Fiskekort i Eira i 2023?
Den 7 km lange elva Eira i Eresfjord har plass til mange sportsfiskarar. Salg av fiskekort foregår både på dagsbasis og for periodar over fleire dagar. Også inkludert full losji eller hytte du kan bu i.
Nesset jeger-og sportsfiskerlag tok fra 2020 over ansvaret for øvre del av elva, og salg av fiskekort, merking av høler og annet dugnadsarbeid i denne delen.
Live streaming av laksen i Eira... sjå her!
Nedre del av Eira
I denne delen av Eira er det 2 store laksvillaer som leiger ut elva, Siramoen og Engelskhuset.
Desse selger fulle gruppepakker, normalt a 3 dagar inkludert full losji, mat og kjentfolk/kleppere.
Info om Engelshuset finn du her.
Siramoen Fiskevilla på facebook her.
Om Eira:
Elva Eira ein del av Auravassdraget som starter oppe på Aursjøen (856 moh) og går vidare ned Aurstaupet og Aura i Eikesdal. Tilsammen 87 km langt. Etter det 22 km lange Eikesdalsvatnet renner Eira gjennom Eresfjord, 7 km. Vassdraget har mista vatn til kraftutbygging heile tre gonger. Men aktivt arbeid med smoltutsetting har bidratt til at Eira i Eresfjord framleis er kjent for sin store og flotte Eiralaks.
Engelske "Lakselordar" har besøkt elva sia 1863. Frå denne tida er det bygd opp to store "laksvillaer", Siramoen og Syltebø. Kulturen rundt desse er framleis i hevd og dei blir brukt som base for dagens laksefiske. Med klepparar og gaidar i elva.
Les meir om Aura og Eira og Krafthistoria i Eikesdal og Eresfjord.
I 2020 gav kommunen ut ei omfattande bok om alle dei 3 store kraftutbyggingane i dalføret. Boka heiter Krafthistorie Nesset og kan kjøpast hos lokale bokhandlere eller ved å kontakte 952 06 213
Fisketida i Eira er frå 1/6- 31/8. (Laks berre fram tom 20/8) Fredning midt på dagen frå kl.13 -18.