1/6-24: Eresfjord Challenge .. sveitte og stor innsats
Det var innsats til tusen da "styrkegruppa" i Eresfjord I.L. arrangerte Eresfjord Challenge laurdag 1. juni. Verdensmester i CrossFit Stine Moen Nilsen frå Molde stod for første del med oppvarming. Dei omlag 25 deltakarane fekk verkeleg prøve seg i den omlag 1 times lange økta. Med dunkande musikk og instruksjon i krevande øvelsar utan pause.
Men dette var berre starten på dei mange utfordringane som Eresfjord Challenge hadde i den om lag 5 timar lange økta på Eresfjord stadion. Det er første gong idrettslaget arrangerer denne forma for aktivitet. Det vart ein effektiv treningsdag.
Her fekk deltakarane prøve seg på ymse utfordringar som å dra eller velte store tunge dekk. Det var bæring av vedkubbar og andre gjenstandar, løping, halde bøtter på strak arm og hinderløype.
Det var også lagt inn ei økt med yoga, under leiing av Ingrid Devor frå Romsdal Yoga.
Til slutt etter dei mange treningsøktene inviterte Bjørn C. Aleksander og Eresfjord idrettslag til felles måltid i kantina på samfunnshuset.
Han fortel at dei har som mål å arrangere Eresfjord Challenge også neste år.