Mardøla-2020


Februar 2019:

Vi er ei gruppe i Eresfjord og Eikesdal som har teke initiativet til å markere at det er 50 år sia Mardøla-aksjonen fann stad i 1970. Dette med ei markering i 2020.

Vi er i startfasen og har invitert noen enkeltpersonar til ei idemyldring som vi ser for oss skal vere i Eikesdal sommaren 2019, parallelt med Eikesdalsdagene som er 10-11 august.

Det vi har gjort er å stifte eit frivillig lag som har fått namnet Mardøla-2020.

Formål:

Markere 50-års jubileum for Mardøla-aksjonen. Samle og formidle informasjon om Mardøla-aksjonen og klassisk naturvern. Bidra til formidling om vern av natur i eit historisk og framtidsretta perspektiv.

Det vi grovt har skissert er blant anna:

  • 1. Historisk gjennomgang av Mardøla-aksjonen

  • 2. Kva har skjedd sia 1970 og fram til i dag, trender, kunnskap og forskning.

  • 3. Klassisk naturvern i dag og klimadebatten. Er det motsetning?

  • 4. Mardalsfossen må tilbake til si opprinneleg form, full vassføring.

Vi ser for oss eit arrangement i august 2020 med seminar og informasjon.

Og konsert med ISAK og Ella Marie.

.
12/5-19: Litt tilbakeblikk frå 1970-åra .. hulter og bulter ....


Mardalsfossen i 1974, siste sommaren den rant med narurleg vassføring.

Slik er sommarsleppet i Mardalen i 2019.