Rulleskiløpar først opp på Classic’n i Eresfjord
17/8-2024: Det var Johan Fredriksen Orset, t.h, på rulleski som kom først opp til mål under Eresfjord Classic på laurdag. Av dei som sykla var Vetle Bjerkeli, t.v, først over målstreken. Den raskaste på tid var Ole Bjørn Smiseth med tida 21.09.00
Elles var det rekord i deltaking, 121 personar fordelt med 63 som gav seg i veg opp Vistdalsheia til Fjellgarden og 58 barn i ei kortare løype nede i bygda.
Her kan du laste ned fullstendig resultatliste.
Som vanleg eit rikhaldig premiebord der også ei mengde pengepremiar vart delt ut.
Det er Eresfjord I.L. som er arrangør. Neste år blir det 20-årsmarkering av Eresfjord Classic. Her er noen bilder frå det velluka arrangementet laurdag 17.august.
Odd Arne Langset, tv, om kapp med Michael Nerland og Sverre Skjelbostad på elsykkel, opp det siste strekket mot mål, Fjellgarden 500 moh.
Magnus Espeland tv, i kamp med Sigbjørn Blodstrup Moen.
Marit Roaldset Bjerkeli løpende omkapp med Even M Espeland på elsykkel.
Chrstian V Undseth tv, og Michael Nerland på rulleski. Nr 86 er Trym Kjøs.
Line Monsås Espeland på elsykkel med sykkelvogn i fullt trakk opp mot mål.
Markus Arvesen i innbitt kamp opp mot mål. Han har trena jamt og kom inn på den knallsterke tida tida 27.52. Ei voldsom forbedring sia i fjor da han sykla på tida 34,14.
Frå start der Anton Arvesen med klatretrøye legg seg i tet i denne gruppa. Elles ser vi Jabob Mihunov (119), Vetle Bjerkeli (117) og Bjørn Inge Steinsvoll (92)
Start på bakken opp Vistdalsheia med Ola Gausland (97) og Markus Arvesen (98) i front.
Frå start av gruppa med 5 løpere. Olav Alexander Rød, Lillian Langset, Øyvind Bugge, Marit Roaldset Bjerkeli og Håvard Bjerkeli.
Dei 6 startande på rulleski; Johan Fredriksen Orset tv, Michael Nerland, Eivind Lilleås, Asbjørn Svensli, Øyvind Reiestad og Andre Liepelt.
Start barneklassen som hadde ei omlag 1,5 km lang løype.
To unge Arvesen, Magnus og Anton.
Full innsats også blant dei yngste.
Eitr rikhaldig premiebord med premiar til alle.
Kurt Asle Arvesen noterer seg i boka for Sykkeltrimmen på Fjellgarden, mens Berit Mathisen følgjer med.
Tidtakar-teamet i aksjon i målområdet med både teleskop, video og stoppeklokker.
Vinnere av el-sykkel, Berit Mathisen og Line Monsås Espeland.
Vinnere på sykkel dameklassen, Heidi Indergård, Babette Ramberg og Silje Liepelt.
Herreklassen på sykkel, Ole Bjørn Smisethjell, Mathew Barry og Sander Engdal.
Elsykkelvinnere herre; Malvin Monsås, Jan Egil Korseberg og Magnar Røv
Rulleskivinnerne; Johan Fredriksen Orset, Andre Liepelt og Michael Nerland.
Løpeklassen ble vunne av Olav Alexander Rød, Øyvind Bugge og Håvard Bjerkeli.
Eit knippe i familien Arvesen; Christian V Undset t.v, Markus Arvesen, Anton Arvesen og Kurt Asle Arvesen. Rittleiar Stig Arild Arvesen med ryggen til.
17/8-24: Klart for ny sykkelfest i Eresfjord
To unge blad Arvesen utfordrar alle til å bli med på årets Eresfjord Classic. Det skjer laurdag 17.august. Markus, tv, og Anton Arvesen er søskenbarn. Dei har ligge i jamn trening både rundt om i bygda og har registert 20 turar opp til Fjellgarden i år. Dei stiller i 11-årsklassen. Uansett alder, her kan alle få bryne seg mot dei to unge eresfjordingane.
Som deira bestefar Egil ein gong sa; «Spiller ingen rolle hvem som vinner, bare det er en Arvesen.»
Og slik var det i fjor, da var nemleg Markus den som først kom i mål av dei syklande.
Eresfjord Classic er eit showritt der målet er å kome først opp til Fjellgarden på Vistdalsheia. Du blir tildelt uike starttider. Dei med størst «handicap» får eit forsprang på 20 minutter før dei andre og meir rutinerte startar.
Starten er ved Coop Eresfjord. Første 1,4 km av løypa er flat, deretter er det jamn stiging. Frå start til mål er det 8,4 km.
Alle kan delta, på sykkel, enten på to eller eitt hjul eller elsykkel. Ja du kan bruke rulleski og du kan løpe. Starttidene har intervaller på mellom 2 og 10 minutter. Uansett og uavhengig av når du starter, er det om å gjere å kome først til mål på Fjellgarden, 500 meter over havet.
Bjørn Tore Hoem har løyperekord med tida 19.01. Beste tid opp i fjor hadde Knut Anders Fostervoll med 23.45. Johan Bugge sprang opp på 31.18
Det er også egen klasse for barn, Classic junior, eit eige sykkelløp for dei yngste tom 11 år. Dette går Siramoen/Smehagen rundt, ei kort løype i flatt terreng. Uten tidtaking og foreldre/foresatte må vere med. Premiar til alle. I fjor var det totalt 95 deltakere.
Det er alltid show under Eresfjord Classic. Publikum stiller seg opp langs løypa og heier fram deltakarane. Som før er det fritt fram for kostymer, farkoster og rariteter som skiller seg ut.
Rittleiar Stig Arild Arvesen opplyser at du må melde deg på innan fredag 16.august kl 20.00. Etterpåmeldte blir også tatt hand om, men da må du kanskje starte heilt til slutt.
Eresfjord Classic har alltid hatt eit rikhaldig premiebord. Slik også i år.
Slik var det i 2023....
Johan Bugge var likevel umuleg å slå. Han kom første opp og vannn årets utgave av Eresfjord Classic. Han sprang på tida 31:18.
Det var 59 påmeldte under showrittet Eresfjord Classic i år. Pluss 36 i barneklassen med eiga og kortare løype. Dei vaksne startar med ulike handicap, altså ulike starttider. Dei med størst handicap får eit forsprang på 20 minutter. I tillegg til vanleg sykkel med to hjul, er det rulleski, løping og elsykkel. Her er noen bilder.
Ikkje uventa var Johan Bugge umuleg å slå. Han var også først opp og vant derfor årets Eresfjord Classic. Pengepremiar frå sponsorane til alle dei tre beste i kvar klasse.
Klassevinnarar på sykkel; Knut Anders Fostervoll øvst på pallen med Bjørn Tore Hoem og Matthew Berry.
Markus Arvesen først opp blant dei som sykla. Knallgod tid på 34:14.
Einar L. Kringstad varmar opp før start ved Coop Eresfjord.
Rekorden til Bjørn Tore Hoem (tv) på 19.01, vart heller ikkje tangert denne gongen. Her saman med Magnus Espeland.
Bjørn Cameron i fint positivt driv forbi Storsvingen
Andre Kristoffersen (115) og Sveinumg Talberg.
Odd Arne Langset.
Cato Innerdal (104) og Magnus Espeland.
Marit Roaldset Bjerkeli lett og ledig opp motbakkane.
Tor Olav Øyen på rulleski, Bjarte Rød og Viggo Kvernberg.
Ola Gausland (100) og Joachim Molton.
På startstreken; Team Arvesen / UnoX
I klassen for dei yngste var det 36 deltakere.
Maskotten «Eros» vekte nysgjerrighet blant dei aller yngste.
Eresfjord Classic er eit showritt .... les meir her.
Litt historie; første gong var i 2005, da under namnet Eresfjord Open Les meir her.
Slik var det i fjor, 2022
Eresfjod Classic 20-august 2022:
Gammel og ung; Sverre Skjeldbostad (72) og Line Monsås Espeland var to av 48 deltakere under Eresfjord Classic laurdag 20.august. I tillegg var det 35 som barn som sykla eiga løype, på Nauste i Eresfjord. Først opp til Fjellgarden på Vistdalsheia (500 moh) var Ingvild Tømta, Ragnhild Fagerslett og Markus Arvesen. Som før var det klassar med sykling, løping, rulleski og elsykkel. Den raskaste tida hadde Jakob White og Knut Anders Fostervoll med 23.08 og 23.11. Begge frå Nordvestlandet Folkehøgskole, tidelagre Høgtun.
Eresfjord Classic er eit showritt der du blir tildelt eit handicap og starter til ulike tider. Første pulje har eit forsprang på 20 minutter.
Last ned usortert resultatliste. Last ned resulltater sykkel, sortert.
Kurt Asle Arvesen og August Skorgen Rakvaag
Odd Arne Langset som «podiepike». Her saman med Tone Klev, Hildegunn Gjertrud Hovedenakk og Line Monsås Espeland.
Frå start for barna, tilsaman 35.
Første puljestart. Her er det både sykkel, rulleski og løpere.
Knut Anders Fostervoll og Jakob White var dei to raskaste opp på fjellet under Eresfjord Classic 2022. Dei vart klokka inn på 23.08 og 23.11.
Søskenbarna Markus og Anton Arvesen deltok både i barnerittet og i voksenrittet opp fjellet. Knallgode tider med 38.11 og 38.59.
Heiagjeng like ovanfor Reitasetra.
Frå venstre Christian Vambenepe Undseth, Kurt Asle Arvesen, Markus Arvesen , Anton Arvesen og Odd Arne Langset. Kurt Asle måtte sjå seg slått av Odd Arne denne gongen. Tidene var 29.21 og 31.22.
Kommunedirektøren i Molde: Marianne Asen i fullt driv mot mål.
Knut Egil Silseth (102) og ??
Først til toppen: Ingvild Tømta, Ragnhild Fagerslett og Markus Arvesen. Alle med sine unge suppportere på pallen.
Menn sykkel: Dei tre raskaste opp fjellet; Jakob White, Knut Anders Fostervoll og Cato Innerdal.
Kvinner løp: Tre fornøgde løpande damer: Mari Aabrekk (1) , Elin Solheim og Marianne Aasen.
Rulleski: Andre Liepelt (t.h.) og Torbjørn Oppigard.
Menn løp: Sturle Starheim (1) og Erik Myklebostad Hagbø.
El-sykkel: Othelia Alexander og Annlaug Berge.
Vel blåst: Arrangørstaben i Eresfjord I.L.
Slik var det i 2021:
Eresfjord Classic 2021 -- resultater og bilder
Veddemål: Cato Innerdal (tv) slo Odd Arne Langset med vel 6 minutter. Dermed vann Cato veddemålet om 250.000,- kroner som går som sponsormidler til Molde Cykleklubb.
Resultatlister kan du laste ned her: (er dobbeltsjekka og korrigert)
Resultat komplett - usortert | Resultat sykkel , sortert etter tid | Resultat løping, rulleski og elsykkel, sortert |
Det vart deltakarrekord med 114 personar under Eresfjord Classic laurdag 31.juli. Med løping, rulleski, sykling og deltaking i klasse for el-sykkel. Og veddemålet om 250.000,- kroner mellom «Koronakongen» Cato Innerdal, kommuneoverlegen i Molde, og «Kongen av indre» Odd Arne Langset, bedriftsledar, endte med at førstnemnde slo Odd Arne med om lag 6 minutter. Og beløpet tilfalt ikkje uventa, Molde Cykleklubb som sponsorbidrag frå Langset AS.
Veldig mange møtte for å heie deltakarane fram undervegs i løypa. Heiagjenger stod plassert ut lang løypa fleire stader langs vegen opp mot toppen av Fjellgarden og Vistdalsheia 500 meter over havet.
Odd Arne Langset beskriver det slik på facebook: Artig at så mange barn og unge syklet både barnerittet nede i bygda og opp Vistdalsheia. Det var mange blide og ivrige syklister. Det lover godt for rekrutteringen!
Publikum var fantastisk! Heiarop og god stemning i hele løypa.
Jeg fikk forsprang på Cato Innerdal, og jeg gjorde mitt aller beste, men han kom før meg i mål med god margin. Det er oss i Langset en glede og ære å sponse Molde CK med kr 250 000 over tre år, spesielt med tanke på alt arbeidet klubben legger ned for å få frem unge talenter. Vil også rette en stor takk til våre tålmodige koner for at vi har fått holde på med trening, og kanskje fortsatt får lov?!!
Nytt i år var at ei gruppe studentar frå 8 forskjellige land som for tida er på sommarkurs på Kavli Moen og Fred Kavli Science Center, deltok som 3 stafettlag pluss 2 individuelle deltakere. Dei er frå UK, Poland, Germany, Belgium, Iran, France, Italy og Lebanon.
Omlag 40 barn deltok også under årfets Eresfjord Classic
Odd Arne Langset med Kurt Asle Arvesen hakk i hæl i innspurt mot mål på Fjellgarden.
Veldig mange møtte fram både for å heie undervegs i løpet og under premieutdelinga ved Coop Eresfjord.
Pusten har kome att og det er tid for oppsumering og prat etter å ha kome i mål
Strålande glad og fornøgd etter målpassering.
Blide kaffe-og kakeselgarar frå Vårsol 4H
Her er to av studentane som for tida er på sommarkurs på Fred Kavli Science Center i Eresfjord. Og som stilte med stafettlag.
Her er eit knippe ander bilder. Klikk på bilda ogh blad deg framover.
Under finn du linkar til tidlegar års utgaver av Eresfjord Classic.
Oppmøte ved Coop Eresfjord.
Barn 1-11 år starter kl 12 (egen løype ca. 1 km) - gratis!
Hovedrittet går opp på Vistdalsheia og starter fra kl. 12.30, puljevis.
(12-100 år). Løp, rulleski, sykkel og el-sykkel-klasser.
Premiering til de tre første i hver klasse. Ekstra premie til første deltager opp.
PÅMELDING på mail:
tone-rocco@hotmail.com, evt. tlf.Tone 95206298
Rittleder: Stig Arild Arvesen, tlf. 480 82 357
For mere informasjon, se facebook.