Svaklatring i Eresfjord

Oversikt over dei 4 hovedfelta for svakaltring i Eresfjord.

Oppdatert september 2014

image514.jpg


Klatring i Eresfjord 2.utgåve-2014

Klatring i Eresfjord, 2.utgåve var ferdig i september 2014.
Denne 2.utgåva er på 128 sider. Med omtale av 64 ruter i 9 områder.
I tillegg har vi ei oversikt over 62 isruter som er klatra i Eikesdal og Eresfjord.
Alle nye klatreruter frå og med 2010 og fram til og med sommaren 2014 er tatt med.
Oppdatering av nye ruter og andre endringar finn du under Nyheter.


Pris kr.200,- pluss porto = kr. 240,-

Boka kan bestillast her.


Her eit eksempel frå boka; rutene på Håhammaren.

Eit lite avsnitt frå boka:

19. mai 1991 var starten på utviklinga av mange fine svaruter langs Eresfjorden. Denne dagen bora Bjørn Magne Øverås, Bjørn Bergsvik og Iver Gjelstenli opp den tre taulenger lange ruta Sjakk Matt på Håhammaren på det store svaet like ved bilvegen cirka 500 meter nord for Eresfjord Småbåthamn. Ruta følgjer eit kompakt sva, og er 100 prosent sikra med boreboltar. Dei tre taulengdene vart bora på rappel, og gjort ferdig på ein dag. 3. juni var dei tre pionerande tilbake, og leda dei tre taulengdene første gong.Rute 4.4


Boka inneheld også 12 klatreruter i Goksøyra. Herav 8 ruter i sjølve vestveggen. NB Det er klatra nye ruter etter 2014.
Sjå NYHETER.