Eresfjord Classic 2018
Eresfjord Classic med 49 deltakere
Det var tilsammen 49 deltaker underEresfjord Classic laurdag 7.juli 2018. . Dette fordelt med 13 løpere, 4 på rulleski, 31 på sykkel og 1 på elsykkel.
Resultatliste for sykkel finner du her.
Resultatliste for løp og rulleski finner du her.
Først opp i år var sykkelisten Trond Are Thrana. Deretter kom Per Einar Strand og Lene Roti på 3.plass. Alle starta på Coop Eresfjord og tok turen opp stigninga til toppen av Vistdalsheia, på Fjellgarden som ligg 500 moh.
Eresfjord Classic er eit showritt der målet med konkurransen er å kome først opp. Kvar enkelt deltakar får eit handicap som gjer at dei får starte med eit forsprang på inntil 30 minutter før dei beste «proffsykkelistane» som blant andre Bjørn Tore Hoem.
Det var fint ver og stor stemning med mykje heiande publikum langs løypa. Av resultata ellers var det Sturle Starheim som hadde best tid blant løparane med tida 37.57.Jan Roger Hagen 38.27 og på tredjeplass Trym Kjøs med 43.58.
Av dei fire på rulleski var det Marius Vaagen 39,01 og Vilde Lange med 40.31 og på tredjeplass Kevin Bjerkeli Krohn med 42.38.
I tillegg til premiering av dei «beste» vanka det også trekning av eit 20-tall med gavepremiar.
Under premieutdelinga på Coop'n ga arrangøren Eresfjord Idrettslag gavesjekkar på kr 5000,- både til Kreftforeninga og til Foreninga for muskelsjuke. Ja vinnaren av løpsklassen Sturle Starheim donerte også pengepremien sin til Kreftforeninga.