18/2-24: Folk på Draumen om Ågot.

Odd Tokle Sæbø rapporter om gode forhold på den flotte linja på Ågottinden. Linja vart første gong klatra for 14 år sia, 6/2-2010. Av Odd T.Sæbø, Iver Gjelstenli og Steinar Kringstad.

13/2-24: Gode isforhold i Eikesdal

13/2-24: Sjeldan fine forhold på Brudesløret / Slettabekken på Finnset i Eikesdal.

Det er gode forhold for isklatring i Eikesdal og innom Finnset. Langs Eikesdalvegen kan du klatre både Fagerbotnfossen og Draumen om Ågot. Ja også Ytste Mardøla har fine forhold. Det samme gjeld øvre fall på Mardalsfossen. 

Dei mange islinjene ved Litjvatnet, som Kaffiberget den flyvende øks har også linjer med nok is. Men ver varsom med å krysse isen på Litjvatnet, den kan vere usikker. Men Kjøtåa er veldig fin. Lenger oppover Eikesdal på høgre side ligger fleire litt slakkare fine linjer, som td Høvlå. 

Tek du turen til fots fra Finnset på ski eller med truger vil du oppdage mange flotte linjer. Rett under Brudesløret er det ein gapahuk som du kan bruke.

Mardalsfossen, øvre fall.

Kjøtåa th. Dobbel speresso og Kaffiberget lenger tv,

Linja th, veldig fin. Abalakov for å kome seg ned att.

Like ved Brudesløret finn du denne flotte og korte islinja. Generelt meir om dei enkelte linjene kan du lese her.

31/12-23: Nyttårs-rapport om isforholda i Eikesdal

Ytste Mardøla, fine forhold. Bra med is.

Også i øvre fall i Mardalsfossen er det bra med is.  Nedre fall er det meir sparsomt. Likevel grei adkomst via snø/isrenner på høgre side for å kome seg opp i gryta under hovedfallet. Bildet under.

Også islinjene i "solsida" ved Litjvatnet i Eikesdal har brukbart med is. Her ligger Kaffiberget den flyvende øks og Dobbel espresso. 

Elles er det også fleire andre linjer som har bra med is. Blant ann Draumen om Ågot og Fagerbotnfossen.

11.januar -23: Isforholda i Eikesdal

Det er framleis is som kan klatrast i Eikesdal, på trass av ei veke med mildver og vind. Den første du kjem til er Fagerbotnisen (rute 21), på vegen inn langs Eikesdalsvatnet.  Det er  også brukbare forhold på Draumen om Ågot, (41). Og Ytste Mardøla ser også fin ut. Dei slakke isslinjene mellom Sæter og Finnset, som er kalla Moaksla, Høvlå og Tverrgrova kan også klatrast. Her er det mest samanhengande is på Høvlå. (24). God Tur! Ja 

Ja, Oddis (42) eit lite stykkje innom Finnset er også fin. Har ikkje endra seg stort sida romjula.

Fagerbotn-isen, omlag halvvegs på Eikesdalsvegen. 

Ytste Mardøla, er litt prega av milveret, men ser likevel fin ut til å klatre.

Høvlå, ein fin, enkel og slakk is. Grei retur på sørsida/venstresida i skogen ned langs snørenner.

21/12-2022: Dårleg med «romjul-is» i Eikesdal

Av dei lange rutene I Eikesdal er det kun Ytste Mardøla, rute nr 20, som har bra med is ved solsnu i desember. Her får du 9 taulengder å kose deg på.

Elles har tilsiget av vatn stoppa opp. Derfor er det få klatrebare islinjer i Eikesdal.

Likevel, det er noen linjer med is. Blant anna Oddis (46) som ligger på blanke fjellet eit lite stykkje innom Finnset. (bildet under)

Elles har vi den slakke og enkle linja Høvlåa (24) mellom Sæter og Finnset. Tyvikgrova (28) rett opp til venstre når du kjem til Eikesdal. Også begge dei korte linjene ved Strandkolvet (28 og 33) har is. Det same har Fagerbotnisen (21).

For oversikt sjå her.

Slik såg det ut på Slettet, innom Finnset og rett under "Brudesløret" ved solsnu den 21. desember 2022. Tilsiget med vatn har frose og stoppa opp.

2/12-2022: Lite is og snø i Eikesdal

Lang periode med tørt ver. Sjølv med noen veker med minusgrader er det svært lite is i fjellsidene også i Eikesdal.

Du må godt over 900 moh for å finne litt is. Det er bekkar som normalt har litt vassføring som har størst sjanse for å fryse til. Alt det andre har tørka opp eller at tilsiga med vatn er frose.

Karakteristisk bilde for situasajonen med is i Eiksdal. Det er tørt og nesten ikkje tilsig med vatn. Her frå Kaffiberget/Den flyvende øks og Dobbel espresso.

Denne linja like ovanfor Finnset har is i toppen. Men eit tørt parti med stein og ur i midten. Rute 39, Leggpump.

Ei av islinjene mellom Sæter og Finnset har is i øvre parti. Rute 24, Høvlå. Enkel rute. Men slik forholda er no må anmarsjen gå i skogen til venstre for nedre parti.

8. januar -22: Bra med is på Finnset i Eikesdal

8/1-22:Brudesløret (rute nr.32) er ei av fleire linjer som har fin is i området innom Finnset i Eikesdal Men om vermeldingane held stikk så vil dette endre seg drastisk fra onsdag 12/1. Da er det meldt mildver og nedbør. 

Det er også fleire andre linjer både i Eikesdal og framom Finnset som pr i dag har fin is. Ja også linjer som enno ikkje er klatra. Lurt å bruke ski eller truger for å kome seg fram. 

Lurt å å bruke ski eller truger. Ikkje mykje snø, men kan vere djupgått på berre føtene.

Dette er nabolinja til Brudesløret. Den heiter Syndfloden, rute nr.45.

Dobbel espresso, rute nr.35, er mektig og bratt. Ligger på andre sia av Litjvatnet i Eikesdal. Bildet under viser Kaffiberget/Den flyvende øks til høgre.

11.des-21: Bratt på Julenøtt

Roger Eidem i aksjon på ruta Julenøtt i Eikesdal. Er på 7 taulengder pluss eit par slakke heilt i toppen, om du ønskjer det. Retur via rappell.

Des 2021: Mange fine islinjer i Eikesdal

Eikesdal 5.desember 2021: Isforholda no i starten av desember er gode. Som f.eks her på vestsida av Eikesdal mellom Sæter og Finnset. Her er det 5-6 variantar du kan klatre. Her går blant anna Høvlå og Tverrgrova, rute 24 og 25. 

Det er også fleire andre linjer som det for tida er bra is på, som f.eks Fagerbotnfossen, rute 21. Og Ytste Mardøla, rute 20. Med vermeldingane framover første veka lover det bra for at isen vil feite seg opp også på andre linjer.

Dette er Julenøtt rute 44, for dei som vil ha ei lang og fin linje. Klatre første gong 28/12-2010 av Odd T. Sæbø og Steinar Kringstad.

Kvenjabekken, til høgre, rute 42 og har bra med is.

Kjøtåa, eller Biff ala Turid, rute 34 har fin is.

31.januar 2021: Mange klatrelag på fin is i Eikesdal

Ytste Mardøla

Frå Ytste Mardøla fredag 29/1-21.

Sia 9.januar i år har det vore jamt med isklatring i Eikesdal og Eresfjord.

Siste helga i januar var det 3 forskjellige lag på tur. Noen klatra Ytste Mardøla fredag (rutenr.20). Laurdag var dei tre laga fordelt på Kvennjabekken (42), Moaksla (25) og Tverrgrova (29). Det kom littegran snø i løpet av laurdag og litt meir søndag. Tilsaman rundt 20 cm. På bratt og kald is, til dømes Ytste Mardøla renn snøen av slik at det framleis er gode forhold.

På Kvennjabekken har det hittil i vinter vore 3 lag. Denne linja har kort anmarsj, er på 4 taulengder rundt WI4+, kanskje litt meir! Retur er grei via bjørkatre på sia pluss abalakov.

Søndag vart det klatra ein variant av Daydream nightmare ved foten av Goksøyra i Eresfjord. Det var finske klatrarar i 2013 som starta i same området på ei miksrute der. Den gjekk heilt til topps. Denne gongen klatra Roger Eidem og Steinar Kringstad dei to første taulengdene på is. Først 40 m rundt WI5. Deretter 20 m WI4.

Også Husbybekken ( 1 ) i Eresfjord på 3 taulengder WI3 er klatra i vinter.

Her er noen bilder frå siste helga i januar. Foto: Steinar Kringstad og Roger Eidem.

19. jan 2021: Gode isforhold i Eikesdal

På ei dryg veke har mange islinjer i Eikesdal vokse seg feit og fin. Dette bildet frå området Høvlå (24) mellom Sæter og Finnset, der det er minst 3 forskjellige flotte islinjer. (26,24,25) Nummera viser til isoversikta her.

Her er noen av dei mange andre islinjene som har gode forhold no om dagen. Tyvikgrova (28), Rangåa (36), Kjøtåa (34), Kvennjabekken (42), Breimegå (31), Inste Strandkolvisen (33), Ytste Strandkolvisen (28), Fagerbotnisen (21) og ikkje minst Ytste Mardøla (20). Ja det er også andre linjer som ikkje er klatra. Så her er det fritt fram!

For dei som vil ta seg ein helgatur er det fleire som har hytteutleige. Blant andre Nikolai Finnset ; 976 01 277. Under er noen andre bilder frå islinjene.

 

9-10.jan 2021: Greie forhold på Kvennjabekken og Breimegå i Eikesdal

Her er noen bilder, dei første frå Kvennjabekken og dei siste frå Breimegå

8.januar 2021: Bedring av  isforholda i Eikesdal

Godt nyttår til alle isfrelste!

Her er ein liten statusrapport. Isen i området Eikesdal  har vokse på seg littegran. Derfor finst det noen linjer som kan klatrast om du ikkje er for kresen. Av dei store linjene er det Ytste Mardøla, rute nr 20 og Kjøtåa / Biff ala Turid, rute nr 34.

Elles er Breimega (rute 31)  på Finnset muleg å klatre. Det same gjeld eit par av dei slakke linjene mellom Sæter og Finnset  på vestsia av dalen.

Kvennjabekken Rute nr. 42  på austsida før du kjem til Finnset ser også ut til å kunne klatrast.  Enklaste retur frå denne kan vere å følgje rampa som går ut til høgre for isen (sett nedafrå) Heiter nedre Finnsetstegan. 

Litt lenger innom Finnset, mot Aurstaupet kan det også vere noen linjer som har feita seg opp.  Den bratte Gul-isen eller Fifty Dollar Kingcrab (nr 57)  er sikkert også klatrebar.  Det er nesten snøfritt opp til ca 300 moh.

GOD TUR!

14/12-20: Lite is i Eikesdal

Lite is. Det finst is, men den er mager og tynn. Og du må eit stykkje opp i høgda.

Likevel; er du ikkje så kresen på mengde is, så er f.eks Fagerbotnisen (rute 21) muleg. Det same gjeld Kjøtøa (rute 34).

Det finst også noen andre snø-og islinjer innom Finnset som kanskje kan klatrast.

 

Ei linje som er klatrebar og feit er Gulisen eller Fifty Dollar Kingcrab (rute 57), heilt inst inne ved Aurstaupet innom Finnset. Men det kan vere litt krevjande  å kome seg opp til isen. Men med litt klatring i sikksakk i terrenget under går sikkert også det.

Brudesløret (rute 32) på kartet Slettabekken har litt is, men den må vekse betydeleg for å bli klatra. Sjå bilde under.

 

Elles er det lite som minner om vinter i området Finnset i Eikesdal. Det er snøfritt.

Vermeldinga framover den første veka spår ingen nedbør. Islinjene vil venteleg vekse littegrann – kanskje!

 

God Jul!

 

Bildet under viser Gul-isen eller Fifty Dollar Kingcrab i sin fulle prakt!

Brudesløret eller Slettabekken er eit imponerande syn. Men bør få vekse litt før den blir klatrebar.

Anmarsjen opp til Gul-isen kan vere litt krevjande, men med litt klatring i sikksakk i terrenget under bør det vere muleg.

7/11-19: Status is i Eikesdal

Det har vore ein lengre periode med kaldt ver. Men det har ikkje danna seg så mykje is. Kan skuldast at vannsiga var tørka inn før kuldeperioden. Der det finst litt is er derfor i dei litt meir vannrike elvane og fossane. Som f.eks. Høvlåa (rute nr.24) og Fagrebotnfossen (rute nr.21) og Ytste Mardøla (rute nr 20)
Det finst også noen andre og ugåtte / ikkje klatra linjer, bant anna på vestsida av Eikesdal rett før du kjem til Finnset.
Sjå oversikt over isrutene her. For større bilder, klikk på dei.

22/2-19: Mildeveret dei siste par veken har desverre "øydelagt" isen. Dei fleste av islinjene har fallt ned.

5/2-2019: Drømmeflanken i Eresfjord

5/2-19:
Islinja Drømmeflanken i Eresfjord er i desse dagar i ferd med å kunne bli klatrebar for dei som ønskjer utfordring.
I år har den også ei ny form i det vertikale partiet, ein gigantisk istapp. Den rekk ikkje heilt ned enda, men vil truleg gjere det om det kjølege veret held fram.
Øvre halvdel i det meir «slakke» partiet og vidare til topps har normalt med is.

Anslagsvis mellom 10-15 taulengder. Er aldri før klatra heilt til topps.

1.februar 2019: Gode isforhold på Finnset i Eikesdal

Dei par siste vekene har det klabba på seg med is. I tillegg til det som er omtala her, er det også fleire andre linjer som er klar for besøk. Blant anna Draumen om Ågot (41) , Bjørkskardfossen (48) og Kjøtåa. Ja også Svenskeisen (63) har god og blå is for tida.(ligg nedom Finnset)

8/2 -2018: Perfekte isforhold i Eikesdal

Pierre Olsson (th) sammen med Mathias Dahl, Marcus Henningsson og ?? har leika seg på dei mange islinjene i Eikesdal ei heil veke. Her ved gapahuken rett under Brudesløret innom Finnset.Blant anna har dei klatra Mardalsmysteriet (rute 38) og forteller at isfoholda der var veldig gode med ei solid issøyle frå botnen og oppover. Dei toppa ut etter 8 taulengder, WI 6.Ei oppdatering som ikkje er registrert; i februar 2012 klatra Pierre Olsson med følgje ei ny linje mellom Julenøtt og Kvenjabekkjen.5 taulengder WI 5+, veldig fin klatring med standplasser inne i isgrotter. Sjå bilde under. Har valt å kalle ruta "Svenskeisen". På kartet står det Espebekken.Dei klatra også 2 taulengder opp gjelet til venstre for Kvenjabekkjen (rute 42). Men snudde pga rasfare. I tillegg var dei oppe i ei 40 meter issøyle WI 5- i fjellveggen på motsatt side av Brudesløret.

Sjå ruteoversikt her.

Ny islinje i Eikesdal

20/1-18 Bjørnaskotet

Flotte forhold i Eikesdal og dermed på tide å få gått ei ny linje. Ligger på vestsida av Litjvatnet i Eikesdal. Det er toppen av isen som er lettast å legge merke til. Litt over 3 taulengder med is pluss 80 meter med mikst snø og is. Grad WI 4- / 4+. Vi har valt å kalle linja Bjørnaskotet, det er det det heiter der linja starter nede i dalen. Første gong Steinar Kringstad og Bjørn Magne Øverås.

Retur via 3 rappeller, i terrenget sør for linja. Pluss gåing ned skog og fonnafar.

14.januar 2018:

Isen har feita seg opp i Eikesdal

Isforholda i Eikesdal har bedra seg betydeleg dei siste 14 dagane. Fleire linjer kan no klatrast. Blant anna Ytste Mardøla og noen linjer innom Finnset. Samt dei som visest under her.Også i Eresfjord er det noen linjer som har nok is. Blant anna Utkleivisen og Husmannsisen.

1.januar 2018:

Lite is i Eikesdal

22.januar 2016: Mardalsfossen hadde besøk.

Les meir her.

10.januar-2016:Status isforhold Eikesdal

10/1-16: Ingen feite islinjer i området Eresfjord og Eikesdal per i dag. Men det er fleire islinjer som er klatrebar. F.eksTyvikgrova i Eikedal (rute nr.28), sjå bildet. Dette er ellers typisk, snøfritt til langt over skogrensa.

Andre linjer som er klare for besøk er Fagerbotnfossen (nr21), Bjørktindfossen (nr 27), Ytste Strandkolvisen (nr 28), Høvlå (nr 24) , Moaksla (nr 25).

Vermeldingane tyder at det vil halde seg kaldt også i veka framover. Dermed vil forholda bedre seg slik at det blir enda meir is.

Alle linjer bær preg av fersk is, derfor ein god del istapper i bratte parti og tynt i slakkere terreng.

Status IS ---- 15.februar 2015:

Vedvarande mildver med sterk vind har tært sterkt på isforholda i Eikesdal. Fleire stader har isen rett og slett ramla ned. Horisontale bruddkanter på fleire av islinjene. Blant anna Ytste Mardøla. Kjøtåa (bildet under) er også sterkt redusert og har vorte kvit.

Meir mildver og regn er i vente. Derfor tvilsomt om det i det heile blir klatrebar is i Eikesdal denne vinteren.

Einaste unnataket er øvre fall på Mardalsfossen som faktisk har klatrebar is.

16. Januar 2015:

Kjøtåa er klatrebar

Per 16.januar 2015 er isforholda i Eikedsal ikkje dei beste. Men Kjøtåa, rute nr.34, ved Litjvatnet er klatrebar.

Ellers er det temmeleg tynne greier !

Men muleg at Brudesløret (32) har nok is. Her er det nederste del som ofte kan vere i tynnaste laget med is.

Enda lenger innom Finnset ligger Fifty Dollar Kingcrab. Også is i den omlag slik bildet frå februar i 2014 viser, sjå lenger ned.

Ellers: Øvre fall i Mardalsfossen (nr 23) er tilfrose og har is som er kltarebar om du ikkje er for kresen.

14.feb 2014: Minst fire lag på isklatring

Helga 14-16.februar var det stor aktivitet med isklatring i Eikesdal. Både norske og italienske.

Vaktmesteren observerte i alle fall 4 forskjellige lag. Både Yste og Inste Strandkolvfossen (nr 28 og 33). Pluss Brannstasjonsfossen (19). Også på Moaksla (25) ved Sæter var det folk. På tross av sterk vind og mange plussgrader i lengre tid held isen seg altså utrileg bra. Men ein del linjer er i ferd med å tørke bort og falle ned.

Frå Inste Strandkolvfossen. Klikk for litt større bilde.

Her er fleire bilder:

Inste Strandkolvfossen (2)

Yste Strandkolvfossen

Brannstasjonsfossen

Moaksla

Fifty Dollar King Crab

Eikesdal 2/2-2014: The ice conditions in Eikesdal is quit good for the time. If anyone would try to climb Fifty Dollar King Crab (route nr. 57) you are welcome!

And Mardalsfossen (nr.23) can also be climbed.Not so much ice, and thats why it is some difficult passages.

Kaffiberget / Den flyvende øks ,( nr.30) can bli climbed. There is also a lot of other ice-routes where the conditions is good. Include som alpine lines with bot ice and snow-gullies.

18.jan. 2014: Brukbare isforhold i Eikesdal

Dei siste 14 dagane har isforholda i Eikesdal vorte betydeleg betre. Mardalsfossen (øvre fall) er blant anna klatrebar om du ikkje er av den kresne sorten!

Per 30.jan-14:

Sida 18.januar har det klabba på seg med is i Eikesdal.
Det er med andre ord enda fleire linjer som kan klatres.

Yste Mardøla per 18.januar -14.

Andre islinjer som det også er klatrebar is i er f.eksempel Tyvikgrova, rute 29, begge islinjene under Strandkolvet, rute 28 og 33. Det same gjelder Fagerbotnisen, rute 21.

I Vikelia er det også is i fossen i Vike-elva høgt oppe i lia, rute 61. Her er det også andre linjer oppunder foten av Vikesaksa som er klatrebare !

Derfor: God tur !

4.jan 2014:Uvanlig lite is i Eikesdal

Slik ser det ut ved Litjvatnet i Eikesdal. Dobbel Espresso (35) og Kaffiberget, Den flygende øks (30) er ikkje mykje å skryte av.Tørt vær med søraust og mildver er årsaka.Men det er enno tidleg vinter - plutseleg kan det slå om !Likevel, det har vore fine forhold litt høgare oppe for turar på snø i renner og bratte lier med stegjarn og isøks. Fast, hard og delvis glasert skare.

12 og 14/3-2013: Polakker med nye ruter på Goksøyra

Ei gruppe polske klatrere har vore i Eresfjord i 3 veker. Dei har blant anna klatra 2 nye ruter på Goksøyra. Den eine er fortsettelsen på Wet Dream som 3 finnar klatra tidlegare i vinter. Også i Litjdalen har polakkane gått nye linjer.
Linjene på Goksøyra ligger langt til høgre for Husmannen.
Orange linja: Ice Forest: Marcin Ksiezak og Jan Kuczera.
Rød linje: Vertical Garden: Przemystaw Cholewa og Jozef Soszynski.
You can read their own story about the visit here.
Klikk på bildet for større.

9/3-2013 Mardalsfossen

I vinter har det vore fleire klatrelag på Mardalsfossen. Noen har snudd etter nedre fall og andre har gått direkte på øvre fall.
Her er noen bilder fra Terje Aamodt sin foto-session på Mardalsfossen. Sammen med Joakim G. Eide, Odd Tokle Sæbø og Martin Skrove.

Fleire bilder på Terje Aamodt sin blogg.

21/2-13 Daydream nightmare

Climbers from Finland did a new mixed route on Goksøyra, just right to the other route called Wet Dream. (look futher down)

Here is their story:

We climbed 10 pitches and 500m and the grade was about WI4/M6.
It took 18,5 hours from car to car. We did not rapelled the same route back because of loose rocks
and a potential risk of rope jums. Instead we rapelled 50meters to next gully, traversed and took a plenty of short rapels from pine trees on the right side of the wall.

We started our climb too late because we did not planned to climb so high. We climbed last 4 pitches in the dark.
And one of us forgot his headlamp so it was a little bit tricky. We had to be very careful not to drop loose rocks
on to each others. The biggest camalot we had was number 3 but bigger camalots or even big bros will do it lot more safer.

We would like to call it "daydream nightmare".
We think it describes the route well.
There was a dream ice at the beginning and nice mixed parts until the night came and it turned a little bit nightmare because of poor protection, tricky climbing and loose rock.

Our team from Finland was:

Aki Rautava
Jose Kärkkäinen

J-P Vuolijoki

17/2-2013: Wet Dream

Tre finske klatrarar trossa regnet og gjorde unna ei ny rute ved foten av Goksøyra i Eresfjord søndag 17.februar.
Linja er den som går lengst til høgre ut mot bildekanten på bildet under.
Dei tre klatrerane er:
Janni Ahrenainen, Antti Tuominen og Elina Nohelainen.
På bildet t.h ser du dei på standplass før siste taulengde. Klikk på bildet så får du det større.

Dei gav ruta namnet Wet Dream og satte den til WI 3. Og ca 3 taulengder.

Dei bur på hytte i Eikesdal og har planlagt å vere her ei vekes tid. Dei er i ei gruppe på tilsaman 14 finske isklatrar .

16/2-13: Fossen i Vikelia: Is a la Bjørg Anne

Endeleg så kunne "gammalkarane" få gjennomført hemmelegheita oppe i Vikelia ved Eikesdalsvatnet. Nemleg den flotte fossen i Vike-elva vel halvvegs oppe i lia.
Flott isklaring WI 4+ , 120 meter, pluss eit par taulengder utsteg langs snø/is/fjell for å toppe ut.
Iver Gjelstenli og Bjørn M. Øverås
Vi har valt å gje fossen namnet:
Is a la Bjørg Anne
Fossen startar ca 300 meter over havet.

I samme området i veggen under Vikesaksa finst det også 2-3 andre flotte linjer som per i dag ikkje er klatra.
Så her er det berre å hive seg på !

Isrute-oversikt

26/1-13: Gode isforhold i Eikesdal

Stor aktivitet med isklatring i Eikesdal i helga. Laurdag var det i alle fall 4 lag på fire forskjellige linjer

Til høgre ser vi Odd Tokle Sæbø og Annelin Henriksen på øvre del av Kaffiberget, den flyvende øks (rute nr.30) Dei gjekk ein variant opp høgre del av isen. Linja har fått namnet Ekspresso WI 5-

Ellers var det folk på Strandkolvisen (rute 28), på Tyvikgrova (29) og på Yste Mardøla (20).

Det er det klatrebare islinjer både på Fagerbotnfosen (21), Bjørkskardfossen (28), Rangåa/Trim for eldre (36) samt linjene på vestsida på Sæter. Nr 24, 26 samt Breimega på Finnset (31).

Ja er du ikkje altfor kresen så er også øvre fall på Mardalsfossen muleg.

Generelt sagt er det kun is i dei meir vassrike elvar og bekkar. Og ikkje is der det vanlegvis berre er sig av vatn.

Større bilde, trykk på det.

Ruteoversikt

31/12 -2012: Nyttårsbarnet

Is som svell rett ut av fjellet slik som her ved foten på Goksøyra i Eresfjord, er fasinerande.

Vi i den eldre garde, Iver Gjelstenli og Bjørn M. Øverås, lar oss lett friste av slike lett tilgjengelege islinjer. Valte oss derfor ut linja heilt til venstre.

2 taulengder a 50 meter, den første veldig lett, den andre vesentleg brattare, WI 5- .

Vi har kalt linja for Nyttårsbarnet.

Artig klatring !

Denne islinja ligger rett til venstre for sommarruta på Goksøyra som heiter Midnattsol. Side 27 i føraren.

Mardalsfossen 30/12- 2012

Dei siste vekene har det bygd seg opp ein god del is i Eikesdal. Her ser vi øvre fall av Mardalsfossen. Fullt ut klatrebar for dei som ikkje er så kresen !

Ellers har islinjene som er nemnd den 8.des (les lenger ned) feita seg opp enda meir.

Men sia då har det kome litt snø, ca 15-20 cm.

God tur !

Gode isforhold i Eikesdal

8/12 - 2012

Ein lang periode med kaldt vær har skapt gode forhold for is i Eikesdal. Bekkar og fossar med litt vassføring har ein god del is. Eksempelvis både Fagrebotnisen, Bjørktindfossen, ei av islinjene under Strandkolvet, Yste Mardøla ( sjå bildet), Rangåa, Ramnåa, Tverrgrova, Høvla og Breimegå.

Dei andre linjene med berre berre sig av vatn er ikkje klatrebare.

Det er så og seie heilt snøfritt i Eikesdal. Da framstår islinjene både tydelege og ekstra fasinerande.

Så lenge dette varer før snøen legg seg og skjuler det meste !

Bilde: Yste Mardøla er full av god is.

12/2-12.

Ei gruppe utanlandske isklatrarar

frå Canada, Sveits, Italia, Østerike og Tyskland har vore i området dei siste 14 dagane og "raida" mange nye islinjer. Blant anna er "gul-isen" innom Finnset inn mot Aurstupet i Eikesdal fått si førstebestigning med to linjer.

Ikkje ukjente Ines Papert stod for dette.

Ellers med i gruppa var Thoms Senf, Scott Milton, Emanuele Ciullo, Seiwald Lukas, Kurt Astner og Rudolf Hauser.

Meir om Inez Papert si klatring i Eikesdal, reportasje i bladet klatring nr 112

Midtre Mardøla

3/2-12:

Yngve Solemdal og Vegard Torp Lien klatra islinja i Jølgrøe mellom Mardalsfossen og Yste Mardøla.

Dei skriv følgjande: 4 tl WI5-. Første og andre taulengde bratte, før isen legger seg noe og fortsetter i ytterligere to artige taulengder. Retur mulig til venstre for fossen ved gode snøforhold.

Isen i fjellknausen i Jølgrøe har sjeldan vore så feit som akkurat i år. På det første bildet her ser vi t.h. Martinskåra, deretter Yste Mardøla og heilt til venstre Midtre Mardøla (Jølgrøe).

2/2-2012: Syklubben:

Joakim G. Eide og Tor Henrik Larsen: Ny linje eit par hundre meter nord for Bjørktindfossen (rute nr.27) ved Eikesdalsvatnet, ved Yste Bjørk. 3 taulengder WI3-4 + opptak i starten på WI5. Meir om turen deira her.

Dagmars dainsegulv - ny isrute i Goksøyra

1/2-12

Joakim G. Eide og Tor Henrik Larsen har klatra ei ny isrute i Goksøyra i Eresfjord. Ruta har felles start med BP-renna (rute nr. 7 ) som er det vide og åpne gjelet rett sør for Husmannen. Etter det første bratte svaet tar denne nye ruta opp mot høgre inn mote eit trangt gjel for så i neste omgong å svinge seg inn på brattare is til venstre og rett opp.

Flott klatring med 6 taulengder (pluss litt løpende) der halvparten er grad WI2-3 mens resten ligger rundt WI4 og WI4+.

8-9 rapellar ned igjen. Ruta endar i ca 500 meters høgde.

Til orientering; opprinneleg arbeidstittel på ruta var Dagmars datter, men er no redigert til Dagmars dainsegulv.

Les meir om ruta og turen her.

28/1-12:

Gode isforhold i Eikesdal

Det har skjedd underverker med isfoholda i Eikesdal dei siste 3-4 vekene. Islinjene har klabba skikkeleg på seg. Med andre ord, her er det berre å hive seg i veg for å klatre is. Mange linjer å velje mellom. Kjøtåa, rett rundt hjørnet og ved sida av Kjøtåryggen, med Biff ala Turid er også feit å fin.

18/1-12

Månedans - ny isrute på Finnset i Eikesdal

Så er det gjort, drømmelinja til Joakim G. Eide er klatra. Med seg på turen hadde han Toralf Furseth.
6 taulengder WI 5+ , i tillegg til ei mikslengde i starten på ruta.
Fantastisk flott linje, fortel Joakim.
Linja ligger rett opp for gardane på Finnset, på austsida. Rute nr 49. Detaljer om linja og gutane her.

Status pr. 1/1- 2012.

Ikkje uventa er det sparsomt med is i Eikesdal. Du må litt opp i høgda for å finne det som er av is. Eksempelvis er Kjøtåa - Biff ala Turid (rute nr.34) muligens gangbar. Bra med is i øvre del, men tynt i nedre. Ved Kaffiberget (rute nr.30 og 35) er det også berre øverste del av islinene som har is. (Sjå bilde under)
Men alt dette kan fort endre seg. Isen vil nok klabbe på seg etter kvart!

Kjøtåa - Biff ala Turid (rute nr. 34) pr. 1. januar 2012.

Kan også nemne at i øvre del av Mardalsfossen er det noe is. Nedre fall er det ikkje is i det heile tatt

Nye linjer vinteren 2010/2011

28/12-10:
Julenøtt, 7 tl WI 5/5+ . Rute nr. 44
Ved Sæter i Eikesdal.
Odd Tokle Sæbø og Steinar Kringstad

4/2-11:
Syndfloden
6 tl WI 4 pluss 2 tl på klippe/snø /M4 Rute nr.45
På Finnset i Eikesdal. Til høgre for Amors Pil
Odd Tokle Sæbø og Anders Mordal

5/2-11:
Oddis, 2 tl WI 4+ Rute nr.46
På Finnset i Eikesdal. Til venstre for Amors Pil
Odd Tokle Sæbø og Bastian Faaness.

22/2-11:
Tynn Spinndrift , 6-7 tl WI 5. Rute nr.47
På Finnset, ca 100 meter til venstre for Oddis (rute nr.46)
Linja går heilt til topps på fjellet.
Odd Tokle Sæbø og Kristian Brønstad.
I toppen er det fleire variantar. Odd og Kristian valte den brattaste høgrevarianten.

28/2-11:
Bjørkskardfossen, 2 tl WI 4 / 4+ Rute nr.48
Ved Eikesdalsvatnet og i toppen av Bjørkskardet, på veg opp BASE-hoppstien til Strandkolvet.
Odd Tokle Sæbø og Bjørn Magne Øverås
Innsteg ved 750 moh

Oppdatering ned nummer og plassering på kartet vil kome etter kvart.

Frå anmarsjen på Tynn Spinndrift, rute nr.47