Klatreveggen i Nessethallen
Nessethallen og klatreveggen vart ein del av Molde kommune frå 2020 ifb kommunesamanslåinga. Det er Klatregruppa i Eresfjord I.L. som har ansvaret for organisering og sikkerheita i klatreveggen. Det er den signerte avtalen med Nesset kommune frå 2017 som gjeld, då klatreveggen vart bygd og tatt i bruk.
All aktivitet i Nessethallen inkludert klatreveggen er gratis. I klatreveggen kan du også bruke tau, seler og sko heilt gratis. Nesset utstyrspool var blant anna med på å kjøpe inn ekstra klatresko, seler og tau i mai 2022. I tillegg til dette har Klatregruppa på eigen hand finansiert utviding av veggen med to autobelayer, kjøpt nye grep samt diverse klatreutstyr for tilsaman 304.000,- kroner.
Reglar for klatreveggen finn du her.
Skjema Ansvarserklæring kan du laste ned her
Om organiseringa og klatrevakter, les her.
Vil du lære mere om risiko og sikkerhet, les ulykkesrapportene her.
KLatreveggen har åpent på Tirsdagar, frå kl 18-20. Torsdagar frå 19-21. Tirsdagar er det vanlegvis mange barn med foreldre som klatar. Torsdagar er det som regel litt mindre besøk og derfor romslegare med plass. Onsdagar frå 18-20 er det barn, ungdom og foreldre frå Eresfjord og Eikesdal som har klatring.
NB! Iflg våre reglar må barn opp til 13 år som vil klatre, vere saman med foreldre/foresatte. Alternativt at ein vaksen person som tar ansvaret for inntil maks 3 barn
Besøkstall heile 2023: 1607 besøkande fordelt på 134 klatrekveldar. Det blir eit snitt på ca 12 besøk kvar gong.
Første halvår 2024 var det 969 besøk fordelt på 63 kveldar, altså eit snitt på 15 pr kveld.
Andre halvår 2024 viser besøkstala 768 besøk fordelt på 45 kveldar. Blir eit snitt på 17 personar.
Sum heile 2024 har klatreveggen hatt besøk av 1737 personar, fordelt på tilsaman 108 kveldar. Mao, eit snitt på 16 personar.
Litt historikk om Klatreveggen oppdat.pr nov-2024 kan du lese her.
Om Nessethallen og eigenorganisert aktivitet:
I samarbeid med Ungdomsklubben og kulturavdelinga i Molde kommune, har vi praktisert eigenorganisert aktivitet i hallen paralellt med klatringa. Betyr at ungdom kan få bruke hallen til ymse aktivitetar, utan noko spesiell organisering. Men at klatrevaktene har hatt tilsyn med dette. Frå og med sesongen 2024-2025 er dette innskrenka til kun å gjelde torsdagar frå kl. 19.30 til 21. Dette fordi hallen er forbeholdt trening for gutter 9-12 år.
Vi har hatt eit godt samarbeid med ungdomane, det vil vi halde fram med!
April-23: Vi har gjennomført Topptaukurs i veke 17. Tilsaman 13 deltakere fordelt på to puljer. Instruktør Axel Kudinoff.
I løpet av dei 5,5 åra som har gått sia klatreveggen i Nessethallen vart tatt i bruk, så har Klatregruppa i Eresfjord I.L. organisert kurs for tilsaman 70 personar. Fordelt på 9 Brattkort og 61 Topptaukort.
Instruktør Axel Kudinoff.
I haustferien og dagane 11-12.oktober 2021 var det klatrecamp i klatreveggen. Det var Molde kommune som engasjerte klatregruppa som stillte med 4 instruktørar. Tilsaman deltok det 28 barn i alder 9 - 12 år. Stor aktivitet og glede. Her ser vi noen av deltakarane.
13/10-20: Tjelmeland Friksjon har utvida klatreveggen og montert 2 stk autobelayer i regi av Klatregruppa i Eresfjord I.L.
Samla kostnad: kr. 245.312,-
Spleiselag med ekstern finansiering via Romsdalsbanken, Miljøfondet, Norges Klatreforbund samt Kraftfondet. Pluss ein liten del restfinansiering som Klatreguppa i Eresfjord I.L. sjølv har dekt.
Klatreveggen i Nessethallen er 15 meter lang og har ei høgde på litt over 10 meter. Har 15 sikringslinjer.
Det er rikeleg med plass til å skru nye ruter på dei 15 sikringslinjene som er montert i veggen.
Det er Tjelmeland Friksjon som har levert og bygd klatreveggen i Nessethallen.
Litt historie og noen tall:
Klatreveggen i Nessethallen i Eidsvåg vart tatt i bruk i oktober 2017. Klatregruppa i Eresfjord I.L. har tatt på seg ansvaret for sikkerhet og HMS samt organisering av aktiviteten i klatreveggen. Det er laga ein signert avtale mellom klatregruppa og Nesset kommune. I 2018 var det regsistrert 1169 besøk i klatreveggen. I 2019 var det 755 registrete besøk i klatreveggen. Loggførte besøk i koronaåret 2020 viser 683 besøk. For 2021 er det registrert 845 besøkande. Og i 2022 er 1182 besøk. Dei fleste er barn og ungdom samt noen foreldre.
Samla besøk i 2022 var var altså 1182. Dette fordelt på 95 kveldsøkter a 2 timar, eit gjennomsnitt på 12-13 besøk kvar kveld det har vore åpent
I 2023 steig besøkstalet til 1607 fordelt på 134 kveldar.
På dei 6 første driftsåra etter 2017, er det rundt 700 enkeltpersonar som har signert avtalen om eigenerklæring for klatring i veggen. Det betyr at det har vore like mange forskjellige personar innom veggen for å klatre ein eller fleire gonger.