Sykkeltrimmen

2019:I vinterhalvåret ligg det bøker som du kan registrere deg i ved Godvkja, Utbugge og ved nordenden av Viketunnelen på Eikesdalsvegen.

Vanleg sesong starter 1.mai og varer til 1.oktober. Da blir bøkene tatt inn og tellt opp.

  • Utbugge (ved tunnelen)
  • Godvikja ved Godtemplarsteinen
  • Kanndalen
  • Storsvingen
  • Fjellgarden
  • Meringdalen (på steinmuren før campingen)
  • Viketunnelen

I 2016-2017 var det 309 registrerte namn på dei 7 postane. Godvikja toppar med 150.

Sykkeltrimmen 2015-2016

Her var det tilsammen 815 registreringar fordelt på 91 deltakere. Som tidlegare år var det Ottar Solhjell som toppar statistikken med 242 besøk i Godvikja. Av ymse grunnar er postane i Eikesdal denne gongen ikkje med. Men dei 6 andre postane som er Buggetunnellen, Godvikja, Fjellgarden, Meringdalen, Viketunnellen og Kanndalen.

Godvikja har tilsamman 539 registreringar.

Her er lista over alle som har deltatt på Skkeltrimmen denne sesongen.

Sykkeltrimmen 2014-2015

Sykkeltrimmen har hatt 828 besøk fordelt på 83 deltakere.


Det er 11 postar. Men dei 4 i Eikesdal har siste sesong vore «ute av drift». Derfor er det berre Buggetunnelen, Godvikja, Storsvingen, Fjellgarden, Meringdal og Viketunnelen som tala er henta frå. Heller ikkje boka i Kanndalen er rekna med.

Det er Godvikja som toppar besøket med 500. Herav har Ottar Solhjell flest turar med 185 til Godvikja. Ellers har Buggetunnelen 101, Storsvingen 39, Fjellgarden 36, Meringdalen 69 og Viketunnelen 83 besøk.


Berre 8 av dei 83 forskjellige sykkelistane har besøkt alle 6 postar.

Sykkeltrimmen i Eresfjord hadde i 2011 stor suksess med tilsaman 1152 besøk av 123 personar på dei 9 postane.

I 2013 vart det utvida med nye poster både i Mardalen og ved Litjvatnet, slik at det er tilsaman 11 postar. Besøkstala for 2013 viser 749 besøk, fordelt på 82 personar

Detaljar i årsmeldinga for EIL 2013

Her er postane frå nord til sør:

  • Utbugge (ved tunnelen)
  • Godvikja ved Godtemplarsteinen
  • Kanndalen
  • Storsvingen
  • Fjellgarden
  • Meringdalen
  • Viketunnelen
  • Vertshuset Eikesdal
  • Mardalen (ved parkeringsplassen)
  • Ved Litjvatnet
  • Finnset ( ved brua til Finnset)

Aktivitet og resultateter 2012:

Det er 8 personar, 4 damer og 4 karar som har besøkt alle sykkelpostane i 2012. Den mest besøkte posten var Godvikja. Her har Ottar Solhjell ein suveren rekord med 211 noterte besøk i boka. Ellers var det 113 forskjellige personar som har deltatt.Ein del også andre har skreve seg inn i trimsykkelbøkene, faktisk heile 13 forskjellige nasjonar, kunne Mareno Nauste opplyse under klubbkvelden i Eresfjord I.L. 18.nov. Meir detaljerte resultat vil bli lagt ut her om dette seinare.

Her er lista over besøka i 2011:
Du kan sjå den fullstendige lista ved å klikke her.

Her er vi på Finnset i Eikesdal. NB Denne posten står ikkje lenger ved gardstunet, men er flytta slik at den står ved brua.