.juni 2012:
Vargehaugen er Stikk UT post
Stien frå Sulgrova og opp til Vargehaugen er no rydda og merka som Stikk Ut post.Ein enkel og kort tur med ei fenomenal utsikt. Meir om turen her.
Her er eg nesten på toppen. |
20.mai 2012: 263 deltok i Bygda Rundt
God opplsutning om Bygda Rundt også denne gongen. Tilsaman 263 sykla rundt Eresfjord. Les meir her. |
2012
17.mai i Eresfjord
Bunad og is og god stemning på trappa ved Eresfjord
Samfunnshus Meir om 17.mai her |
Snev av vår ved Eikesdalsvatnet
Ettermiddags-sola vermer. Her ved Kvennhjellen ved
Eikesdalsvatnet. |
Eventyrlege forhold på Kalvgjeltinden
Endeleg vart det ein fin dag med sol ! Og veldige gode
snøforhold. Mens det var ein skokk med folk både på Kvitfjellet og
på Jamtetinden var eg heilt plett mo aleine på Kalvgjeltinden.
Kunne derfor sette min eigen jomfruelege signatur i snøen på veg
ned igjen. Ikkje eit einaste anna spor ! For ein dag ! Her er utsikta frå toppen. Vi ser mot Vasstindane, Kjøvskardtinden og Kirketaket. Vi ser Vasstindbu som ein liten prikk i skaret midt på bildet. |
Knallsuksess med Familiedag i Kanndalen
Rundt 150 personar med smått og stort tok turen til Kanndalen i Ersfjord påskeaften. Her er tre blide barn etter målgang. Les mere om Familiedagen i Kanndalen her. |
Antrekk gammel stil ?
Skjortarennet
går påskeaften laurdag 7. april. Og Eresfjord Bygdelag sammen
med Vårsol 4H utfordrer folket til å stille opp i "gammel stil" .
Det kan for eksempel vere Spitz of Norway, Quinto eller rett og
slett skiantrekk frå andre tidsepoker.Denne muntre gjengen med Unni Reitan, Bente M. Lervold, Hege Jøstad og Tove Krogset sender utfordringa vidare.
Her er det berre å bruke fantasien og still opp i det du vil !
Tilbake til Skjortarennet. |
Mange isklatrere i området i vinter
Området i Eresfjord og Eikesdal har vorte ganske populær for isklatrere. Både norske og utenlandske har vore på besøk i vinter. Her er eit bilde frå islinjene på andre sia av fjorden for Prestneset i Eidsvåg. Nærmare bestemt i fjellpartiet utanfor Erneset.Fleire bilder finn du her.
Svarttinden
22/1-12: Det er berre å slå fast nok ein gong, ein skitur opp til Svarttinden (1094 moh) i Vistdal er utruleg flott. Start på Nerland og følg skogsvegane oppover. I dette området er du også meir i le for eventuell søraust vind. Lett og fint terrneg å gå i.Frå toppen av med utsyn over Vistdal. |
Lav, men idyllisk januarsol. Vis er Sultind, Kalvgjeltind,
Kjøvskardtind, Kyrkjetaket, Klauva og Blåfjellet. |
GODT NYTT ÅR !
Jamtetind 31/12-2011Som vanleg frisk vind på toppen av Jamtetind (1101 moh). Men ellers fenomenale gode forhold med 60 cm puddersnø. Fjella smiler til deg under slike forhold. Her ser vi Bjarte Rød (tv.) Kurt Asle Arvesen og Emil, pluss Jørund Rasten Leirvoll. Foto: BMØ
Orkanen Dagmar
Jula 2011: Store skadar også i Eresfjord etter orkanen Dagmar sine herjingar. Verkstedbygninga ved Kavli Moen Gård vart totalskadd. Fleire bilder her.GOD JUL frå Jamtetind
20/12-11 Nok ein gong fenomenale flotte fohold på Jamtetind i Eresfjord. Rett nok ein og anna stein som kan overraske, men pudder og hærleg skikøyring ned att. Her ser vi Bjarte Rød (tv) og Magnus Øverås klar for nedfart. Foto: BMØMåneskin over lysløypa
7/12-11: Eventyrlege flotte forhold rundt lysløypa på
Lomstjønna i Eresfjord. Det er meir enn nok snø og flotte forhold
med gode spor i løypa. |
3/9-11
Kavli Moen Gård offisielt åpna
Laurdag 3.september var det offisiell åpning av Kavli Moen Gård i Eresfjord. Det var Fred Kavli sjølv som stod for åpninga. Milliardæren, som bur i USA, har brukt meir enn 30 millionar kroner på å restaurere bygningar og bygge opp barndomsgården til ein hærskapelig gjestegård. Gården har Fred Kavli gitt stiftelsen ansvaret for å drive og forvalte. På den måten har Fred Kavli ment at gjestegården skal være lokalsamfunnets eigedom.Les meir her.
Haustleg i fjellet
24/8-11Frå Kvitfjellet med utsyn over Eresfjord. |
Melkallen i Håndedalen med Melkallvatna. Kjøvskardtind t.v
bak. |
Eresfjord Classic fredag 15.juli kl.18.00
....og selvfølgelig kommer Kurt Asle Arvesen. Han forventer også at mange andre kommer både for å delta og for å heie i dette show-rittet ! Start på Coop Eresfjord og målgang på Fjellgarden på Vistdalsfjellet 500 moh.Ingen grunn til å nøle med melde seg på til johnbeyer@online.no
Og Mini-classic
som vart arrangert laurdag 16/7: LES MEIR HER24 unge deltakere under Eresfjord Mini-Classic. Her ved målgang
sammen med Kurt Asle Arvesen. |
Suksess med Skjortadagen
Tilsammen var det 55 personar som kom seg til topps på Skjorta
(1711 moh) påskeaften 23/4-11.Her er det to utruleg godt fornøgde damer på toppen!
Meir om Skjortadagen her.
Folksomt også på Sjøvdøla
Langfredag i påska var det også mange som la turen til Sjøvdøla. I overkant av 25 personar, vil eg tippe.Påsketeater Boeing Boeing ...
Vellukka framføring palmehelga. Bilder og meir her...Snev av vårstemning !
Goksøyra er like majestetisk uansett årstid. |
Eira førebur seg på snøsmelting og auka vassføring. |
12/2-11 Frå Kvitfjellet - i februar-lys !
|
Kaldt og flott
vinterver ! Her frå toppen av Kvitfjellet (1381 moh ) i
Eresfjord. Vi ser rett vestover mot Melkallen (heilt til venstre.)
Deretter Kjøvskardtinden og Vasstindane. Håndedalen nede i
skyggen. Start frå Fjellgarden (høgaste punktet over Vistdalsfjellet) og gå opp på Uglehauagen og vidare sørover Sela og til Kvitfjellet. Dette er ein av dei flottaste turane du kan ta i dette området ! Nedrenninga i den vestvendte snøsida ned mot Håndedalen har ofte snø som ikkje er så vindbearbeidd som mange andre stader i samme området. Dette er rett og slett ein fenomenal flott tur ! |
Vinter og lav sol !
Livsglede på
Jamtetinden Rett og slett vakkert var det på toppen denne dagen. Uvanleg stille, berre ein liten iskald trekk. Magisk blir det i tllegg når sola sender inn sine lave strålar og lyser opp tindar som Skjorta og Ryssdalsnebba. Skiføret var også bra, i alle fall over skoggrensa. Litt brøtføre lenger ned. |
Julebukk på Brandeinan
Tredje juledag banka det hardt på døra. Jau då. Det var julebukkar som kom på besøk. Tre unge og blide. Dei sang til og med. Før dei fortsatte på si juleferd, fekk dei fyllt opp sekken med litt julegodteri. Kjekt med slikt besøk ! GOD JUL ! |
16/12-10
Knallgod juleavslutning sammen med kulturskulen !
KIZZ var av dei innslaga under Eresfjord skule si
juleavslutning som sjarmerte publikum i Eresfjord Samfunnshus
. Sjå meir her. |
|
17/12-10
Kavli Moen Gård
23/10-10
Sti-kartprosjekt
Kommunevekstprogrammet i Nesset inviterer bygdene til eit sti-og kartprosjekt. Formål: Lage og merke stiar slik at både fastbuande og besøkande enkelt kan orientere seg og finne fram. Kart og /eller kartblad samt at dette skal vere tilgjengeleg via web /internett er også eit mål. |
![]() |
Røndølskarsvatnet. |
21/10-10:
Sesongstart på ski til Jamtetind
![]() |
Hærleg på Jamtetind ! Da er skisesongen igong. Ikkje all verdens mengder med snø. Men over tregrensa var det ca 1/2 meter. I skogen gjekk det derfor mildt sagt over stokk og stein. Uansett; det er godt å vere igong ! |
9/10-10
Hytta / kvilebua på Blåfjellet
![]() |
Hytteeierforeninga på Meisalfjellet og dei mange andre ivrige entusiastane bak hytta / kvilebua på Blåfjellet (1192 moh) er snart ferdig med prosjektet. Og resultatet er rett og slett imponerande ! Hit bør du ta turen. Med utgangspunkt Meisalvatnet (613 moh) følgjer du merka sti sørover forbi Kvendsetvatnet og vidare opp i Sandvikskaret (804 moh) . Vidare opp nordryggen til Blåfjellet. Her har det allereie vorte eit bra tråkk. Innan eit par timars gåing er du oppe. |
29/9-10
Eikesdalsvatnet
Blikkstille og sylklår haustluft. Saue/bækresanking stod på dagsorden. Men det vart også ein fenomenal fin tur.
![]() |
Arild Karijord ser utover Eikesdalsvatnet. Hoem nede til venstre. Vike til høgre. Bildet er tatt i ca 800 meters høgde oppe i Hoemtinden. Alle foto: Bjørn M. Øverås |
25/9-10
Ufatteleg flott haustver !
![]() |
Frå Trolltind og utsikt mot Ryssdalsnebba. Vi ser litt av Frusalvatnet. Kanndalen nede til høgre. |
![]() |
Haust-idyll ved Trollbotn. Vi ser Ryssdalsnebba og Frusalen. |
![]() |
Nysnø og haustfarga lyng. Vi er på ryggen nord for Jamtetinden. I bakgrunnen Utkleiva og Stranddalen. |
![]() |
Frå Hesthaugtinen med utsikt mot Håndedalen. Vi ser litt av Kjøvvatnet og Kirketaket lenger bak. |
8/9-10
ERESFJORD
Dette er bygda multimiliardæren Fred Kavli snakker om, ref Romsdals Budstikke om den store prisutdelinga av Kavliprisen i Oslo Konserthus tirsdag 7.september -10.
Her er meir om prisutdeling lagt ut på Nesset kommune sine heimesider.
![]() |
Eresfjord sett frå Røndølskaret. Eikesdalsvatnet nærmast og
monumentet Goksøyra beint fram. |
1/9-10
Bjørnsonspelet på Nesset Prestegard:
Regnet holdt seg unna og "Her vokste mine inntrykk" kunne endeleg framførast i på utescena på Nesset Prestegard. Ikkje langt unna 400 personar såg spelet som hadde 20 innslag med ei blanding av sang, musikk og aktørar som alle viste utdrag og dramatiseringar av Bjørnsontekster. Oppsettinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Bjørnsonfestivalen i Nesset, amatørskuespelarar frå Eidsvåg og Eresfjord, skulebarn og lærarar , Eidsvåg Songlag, musikere frå fleire kulturskular og Møremusikarane. |
![]() |
29/8-10
Kongebesøket på Nesset prestegard
Stor stas og god stemning da Kong Harald besøkte prestegarden. Her ser vi Kong Harald saman med Fylkesmann Lodve Solholm og ordførar Rolf Jonas Hurlen. Fleire bilder frå Kongebesøket her. |
![]() |
******************************************************************************************
18/8-10
Sommar også i fjellet ... undrer meg på !
Frå Prestaksla (609 moh) med utsikt innover mot Eresfjord. Skjorta og Goksøyra er dei mest markerte fjella.
Dette er frå utløpet ved Stranddalsvatnet (938 moh). Ryssdalsnebba, Frusalen og Skjorta bak.
*******************************************************************************************Mardøla-aksjonen 40 år etter !
Søndag 20. juni 2010 var det markering av at det er 40 år
sia striden om Mardalsfossen spissa seg til med aksjon og sivil
ulydigheit i Sandgrovbotnen. Desse augustdagane i 1970 vart nok
meir spennande og dramataisk enn nokon kunne ane. 2o juni "opnar" også Mardalsfossen sitt sommarslepp. Det varer kvart år fram til 20. august.
|
![]() |
Slik var det 17.mai på prestegarden
Toget frå "indre" starta ved Buggetunnelen og møtte det andre toget frå "ytre" på Nesset prestegard. Dei fleste hadde sitt første møte med den nye Fjøsen på prestgarden. Her var det godt å få varme seg litt. Ute-tempen var ikkje meir enn akkurat nok !
Edvard Hoem heldt dagens tale. Som bilda viser var det mykje folk og god stemning !
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
*******************************************************************************************
17.mai i Eresfjord (2010)
Årets 17.mai i Eresfjord blir delt i to:
I detalj blir det slik Kl.09.00: Buss ( 2 stk) frå Coop Eresfjord som går til Ut-Bugge Kl.09.30: Oppstilling til tog på Ut-Bugge (Parkering av privatbilder på anvist plass) Kl. 10.00: Toget starter og går til Nesset Prestegard Her blir det variert program med blant anna: Eresfjord Musikklag og Nesset skolekorps, Felleskor barnehagene og småskolene i kommunen, tale for dagen ved Edvard Hoem , Felleskor mellomtrinnene og ungdomstrinnene i kommunen, Eidsvåg songlag, andakt og allsang. Det blir ymse aktivitetar som: Matsal, rømmegraut, leikar i tunet, film, kafe og utstillingar NRK skal vere tilstades med direktesendingar. Kl. 13.00 Retur med buss til Coop Eresfjord |
![]() |
Lokalt i Eresfjord blir det omlag slik: Coop Eresfjord
Ca kl. 14.00
|
|
*******************************************************************************************
25/4-10:
Blåskjell på Hundneset
Millionvis av flotte blåskjell på Hundneset. Men obs; dei er giftige !
Årsak: Alexandrium langt over faregrensen, ref Mattilsynet.
![]() |
![]() |
|
Utrulege mengder med blåskjell ! |
Fine rosetter med blåskjell. |
7/4-10:
Velkomen
til Eresfjord si nye heimeside.
Den forrige var enkel og grei i starten. Men etter kvart svært uryddig og vanskeleg å finne fram i. Denne nye håper eg skal vere informativ og nyttig. Klikk i veg og lykke til ! Bjørn Magne Øverås |
![]() |