Bildehistore Eesfjord småbåtlag

  • frå den spede start i 1994-1995 og 1996.  (laget vart stifta 1986, men det tok fleire år før det var klart for bygging)  Dette er del 1.
  • Del 2 kan du sjå her.

Slik såg det ut i "Paulen" 1995. Utolmodig etter å kome igang med utbygging av småbåthamna. Vi venta blant anna på avklaring frå departementet.

Likevel, bygging av flytebrygger og flytrefingrar var allereie godt igang. Det vart mura landfeste med landgang og brygger inne i "Paul-bukta".

1994-1995: Oddmund Rekdal sveisa stålfingrane og på verkstaden til Martinus Torhus vart fingrane kledd med impregnerte fjøler. Deretter frakta ned til fjorden og bært frå vegen og ned til dei splitter nye flytebryggene. Her ser vi Egil Arvesen, Jostein Øverås og Leif Nerland.

Aller første flytebrygge sjøsatt i 1995.

Flytedunkar vart henta i Surnadal den 22/4-1994.

1995: Pause i snekring av flytebrygger. Mellvin Steinsvoll t.v.

Utsikt frå Nakken i 1995. Du kan såvidt sjå flytebryggene som vart lagt utv frå Paulbukta. Samt gjestebrygga midt på bildet nedre kant.

Det aller første "spadetak" for bygging av småbåthamna vart tatt 18/11-1995. Dette etter at ordførar Ola Tjelle hadde gjeve klarsignal for bygging 17/11.  Det blir neste kapittel i bildehistoria. Sjå her.