Nye klatreruter

Denne sida skal vse nye klatreruter etablert etter 2.utgave av "Klatring i Eresfjord" som kom ut 31.juli 2014.
Pluss anna nyttig ny informasjon.

"Fordi det e artig!"

23/5-2019: Cameron-svaet i Eresfjord, det nye klatrefeltet opp til venstre for Gaidsvaet, vart avdekt gjennom opprensking og høgtrykkspyling av Bjørn Alexander Cameron, Stig Arild Arvesen og Jan Bjarne Øverås i starten av mai. Torsdag 23. mai vart den første ruta på nyfeltet bolta og klatra av Bjørn Magne og Iver Gjelstenli.

Ruta har fått namnet «Fordi det e artig!», og skal vere til minne om vår gode ven og taulagslamerat Oskar Mork, som døydde 11. april i år. Ruta er 30 meter, tett sikra med 13 boreboltar + topp/snufeste. Grad: cirka 4+ i starten, deretter koseleg svaklatring. Rutenamnet er sitat fra Oskar, som fortel mykje om hans enkle, gode og ujålete «klatrefilosofi». Når han fekk det klassiske spørsmålet: Kvifor klatrar du? Var svaret frå Oskar: Fordi det er artig! Ruta startar oppe til venstre på det nye svaet og følgjer ein rampe og ein tydeleg formasjon i fjellet videre oppover.

Velkommen til Eresfjord for å klatre og minnast Oskar! Prøv også «Over Ævne», Oskars rute på Gaidsvaet. Naturleg sikra, grad 5+.

Oskar Mork på toppen av Giro d' Italia i Eresfjord. Bildet er tatt i 2016 da Oskar var 80 år gamal. Han døyde 83 år gamal.
Frå borringa av dei 13 mellomfornakringa på "Fordi det e artig".
Etter kvart skal det også bli fleire ruter på Cameronsvaet.

23.mai 2018 Rebolting Ludo

1.taulengde på Ludo på Håhammaren er rebolta. 3 gamle boltar er fjerna og 6 nye er montert. Dennne taulendga har no 14 boltar.

Mai 2018: Prostatarisset

8.mai -18 vart det borra opp ei ny rute på Gaidsvaet, mellom Klatreløypa og Svaskulen.
Mareno Nauste fekk æra av å lede første gong. Grad 5+/6-

Sept.2017: Rebolting delar av Fjellulv

Ruta Fjellulv på Ulvesvaet fekk i slutten av september-17 noen ekstra boltar.
Spesielt 1.taulengde er rebolta og har no 15 boltar. Ellers er det laga ein ekstra standplass for 5.taulengde for å unngå taudrag rundt hjørnet etter den hengande standplassen på 4.taulengde. Dermed er Fjellulv no på 9 taulengder.
Samt noen få ekstra boltar på noen av dei andre taulengdene.
Fjellulv er framleis ei miskrute der det er nødvendig å ha med fullt rack, også store kamkilar. Spesielt på 4.taulengde.

15/6-16:Ny rute på Goksøyra

Sindre B. Sæther og Ole Johan Sæther har klatra ei ny rute på Goksøyra. Går mellom "Christianiabohemen" og "Å være ung er for jævlig". Starter på Trekanthylla og følger dei 2 første taulengdene på "Norskeruta" før den tek av rett opp langs tydelige formasjonar. Er på 11 taulengder.
Her går ruta...
Sindre og Ole Johan har ikkje satt namn på ruta enda, men seier følgjande:
Mye fin klatring. Cruxet er dårlig sikra, men på reint og fast fjell. (klikk på bidet for å få det større, da ser du også graderinga)
Her er eit par andre bilder tatt under turen.



Pensjonisten, april-mai 2016

1.mai-helga-2016 var det stor aktivitet både på Håhammaren og Gaidsvaet i Eresfjord. Familieklatring, grilling, besøk av svenske klatrere og andre lokale samt etablering av ei ny rute som fekk namnet Pensjonisten.
Ja, den gule sykkelen på Håhammaren kom også på plass igjen i helga.

Noen kosa seg i hengekøye under veggen.
Familiesamling og grilling under Håhammaren.

30.april 2016

Pensjonisten er eit 100 prosent kilesikra riss som vi gravde fram heilt i venstre kant av Gaidsvaet. Først vart 3 større trær fellt. Deretter starta grovutgraving av torv, gras og stein. Deretter meir finpussing med gamal isøks og kost. Til slutt rigga vi opp høgtrykkspylar, 32 A agregat, 1000 liter vanntank og satte igang med spyling av risset. Det vart gullande reint. Kanskje litt brutalt, men det vart eit flott og fullt ut kilesikra riss rundt grad 4.

Slik vart det sjåande ut til slutt.
Er ca 40 meter langt med borreboltar til snufeste i toppen.
Vart første gong klatra 30.april-16 av Bjørn Magne Øverås, Jan Bjarne Øverås, Tore Rød og Bjørn Alexander Cameron.

Ruta er veldig godt egna til å øve seg på å legge kilar i riss.

30/4-16:Nye ruter oppe til høgre for Gullrush

Ted Ekberg har informert om at Mia Petersson og Markus Andersson har klatra to nye linjer heilt oppe i hammaren til høgre for Gullrush.
Rutene heiter Anguli Procyon Lotor ( 5+ ) og Doing my best to impress (6-)
(Trykk på bildet for å få det større)


Via Mia

3.sept.2015 vart det klatra ei ny rute. Ender i snufeste oppe i diagonalen på Trillebåre Tango på Håhammaren. Har 6 borreboltar og med grad 5.
Første gong av Mia Peterson. Ruta går ca 10 meter til venstre for Bjørnson.

Trillebåre tango

23/8-15. Ny rute på Håhammaren.
Søndag gikk vi hva vi tror er en ny rute på Håhammaren. Vi starta rett til venstre for Bjørnson og traverserte hele overhenget forbi Torvløysa og bort til venstre for veggen. En meget fin og litt spesiell rute! Vanskeligste klatringen var et lite opptak på førstelengden men for mange vil det vare passasjen forbi over på innsida av klemblokka i andrelengden som er den store utfordringen, her må en nøye vurdere kroppsstørrelse på både seg sjøl og andremann! Den som er for stor må klatre rundt på nedsida blokka, ser ut å vare grad 4+-5 omtrent. Det kan vare lurt å ha med ett godt utvalg av litt større kamkiler men det er godt om muligheter å sikre med mindre ting. Rutenavnet beskriver teknikken som brukes for å komme seg ut over klemblokka.
Klikk på bildet for å sjå det større.

Trillebåre tango
70 meter, grad 5
Ted Ekberg, Mia Petersson, Emil Bråten
23. august 2015