17.mai 2024; ikkje korpsmusikk, men Bygda-toget leder an folketoget.

Tradisjonen tru, eige tog frå Brandeinan og i år, med Bygdatoget fremst.

Runar med to "co-pilotar" i Bygdatoget.

Eresfjord 17.mai 2023: 

Regnet heldt seg unna folketoget i Eresfjord  både til og frå Sira kyrkje. «Bygdatoget» fekk opp stemninga då dei slo til med korpsmusikk og taktfaste rytmer frå samfunnshuset til kyrkja. Med hurrarop frå både barn og vaksne.

Etter endt gudsteneste var det Nesset Musikkorps som gjekk gjekk først i toget. Det blir aldri skikkeleg 17.mai-steming før det høres korpsmusikk på nasjonaldagen. Med dirigent Rolf Jonas Hurlen i spissen.

Det er alltid stas å få besøk av Nesset Musikkorps.

 

På Eresfjord samfunnshus stod Eira Ungdomslag klar med kjøttsuppe. Etterpå kaffe og rikeleg med kaker.

Ja det var også natursti der det var 14 lag som deltok og knallhard konkurranse. Og leikar for barna.

Det var godt frammøte under nasjonaldagen i Eresfjord. Ut frå salet av middagar må det ha vore nesten  150 personar. Salen i samfunnshuset var fullsatt rundt alle bord.

Tradisjonen tru, eige tog på Brandeinan også i år. Denne gongen også med "Bygda-toget". 

Her er noen fleire bilder frå nasjonaldagen 2023. Klikk på bilda og bla deg framover.

Program for dagen:

11.15  Oppstilling ved skolen / Eresfjord samfunnshus

11.30  Folketog til kirka med Bygda-toget

12.00  Gudsteneste

13.00  Nesset musikkorps spiller og marsjerer fra kirka til Eresfjord samfunnshus

13.30  Middag på samfunnshuset

14.30  Leker for store og små, natursti

16.00  Premieutdeling, avslutning

17.mai 2022 -- Sol, varme og hurrarop i Eresfjord

Stor deltaking og ein fenomenal fin  dag på 17. mai i Eresfjord.

Det starta med tog frå skulen og samfunnshuset der BUS-toget var først. Og med gammel jegermarsj frå høgtalere. Samt hurrarop som aldri før. Toget gjekk til Sira Kyrkje med både elevar frå skulen, barnehagen og frå Brandeinan Allmue samt bygdefolk og andre  besøkande.  Det er lenge sia det har vore så mykje folk i 17.mai-toget i Eresfjord.

Etter gudstenestea tok sokneprest Andre Sjåvåg med seg kyrkjelyden ut i det fri og stemte i med Ja vi elsker dette landet mens sola steikte og lyste opp både fjellet Skjorta, Goksøyra og Sjøvdøla. Litt av ei kulisse.

På veg frå kyrkja fekk toget besøk av Nesset Musikkorps som slo an takta og toner  fram til samfunnshuset. Der var det servering av middag, leik for barn, natursti og kaffe og kaker.

Takk for ein  storslått fin  dag, utan korona!

Klikk på bilda under, og bla deg fram for å sjå.

17.mai 2021  - Bilkortesje og utegudsteneste ved Sira kyrkje i Eresfjord

Sokneprest Andre Sjåvåg inviterte til utegudsteneste ved Sira kyrkje i Eresfjord 17.mai. Dette vart ei utruleg fin ramme rundt markeringa av nasjonaldagen. Med nyspira grønt gras, sol frå blå himmel, snødekte fjell og feststemte bygdefolk. Rett og slett magisk. Ja ungdommen var deltok frå tilhengaren på «bustoget». På tilhengaren står det «Eresfjordmafian»

Dagen starta med bilkortesje frå samfunnshuset og rundt bygda. Likt med i fjor var det «bustoget» som leda an denne rundturen. Eresfjord er kanskje av dei få som kan skilte med eige «tog» i spissen for slike bilkortesjer. Det var alt frå veteranbilar, ombygde bussar, cabriolear, traktor, vanlege bilar, feiebil og brannbil.

Til neste år når koronapandemien vonaleg er over, kan vi kanskje kome tilbake til dei meir tradisjonelle markeringane av 17.mai. Som tidlegare år var det Eira Ungdomslag som har regien på 17.mai programmet.

Ungdommen deltok, ..frå orkesterplass i tilhengaren på «toget».

Nye unge krefter i styret i Eira U.L. stod for regien og programmet for 17.mai i Eresfjord. Her representert med tre av dei; Amanda M. Stornes (t.v), Jannike Finnset og Marie Hånde.

Monica Reitan var forhindra i å møte.

17.mai 2020 .. med bilkortejse rundt bygda

Som alle andre stader var det også alternativ 17.mai-markering i Eresfjord. Med bilkortesje i mange forskjellige variantar rundt heile bygda. Godt over 20 køyretøy var med.Folk stod langs vegen og ropte hurra og gratulerer med dagen.

Det starta ved skulen/samfunnshuset der Nesset Musikkorps kom på besøk og slo opp marsjar og avslutta med Ja vi elsker.

Gratis is vart delt ut til alle barn på runden rundt bygda.

Det var også gudsteneste i Sira kyrkja etterpå.

Eira Ungdomslag stod som arrangør.

 

Det var Covid-19 pandemien som er årsaka til dei mange alternative markeringane. Norge "stengte ned" 12.mars 2020 i forsøk på å begrense smitten.

17.mai 2015

I Eresfjord var det tradisjonen tru Eresfjord Musikklag som taktfast var først i folketoget frå samfunnshuset og skulen kl 11.30. Først til Sira kyrka med preken der. Deretter tilbake til samfunnshuset der Eira U.L. stod for servering av suppe og kaffe og kaker. Naturlegvis også salg av brus, is og pølser ! Seinare var det diverse aktivitetar for både barn og vaksne og til slutt natursti.

Litt kjølig var det, men sola braut svakt gjennom av og til. Her er noen bildeglimt. Klikk på bilda for å få dei større.

17.mai 2013 i fønvind og over 22 grader

Fønvind og over 22 grader, hurrarop og veldig god stemning. Som alltid før; toget starta frå skulen og marsjerte til Sira kyrkje der nypresten stod klar med preken. Deretter retur til skulen der Eira U.L. stod for servering av middag, kaffe og kaker. Skulen arrangerte leik og aktiviteter for borna. Ja, det var også laga til ein natursti med mange interessanne og engasjerande spsørsmål.Ekstra honnør til Eresfjord Musikklag som stiller opp i folketoga både på Mittet, i Vistdal, Eresfjord, på Boggestranda og i Eikesdal !

Her er fleire bilder, klikk på det første og bla deg framover.

17.mai 2012 : Siste gong forbi Gammelskulen i Eresfjord ?

Kanskje er dette siste gong 17.mai-toget passerer Sira gamle skule (Gammelskulen) . Statens Vegvesen vil ha fjerna skulen på grunn av trafikkfarlege forhold. Fleire alternative løysingar for å ta vare på Gammelskulen i ei eller anna form har vore vurdert over lang tid. Men no ser det ut til at riving blir valgt.

Nok om det, 17. mai vart markert på tradisjonelt vis. Eresfjord Musikklag førte toget til og frå kyrkja. Deretter var det middag på Eresfjord Samfunnshus med påfølgjande kaffe og kaker. Is og brus, leikar for barna og ein 8 posters natursti som avslutning.Og mange flotte bunadskledde folk!

NB! Eresfjord Musikklag starta nasjonaldagen på Mittet i Rauma kommune. Deretter til Vistdal, så Eresfjord. Så ein tur ut til Boggestranda og avslutning i Eikesdal. Hurra !

17.mai 2012

17.mai i Eresfjord

Vanleg god opplutning om 17.mai i Eresfjord. Tog til Sira Kyrkje med Eresfjord Musikklag i spissen. Dei starta dagen med speling på Mittet i Rauma, vidare til Eresfjord, så Bugge, Vistdal og Eikesdal. Imponerande!

I Eresfjord er Samfunnshuset samlingsarenaen med middag, kaffe, leikar og natursti.

17.mai-programmet

Det blir 17.mai ....(2011) nesten som før !
Programmet blir slik:

  • 11.15 Oppstilling til tog Eresfjord skule
  • 11.30 Tog til Sira Kyrkje
  • 12.00 Gudsteneste i Sira Kyrkje .... tog attende til skulen etterpå.
  • 13.30 Middag på Eresfjord Samfunnshus .... og kaffe
  • 14.30 Leikar for små - og store
  • Natursti
  • 16.00 ca; Premiering natursti
  • Avslutning: Allsang: Gud signe vårt dyre fedreland

Altså ingen folkefest om kvelden denne gongen heller.

Vi må tilbake til 2008 siste gong det var.

Last ned programmet.

Last ned Gud signe vårt dyre fedreland.