Klatrefjøsen

Etter at klatreveggen i Nessethallen i Eidsvåg vart tatt i bruk hausten 2017 er det ikkje lenger aktivitet i Klatrefjøsen. Sjå her..

2016: Integrering i klatrefjøsen

27.januar 2016: Det var stor iver og entusiasme da noen av våre nye innbggere fekk prøve seg i klatreveggen i sauefjøsen på Brandeinan i Eresfjord. Omlag 10-12 barn og noen mødre deltok.

Nissebesøk i "klatrefjøsen"

11/12-14: Stor begeistring og undring var det da sjølvaste julenissen kom på besøk i "klatrefjøsen" på Brandeinan i Eresfjord.
Dei mange barna som kvar torsdag boltrar seg i klatreveggen i denne sauefjøsen, fekk seg ei stor overrasking. Nissen delte ut mandariner til barna. Denne kvelden var det dessutan både julegløgg og kaffe.