Eira Ungdomslag

Stifta 1921

Org.nr.996 185 583

image327.jpgEira Ungdomslag ( Eira U.L.) er eit lite lag i bygda Eresfjord i Nesset kommune, Møre og Romsdal.

Eira U.L., som vart stifta i 1921, fekk sitt eige lagshus SKOGLY i 1928. På Gnr/Bnr:74/4
Det meste av inntektene i laget går til drift, vedlikehald og restaurering av dette gamle og ærverdige forsamlinsgshuset.
Skogly er registrert som eit regionalt kulturminne, ref fylkeskommunen si kulturminneplan.

Husleigeprisar SKOGLY fom 2015

Kjeller
500,-
Sal oppe
500,-
Heile huset
800,-
Møter
300,-

Les reglane for vask og reinhald av huset.

Vil du leige SKOGLY, .... du kan booke og leige sjølv. Blanke dagfelt er ledig. Lykke til !
Spørsmål... ta kontakt med 971 62 499 eller på epost.
NB! Ingen innlogging kreves for å booke Skogly.

Nyheter....

Aktiviteten i laget har dei siste åra for det meste dreid seg om teater og revy. Sia 1995 har det vore (nesten) årlege visingar, tilsaman 19 teater og revyforestillingar. I tillegg var det også teater i 1982 og 1983.

Det var pause i 2006 og 2009.

I 2008 var det "Ein ronde te", eit samandrag av det beste frå tidlegare revyar.

Men palmehelga i 2010 braka det laust igjen. Då med revyen "Nakkjen Hotell". Publikum strøyma til på dei to forestillingane. Suksess igjen !

Eira U.L. var også aktivt med i Bjørnsonpelet på Nesset Prestegard hausten 2010.

I 2011 lykkast det endeleg med å få satt opp teaterstykkjet Boeing Boeing. Knallsuksess igjen.

I 2012 var det teater med "Svin på skogen"

2013: Revyen: InniHuttiheita

2014: Drømmeturen -- premiere Palmehelga !

2015: Lufta e fri for alle ! Sjå bilder.


2015: "Lufta e fri for alle" er tittelen på 2015-revyen frå EUL i Eresfjord. Med premiere palmehelga 27 og 28. mars.


Revygjengen framme frå venstre: Erik Fostervoll, Gunn Marit S. Hindhammer, Jan Bjarne Øverås, Anette Øverås, Annlaug Berge, Johannes Øverås, Tone Kvamsås. Bak: Turid L. Øverås, Ingrid Torjuul, Anne Husby, Kirsti Ranvik og Raymond Rekdal.
Her er bilder frå framføringa.