10/6-24: Veteranmotorsyklar besøkte Eresfjord

Denne staselege 1932 modellen av ein trehjula Morgan var ikkje den einaste av veteranmotorsyklane som besøkte Eresfjord 10 juni.  Det var tilsaman 75 køyretøy som var innom. Dei var alle med på Trondhjemsridtet sin tredje dag. Og i Eresfjord fekk dei servert nysteikte valfler og kaffe.

Den tidlegare skulen på Åse/Øverås vart åpna der både unge og gamle i grenda hadde svinga seg rundt for å lage ei kjempestor vaffelrøre. Fleire vaffeljarn måtte takast i bruk.  Med rømme og sylte fallt dette sjølvsagt i veldig god smak og vermte godt i det elles kjølege veret med litt duskregn.

Utanom norske var det deltakarar både Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, Sverige og til og med ein frå USA.

Den eldste motorsykkelen var ein Harley-Davidson frå 1916. Elles fann vi BMW, Ariel, Indian, BSA, Husqvarna, Zundtapp, Norton, Puch, Sarolea, Morgan, HD, Rudge, Triumph, NSU, Albin Monark og Nimbus. Ein studie av ymse motorar og tekniske finesser.

Den nyaste var ein MZ frå 1964.

Den eldste motorsykkelen var ein Harley-Davidson frå 1916. Elles fann vi BMW, Ariel, Indian, BSA, Husqvarna, Zundtapp, Norton, Puch, Sarolea, Morgan, HD, Rudge, Triumph, NSU, Albin Monark og Nimbus. Ein studie av ymse motorar og tekniske finesser.

Den nyaste var ein MZ frå 1964.

Trondhjemsridtet er ei forening frå 1919 som arrangerer veteran-motorsykkelløp. I år starta turen frå Gardermoen der første dag var å køyre til Dombås. Deretter via Sunndal, Angvik, Eide og til Molde. På dag tre var første stopp i Eresfjord med ei lang etappe vidare heilt til Beitostølen. Og siste og fjerde dag tilbake til Gardermoen. Tilsaman 1260 km ifølgje nettsida deira.

Team Øverås/Aarstad stod for nysteikte vafler og kaffe.

Klikk på bilda under for å sjå.  Alle foto: Bjørn M Øverås