Fjelltrimmen 2019-2020
Oppteljinga viser at det sesongen 2019-2020 var 2504 som har skreve seg inn i dei 12 trimpostbøkene.
Av desse var det 1222 besøk av bygdafolk. Ein liten nedgang frå året før då det var registrert 1497 bygdafolk.
Tala siste sesong viser ellers 998 besøk av vaksne og 224 besøk av barn.
I år var det Marianne Nauste som skora flest poeng med sine 96 enkeltbesøk og 785 poeng.
Bøkene viser at ho blant anna har vore 50 gonger på Naustesetra og 36 gonger på Hundneset. Hakk i hæl ligg Berit Torjuul med 83 besøk og 735 poeng. På tredjeplass Tone Kvamsås med 60 besøk og 620 poeng.
Blant barna var det Othelia Alexander med sine 200 peong og 21 besøk. Nelly Alexander med 155 peong og 17 besøk. Deretter Anna Krogset Nauste med 110 poeng og 13 besøk.
Det er framleis Hundneset som har flest registreringar med samla 566 besøk inkludert utabygdes folk. Nakkjin hadde 413 besøk.
Det var kun 8 vaksne som har besøkt alle 12 postane denne sesongen. Mens det var 11 barn som har besøkt minst 6 av dei 12 postane.
Her kan du sjå fullstendig liste over alle besøka for VAKSNE og for BARN