Bækre-sanking
Sept. 2016: Kvar sommar blir det sleppt bækrar på
Homesetra ved Eikesdalsvatnet. Dei "et" seg oppover den bratte lia
under Hoemtinden / Breifonntinden langs Breifonna. Nokre går over
ryggen og i botn på sørsida av Hoemtinden. Nokre få andre kryssar
seg over til Rangåløyfta og trivs godt i dei stupbratte liene og
fjellkknausane der.
Her går bækrene i lag med både hjort og reinsdyrbukkar.
Ikkje alltid like greitt å få ned att "bækkersauene" i desse bratte liene. Her er nokre bildeglimt frå sankinga hausten 2016.
Klikk for større bilder.
Her går bækrene i lag med både hjort og reinsdyrbukkar.
Ikkje alltid like greitt å få ned att "bækkersauene" i desse bratte liene. Her er nokre bildeglimt frå sankinga hausten 2016.
Klikk for større bilder.
I den store botnen rett sør for Hoemtinden. |
Harald Wahlstrøm loser sauebækrene trygt og roleg nedover
ryggen. Vikesaksa bak. |
For å kome til Rangåskardet kan det vere like greitt å gå frå
Mardalsbotn. Her ser vi ned på Inste Haudukvatnet. Kvanndalstind og
Store Vengetind lenger bak. |
Midtfonndtind (tv), Spikrottinden/Auståvindhøa, Ogåttind og
Bjørktind sett frå botnen sør for Hoemtinden på vestsia av
Eikesdalvatnet. Harald Wahlstrøm og Iver Gjelstenli klagar ikkje i
det fine haustveret. |
Like før det brattnar til ned mot Eikesdalsvatnet. Vike til
venstre og Øvre Vike til høgre. |
. |
Reinsdyrbukkar rett under nordsia av Rangåtind. |
Bækrene er endeleg nede ved Eikesdalsvatnet |
Da er det klart for båtskyss over til "fatstlandet". |
. |
. |