Mardalsfossen
er Nordeuropas høgaste fossefall. Med eit fritt fall på 297 meter og totalt 655 meter.
Ligger i sørenden av Eikesdalsvatnet i Møre og Romsdal om lag 90 km frå Molde og 100 km frå Åndalsnes.
Mardalsfossen var bakgrunnen for Mardøla-aksjonen i 1970. Den første sivilile ulydnads-aksjonen mellom naturvernarar og kraftoptimistar. Protestane førte ikkje fram. Stortinget vedtok at fossen skulle byggast ut til kraftproduksjon og bli ein del av Grytten kraftverk i Rauma. Vatnet i fossen vart dermed overført til nabodalføret i Romsdalen.
Som eit lite plaster på såret renn det i dag vatn i Mardalsfossen mellom 20.juni og 20.august.
For å oppleve den mektige fossen kan du spasere turvegen opp. Tar om lag 45 minutter.
Det har år om anna vore halde konsertar under Mardalsfossen.
8.august 2020 var det konsert med ISAK og Ella Marie Hætta Isaksen i Mardalen, like under Mardalsfossen. Sjå bilder frå konserten.
Mardalskonserten 10.august 2019:
Jodlande humor i Mardalen
11/8-2018: Klangfullt under fossen
Brann i Blått består av Unni Boksasp (sang, citter), Gro Kjelleberg Solli (sang, lyre), Torgeir Leivdal (fele) og Øystein Sandbukt (gitar). Publikum vil få oppleve samspel, solospel og folkesang frå den rike folkemusikktradisjonen på Nordmøre, utført av nokre av landets fremste utøvarar på sine felt. Dalføret Eikesdal-Eresfjord og Mardalsfossen har ei spesiell historie med vasskratsutbygging, der Mardøla-aksjonen og demonstrasjonane i 1970 står sentralt. Ein genuin plass der ein kjem kjem tett på og er i naturen. Å arrangere gode konsertar her i set dette i eit spesielt perspektiv.
Billetter kan du kjøpe her.
Mardalskonserten 2017 - 11.aug. kl.19.00
Her er gjengen under Mardalskonserten 2017. Fjord og Fjell med Øystein Sandbukt t.v Peter Wergeni, Audun Skorgen og Jo Inge Nes.
5/9-16: Glimt av Norge
Sjå NRK sin serie kalla "Glimt av Norge" om Mardalsfossen, varer 9 minutter.
2016: Annbjørg Lien og Roger Tallroth
- magisk folkemusikk i plaskregn
7/8-15: Ola Kvernbergs Fossetrio under Mardalsfossen
Les meir om konserten i DRIVA og Romsdals Budstikke
Mardalskonserten 8.august 2014
med Henning Sommero og John Pål Inderberg
Mardalsfossen og "Another time" i Eikesdal
August 2015:
"Another time" eller mannen som skulpturen også vart kalla, vart 26.august-15 demontert og fjerna frå Mardalen. Det vart derfor berre ei kort epoke for denne unike skulpturen under Mardalsfossen.
Antony Gormleyer kunstnaren som har laga "mannen". Be Andre er kuratoren som står bak kunst-prosjektet oppunder Mardalsfossen i Eikesdal.
Alle foto: Bjørn Magne Øverås
Venter på snøsmelting og meir vatn i fossen
16/5-15: Antony Gormley sin skulptur, også på folkemunne kalla "mannen under fossen", venter på meir vatn. No er det berre vel ein månad til Mardalsfossen blir skrudd på. Mardalsfossen åpner 20 juni og rinn fram tom 20.august.
Namnet på kunstverket er Mardalsfossen Art Project og skulpturen heiter "Another time"
Gormley-skulpturen i vinterstemning
16.januar 2015 .... klikk på bilda.
Du kan lese meir om Antony Gormely og hans kunst her.
2014:
Antony Gormly sin skulptur "Another time" under Mardalsfossen har gjeve fossen enda større merksemd.
Her er kunstnaren sin eigen karakteristikk: ANOTHER TIME asks where the human being sits within the scheme of things. The work is designed to be placed within the flow of lived time. It is an attempt to bear witness to what it is like to be alive and alone in space and time, exposed to the elements. Opprinneleg skulle Gormely-skulpturen stå berre sommaren 2014. Men gode krefter har samarbeidd. Derfor blir "Another time" vereande i Mardalen også gjennom vinteren og ut sommaren 2015.
Det er laga ei bok i samband med kunstverket. Kan blant anna kjøpast her. 8.august i 2014 var det konsert med Henning Sommerro og John Pål Inderberg , rett under Mardalsfossen. Ei spektakulær oppleving for dei ca 220 personane som tok turen til Mardalen denne kvelden. Konserten var ein del av dei Eikesdalsdagane. Eikesdalsdagane er eit årleg arrangement i august.
August 2015 var det Ola Kvernbergs Fossetrio som spela og trollbandt nesten 300 frammøtte.
Her er noen bilder både Mardalsfossen.
Allle foto: Bjørn M. Øverås
Om krafthistoria i Eikesdal, både om Aura, Takrenna og Mardalsfossen kan du lese her